Ångström

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein ångström, angström, eller angstrom (symbol Å) er ei lengdeeining. Eininga er ikkje ei SI-eining, men vert delvis likevel brukt i samband med SI. Ein Å er ofte nytta for å forklare storleiken til eit atom, lengda til kjemiske bindingar og det det synlege optiske spekteret.

Definisjon[endre | endre wikiteksten]

1 ångström (Å) = 10–10 meter= 0,1 nm = 100 pm

Til samanlikning er gjennomsnittlege diameteren til eit atom rekna ut til å vere i området frå omtrent 0,5 Å for hydrogen, det minste atomet, til omtrent 3,8 Å for uran, eit av dei største naturlege grunnstoffa på jorda.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Eininga er oppkalla etter den svenske fysikaren Anders Jonas Ångström (1814–1874), ein av grunnleggarane for spektroskopi. I tillegg studerte Ångström varmeoverføring, jordmagnetisme og nordlys. Han laga spektrale kart over solstråling som viser lengda av elektromagnetisk stråling i det elektromagnetiske spekteret i multiple einingar av ein ti-milliontedel av ein millimeter, eller 10−10 meter. Denne lengdeeininga vart då kjent som ångström, Å.