Den Helder
| Den Helder | |||||
|---|---|---|---|---|---|
|
|||||
| Plassering | |||||
| Styresmakter | |||||
| Land Provinsar |
Noord-Holland |
||||
| Borgarmeister | Stefan Hulman | ||||
| Geografi | |||||
| Flatevidd - By - Land - Vatn |
178,83 km² 45,43 km² 133,40 km² |
||||
| Innbyggjarar[1] - Totalt (2007) - folketettleik |
57 887 1 274/km² |
||||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||||
| Diverse annan informasjon | |||||
| Nettstad: www.denhelder.nl | |||||
Den Helder er ein kommune og by i Nederland i provinsen Noord-Holland med om lag 60 000 innbyggjarar. Den Helder ligg heilt nord på halvøya Noord-Holland og her ligg den største marinebasen i landet.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Huisduinen var den opphavlege, eldre delen av byen, medan Helder i seg sjølv var ei lita grend i nærleiken. På grunn av den strategiske plasseringa heilt på enden av halvøya Noord-Holland, vart det bygd mange festningsverk i området. Området vart kalla Helledore («Helvetesdøra», og seinare Den Helsdeur) på grunn av dei «djevelske» festningsverka som hindra fiendtlege skip å segle inn i Zuidersee.
Den Helder har spelt ei viktig rolle i nederlandsk skipsfart. Under den nederlandske gullalderen vart skip samla nær Den Helder og frå her sette ein ut på verdshava. I 1820-åra vart Noordhollandsch Kanaal grave frå Amsterdam til Den Helder. Fyret Lange Jaap vart bygd i 1877 og er det høgaste støypejernstårnet i Europa med ei høgd på 63,45 meter.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Den Helder» frå Wikipedia på engelsk, den 21. februar 2008.