Haarlemmermeer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Haarlemmermeer
Pumpestasjonen De Lynden
Pumpestasjonen De Lynden
Flagget til Haarlemmermeer Byvåpenet til Haarlemmermeer
Flagget til Haarlemmermeer Byvåpenet til Haarlemmermeer


Plassering
Plassering av  Haarlemmermeer
Styresmakter
Land
Provinsar
Flag of the Netherlands.svg Nederland
Noord-Holland
Grunnlagd 16. juli 1855
Borgarmeister Theo Weterings
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

185,28 km²
  179,76 km²
  5,52 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

140 314
  781/km²
Koordinatar 52°19′″N 4°41′″EKoordinatar: 52°19′″N 4°41′″E
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.haarlemmermeer.nl


Haarlemmermeer er ein kommune og by i Nederland i provinsen Noord-Holland. Han er ein polder som består av tørrlagt land ved hjelp av dike og kanalar. Området som polderen utgjer var tidlegare innsjøen kalla Haarlemmermeer, som tyder «Haarlemsjøen». Området vart tørrlagt på 1800-talet.

Den største byen i kommunen Hoofddorp. Han er ein av dei største byane i Nederland (70 030 innbyggjarar) som ikkje er ein eigen kommune. Denne byen, i lag med Nieuw Vennep og Badhoevedorp, er ein del av storbyområdet Randstad.

History[endre | endre wikiteksten]

Haarlemmermeer skal visstnok ha vore ei gammal grein av Rhinen, som rann gjennom området i romartida. I 1531 hadde innsjøen eit areal på 26 km² og i nærleiken låg tre mindre innsjøar, Leidsche Meer, Spiering Meer og Oude Meer.

Historisk kart over Haarlemmermeer før han vart drenert.

Dei fire innsjøane vart slått saman til ein etter fleire store flaumar. Fleire landsbyar forsvann i prosessen og ein av desse var Vennep, som den moderne byen Nieuw Vennep er kalla opp etter. I 1647 hadde Haarlemmermeer eit areal på 150 km² og hundre år seinare hadde han vokse til 170 km². Prosessen ved at innsjøar veks over tid vert på nederlandsk kalla «waterwolf».

I 1643 vart det gjort framlegg om å byggje dike og drenere innsjøen, men det var først då ein kraftig storm i november 1836 førte til flaum i Amsterdam, og seinare same år i Leiden på andre sida av innsjøen, at ein for alvor sette til verks planane.

Det vart bygd ein 61 km lang kanal rundt innsjøen og jorda som vart grave ut vart nytta til å byggje eit dike. Tidlegare vart det nytta vindmøller til å pumpe ut vatn frå innsjøar, men ein var no kome så langt at ein kunne nytta maskindrivne pumper i stadenfnor. Tre dampmaskinar vart bygd rundt innsjøen og pumpinga starta i 1848. 1. juli 1852 var innsjøen tørrlagt etter at om lag ein milliard tonn vatn var vorte pumpa ut.

Det nye området vart statseigd og kommunen Haarlemmermeer vart så oppretta og innlemma i provinsen Noord-Holland den 16. juli 1855. Den første kyrkja vart bygd same året og i 1877 var der sju. I 1860 hadde kommunen 7237 innbyggjarar og i 1900 hadde han 16 621.

I 1917 vart det bygd ein militær flyplass nær den gamle festninga Schiphol. I dag er denne ein stor sivil flyplass, som utgjer 15 % av flatevidda til Haarlemmermeer. I 1926 tok Amsterdam over styret av Schiphol.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]