Danmarksundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plassering
Norwegian Sea map no.png

Danmarksundet (bokmål Danmarkstredet, dansk Danmarksstrædet, islandsk Grænlandssund) er eit sund mellom Grønland i nordvest og Island i søraust. Den norske øya Jan Mayen ligg nordaust for sundet.

Sundet knyter Nordishavet til Atlanterhavet og er 480 km langt og 290 km breitt på det smalaste. Den kalde Austgrønlandstraumen går gjennom sundet og fører isfjell sørover i Nord-Atlanteren. Ein finn fleire viktig fiskebankar i sundet.

Under den andre verdskrigen fann slaget om Danmarksundet stad den 24. mai 1941. Det tyske slagskipet «Bismarck» søkte den britiske slagkryssaren HMS «Hood», som eksploderte og tok livet av mange, og alvorleg skada slagskipet HMS «Prince of Wales». «Bismarck» kom seg ut i Atlanterhavet via sundet, men skadar som vart påført under slaget gjorde at det ikkje kunne utføre oppgåva med å øydelegge britiske konvoiar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 67°46′N 23°48′W