Den jødiske autonome oblasten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jevrejskaja avtonomnaja oblast
Yidisher Oytonome Gegnt  
Den jødiske autonome oblasten sitt flagg
Den jødiske autonome oblasten sitt våpen
Flagg Våpen
Den jødiske autonome oblasten på kartet over Russland
Hovudstad Birobidzjan
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 62.

36 300 km²
Ukjent

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 80.

ca. 176 600[1] (2010)
ca. 4,9/km²

Føderalt distrikt Fjerne Austen
Økonomisk region Fjerne Austen
Regionsnummer 79
Offisielt språk Russisk, jiddisch
Guvernørt Aleksandr Aronovitsj Vinnikov
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +1000

Den jødiske autonome oblasten, russisk Еврейская автономная область, jiddisch ייִדישער אױטאָנאָמע געגנט, er ein autonom provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Han er det einaste av føderasjonssubjekta som brukar nemninga «autonom oblast» (avtonomnaja oblast). Hovudstaden er Birobidzjan. Arealet er 36 300 km² og innbyggjartalet er 176 600 (2010).

Provinsen ligg langt aust i Sibir, og grensar i sør til Kina ved elva Amur.

Ved folketeljinga i 2010 utgjorde jødar berre 0,9 % av innbyggjarane - 1628 menneske. 90,7 % var russarar og 2,8 % ukrainarar. Folketalet er fallande, endå meir enn i resten av Russland. I 1989 budde her 214 085 menneske, noko som tyder at folketalet gjekk ned med 11,9 % frå 1989 til 2005. Delen jødar minkar endå meir - i 1989 registrerte 8887 menneske seg som jødiske.

Frå torget i Birobidzjan

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første russiske oppdagarane kom til dette området rundt midten av 1600-talet. Russarane i dette området kom etter kvart i konflikt med kinesiske interesser, og i 1689 forlet russarane området rundt Amur under Nertsjin-avtalen. På midten av 1800-talet kom dei attende. Det relative styrkeforholdet mellom Russland og Kina var no endra, og i 1858 vart grensa med Kina regulert på nytt. Frå 1898 starta arbeid med å byggja jernbanesamband mellom Tsjita og Vladivostok. Denne jernbanen, som i 1916 vart del av den fullførte transsibirske jernbanen gjekk gjennom området. Busetjinga i Birobidzjan vart grunnlagd i 1915 ved jernbanelinja. Det var likevel lite økonomisk utvikling og folkesetnad i området på denne tida.

I 1928 vart eit Jødisk nasjonalt distrikt oppretta her. Dette skjedde som resultat av Josef Stalin sin nasjonalitetspolitikk. Jødane skulle få eit eige landområde der dei kunne utvikla kulturen sin i sosialistisk lei. Grunnlegginga av distriktet var tildels eit mottrekk mot sionismen - idéen om jødisk emigrasjon til eit heimland i Palestina/Israel. Jiddisch vart offisielt språk i provinsen, ikkje hebraisk. Under store propagandakampanjar flytta ein del jødar til det tidlegare nesten folketomme området på 1920- og 30-talet. 7. mai 1934 vart området ein autonom oblast. Men ikkje lenger etterpå endra Stalin si haldning til prosjektet seg. Kampanjane for masseinnvandring tok slutt, og mange jødiske leiarar vart arresterte og avretta, som del av dei enorme utreinskingane som Stalin sette i gang i heile Sovjetunionen. Etter den andre verdskrigen verserte det, i fylgje mange historikarar, planar om å tvangsdeportera jødar til den jødiske autonome oblasten, ettersom Stalin sin politikk vart meir anti-semittisk. Men Stalin sin død i 1953 sette ein stopp for eventuelle slike planar. På denne tida utgjorde jødane om lag ein tredel av folket i den jødiske autonome oblasten. Dei har aldri utgjort ein større del. Ved folketeljinga i 1989 var delen 4,2 %, i 2002 berre 1,2 %. Lokalavisa Birobidzjaner Sjtern, opphavleg ei jiddisch-språkleg avis, kjem no ut på russisk og jiddisch.

Fram til oppløysinga av Sovjetunionen var provinsen administrativt underlagt Khabarovsk kraj, men i 1991 vart han eit eige føderasjonssubjekt.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den jødiske autonome oblasten