Den austantarktiske innlandsisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den austantarktiske innlandsisen til høgre.

Den austantarktiske iskappa, innlandsisen eller iskalotten er ein av to store innlandsisar i Antarktis og den største på heile planeten. Innlandsisen ligg mellom 45 °V og 168 °E og er langt større i areal og masse enn Den vestantarktiske innlandsisen. Dei transantarktiske fjella skil dei to innlandsisane. Den austantarktiske innlandsisen kviler på ein stor landmasse, i motsetnad til Den vestantarktiske innlandsisen, som hovudsakleg ligg på berggrunn under havnivå.[1] Den austantarktiske innlandsisen består av den tjukkaste isen i Antarktis og er på det tjukkaste 4 800 meter tjukk. Meir kjend er innlandsisen for at Sørpolen ligg her.

Det er 29 kjende fjell i Aust-Antarktis som når ei høgd på over 2000 meter over havet.

Endringar i ismasse[endre | endre wikiteksten]

Det noverande internasjonale fokuset på global oppvarming har gjort at smeltinga av dei polare innlandsisane har fått mykje merksemd. Ein studie basert på gravitasjonsendringar i Den austantarktiske innlandsisen indikerer at isen mistar masse med ein rate på 57 milliardar tonn is per år[2] og at den samle antarktiske innlandsisen (inkludert Den vestantarktiske innlandsisen og kystområda) mistar masse med ein rate på 152 kubikkilometer (ca. 139 milliardar tonn) per år.[3]

Temperaturendringar[endre | endre wikiteksten]

Avkjøling i Aust-Antarktis i 1980-åra og 1990-åra har delvis oppheva oppvarminga av innlandsisen i Vest-Antarktis, som har blitt meir enn 0,1 °C/tiår dei siste 50 åra. Den samla temperaturendringa for heile Antarktis er òg positiv med meir enn 0,05 °C/tiår sidan 1957.[4]

Territorialkrav[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Antarktiske territorialkrav.

Mange land har gjort krav på delar av Antarktis. Innanfor Den austantarktiske innlandsisen har Storbritannia, Frankrike, Noreg, Australia, Chile og Argentina alle sine kravområda (stundom overlappande).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ice Sheets in Antarctica British Antarctic Survey
  2. doi:10.1038/ngeo694 10.1038/ngeo694
    This citation will be automatically completed in the next few minutes. You can jump the queue or expand by hand
  3. Velicogna, Isabella; Wahr, John; Scott, Jim (2006-03-02). «Antarktis ice sheet losing mass, says Universitetet i Colorado study». EurekAlert.org. Universitetet i Colorado at Boulder. http://www.eurekalert.org/pub_releases/2006-03/uoca-ais022806.php. Henta 22 oktober 2011. 
  4. doi:10.1038/nature07669 10.1038/nature07669
    This citation will be automatically completed in the next few minutes. You can jump the queue or expand by hand