Salamína

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Salamína
Lokalt namn: Σαλαμίνα
Utsyn over Salamína
Utsyn over Salamína
Geografi
2011 Dimos Salaminos.png
Stad Saroniabukta i Egearhavet
Koordinatar 37°58′N 22°30′EKoordinatar: 37°58′N 22°30′E
Øygruppe Dei saroniske øyane
Areal 96,09 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Øyane
Største busetnad Salamína (25 370 innb.)
Demografi
Folketal 39 283 (2011)
Folketettleik 408,5 /km²

Salamína (gresk Σαλαμίνα, i antikken Σαλαμίς, Salamís) er den største av Dei saroniske øyane i Saroniabukta i Hellas, om lag 2 km utanfor Pireus. Øya er ein kommune i periferieininga Øyane i periferien Attikí.

Paloúkia er den største hamna, den nest største i Hellas etter Pireus. Namnet Salamis kjem sannsynlegvis frå Salam (chalam), som tyder fred eller ro og som vart nemnd av Homer. Ho kan òg ha vore kalla opp etter mor til Kykreos. Kykreos var den første kongen på øya.

Salamína er kjend for slaget ved Salamis, og skal i følgje gresk mytologi vere fødestaden til Ajax og Euripides, som visstnok vart fødd same dag som slaget ved Salamis. I moderne tider har ho vore hovudkvarter for den greske marinen. Hamna vart bomba av tyske Luftwaffe i 1941, som sokk dei greske slagskipa «Kilkis» og «Lemnos».

Folketalet auka etter den andre verdskrigen og den greske borgarkrigen, men forstadshus kom først seinare i 1970-åra. Det urbane området voks på 1980- og 1990-talet til dei sentrale og vestlege delane av øya, medan det vart bygd luksusheimar i nord, i vest og i sør.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Heile øya er i dag ein kommune etter at ein i 2011 slo saman dei tidlegare kommunane

Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.

Den tidlegare kommunen Salamína, no kommunaleininga Salamína

Landsbyar og byar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Dei saroniske øyane

Salamína • Psyttália • Éjina • Agístri • Póros • Ýdra • Dokós • Spétses • Spetsopoúla