Den kongelege kunngjeringa i 1763

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein del av det austlege Nord-Amerika. «Kunngjeringslinja» frå 1763 er grensa mellom dei raude og dei rosa områda.

Den kongelege kunngjeringa i 1763 vart kunngjort 7. oktober 1763 av Kong George III etter at Storbritannia hadde fått til seg dei franske områda i Nord-Amerika etter sjuårskrigen/den franske og indianske krigen. Føremålet med kunngjeringa var å organisere dei nye britiske områda i Nord-Amerika og stabilisere forholdet til dei innfødde indianarane gjennom reguleringar i pelshandel, busetnad og landkjøp langs den vestlege grensa. Kunngjeringa er framleis viktig for First Nations i Canada.

Eit av dei største problema for Det britiske imperiet i 1763 var å oppretthalde freden med dei nordamerikanske indianarane som levde i dei tidlegare franske områda som britane no hadde fått tak i. Indianarane hadde hatt eit godt forhold til franskmennene og vart sjokkerte då dei fann ut at dei no var underlagt britane. Pontiac-opprøret (1763–1766) var eit mislukka forsøk på å hindre Storbritannia i å okkupere dei tidlegare franske landområda som indianarane nytta.

Kunngjeringa skapte ei grenselinje mellom dei britiske koloniane på kysten i aust og dei indianske landområda (kalla Indianarreservat) vest for Appalachane. Linja var berre meint som ei mellombels grense mellom dei kvite og indianarane. Kunngjeringa forbaud private oppkjøp av landområda til indianarane, som ofte hadde skapt problem tidlegare, og i staden skulle alle landområda kjøpast av staten. Dei britiske kolonistane hadde heller ikkje lov å slå seg ned på andre sida av denne grensa. Mange av kolonistane og landspekulantane protesterte kraftig mot kunngjeringa, sidan det alt var mange busetnader på andre sida av linja og mange landområde stod klare til å byggjast på. Kolonistane slo seg saman med spekulantane og prøvde å få styresmaktene til å flytte grensa lenger vest. Som følgje av dette vart grensa justert i ei rekkje avtalar med indianarane. Mellom anna vart mykje av det som i dag er Vest-Virginia og Kentucky lagt opne for britiske nybyggjarar på denne måten.

Somme har hevda at kunngjeringa medverka til skiljet som oppstod mellom kolonistane og moderlandet og som enda med den amerikanske revolusjonen. Andre igjen hevdar at justeringane som følgde gjorde at kunngjeringa ikkje hadde så mykje å seie for revolusjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Den kongelege kunngjeringa i 1763 ved Wikisource.