David Bennett Cohen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Bennett Cohen

Cohen på Summer of Love i Lafayette i California i 2017
Fødd4. august 1942 (81 år)
FødestadBrooklyn i New York i USA
FødenamnDavid Bennett Cohen
OpphavUSA
AktivSidan kring 1959
Sjanger
Instrument
Tilknytte artistar
Verka somMusikar

David Bennett Cohen (fødd 4. august 1942)[1] er ein amerikansk musikar mest kjend som den originale klaverspelaren og ein av gitaristane i det psykedeliske rockebandet Country Joe and the Fish, der han var medlem frå desember 1965 til januar 1969 og spelte på dei to første albuma deira , Electric Music for the Mind and Body and I-Feel-Like-I'm-Fixin'-to-Die, og fleire spor på det tredje albumet, Together.

Etter Country Joe and the Fish flytta Cohen til England før han vendte attende til USA og vart med i The Blues Project i New York i 1971, og turnerte med dei fram til midten av 1972.[2] Han har òg spelt med mange andre musikarar, som Janis Joplin, Luther Tucker, Mick Taylor, Tim Hardin, Jimi Hendrix,[3] Johnny Winter, Huey Lewis, Michael Bloomfield og Bob Weir.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Scott R. Benarde (2003). Stars of David: Rock'n'roll's Jewish Stories. UPNE. s. 123. ISBN 978-1-58465-303-5. Henta 21. august 2013. 
  2. Bruno Ceriotti, Rock Prosopography 102, 4. januar 2011. Henta 30. august 2013
  3. thodoris (11. april 2012). «Interview:David Bennett Cohen (Country Joe & The Fish,Johnny Winter) – Hit Channel». hit-channel.com. Henta 18. juni 2016.