Den franske og indianske krigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den franske og indianske krigen
Del av sjuårskrigen
French and Indian War map.png
Kart over dei nordvestlege områda der den franske og indianske krigen pågjekk
Dato 1754–1763
Stad Nord-Amerika
Resultat Paristraktaten
Endringar i landområde Ny-Frankrike aust for Mississippielva avstått til Storbritannia, bortsett frå Saint Pierre et Miquelon; Louisiana avstått til Spania; Spansk Florida avstått til Storbritannia
Partar
Flagget til Frankrike Frankrike
Pavillon LouisXIV.svg Ny-Frankrike

Innfødde allierte:

Flagget til SpaniaDet spanske riket

Det britiske flagget Storbritannia
British-Red-Ensign-1707.svg Britisk Amerika

Innfødde allierte:

Kommandantar
Marquis de Vaudreuil
Baron Dieskau #
Louis-Joseph de Montcalm 
Chevalier de Lévis #
Edward Braddock 
William Shirley
Lord Loudoun
James Abercrombie
Jeffrey Amherst
Edward Boscawen
Styrkar
10 000 regulære troppar (troupes de la terre' og troupes de la marine, den største styrken i 1757)[1]
7 900 militssoldatar
2 200 innfødde (1759)
42 000 regulære og militstroppar (største styrke, 1758)[2]
Tap
Minst 5 700 drepne, skadde eller fanga Minst 11 100 drepne, skadde eller fanga
Kart som viser områda av Frankrike 1534 til 1763.

Den franske og indianske krigen, òg kalla Erobringskrigen (fransk Guerre de la Conquête) eller omtalt som ein del av den større konflikten Sjuårskrigen, vart utkjempa i Nord-Amerika mellom 1754 og 1763. Namnet «Den franske og indianske krigen» syner til dei to hovudfiendane til Storbritannia: dei kongelege franske styrkane og forskjellige indianarstammer i Nord-Amerika. Konflikten var den fjerde kolonikrigen mellom Frankrike og Storbritannia og medførte at Storbritannia erobra Canada. Resultatet av krigen var eit av dei viktigaste i løpet av ein hundreårsperiode med krig mellom dei to landa. Frankrike og Spania var allierte i krigen, og for å kompensere tapet til Spania av Spansk Florida til britane, gav Frankrike Louisiana vest for Mississippielva til Spania. Frankrike sine koloniar nord for Karibia vart redusert til småøyane i Saint Pierre og Miquelon og stadfesta Storbritannia som den dominerande kolonimakta i Nord-Amerika.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Krigen går under fleire namn. I Britisk Amerika vart krigen ofte kalla etter den sitjande britiske monarken, som Kong Vilhelm-krigen eller Dronning Anne-krigen. Sidan det alt hadde vore ein Kong Georg-krig i 1740-åra, kalla dei britiske kolonistane den andre krigen i tida til kong Georg II opp etter motstandarane, og slik vart han kjend som den franske og indianske krigen.[3] Dette tradisjonelle namnet vert framleis nytta i USA, men gøymer at dei amerikanske indianarane kjempa på begge sider i konflikten.[4] Ofte vert krigen berre rekna som ein del av sjuårskrigen og omtalt slik. Andre namn som ikkje vert like mykje nytta er den fjerde interkoloniale krigen og den store krigen for riket.[3]

I Europa har vanlegvis ikkje den nordamerikanske delen av sjuårskrigen eit eige namn, så han vert rekna som berre ein del av den større sjuårskrigen. Namnet sjuårskrigen syner til hendingane som skjedde i Europa frå krigen vart offisielt erklært i 1756 til fredsavtalen vart signert i 1763. Krigen i Nord-Amerika varte berre seks år, frå slaget ved Jumonville Glen i 1754 til Montreal vart erobra i 1760.[3]

I Canada nyttar både fransk- og engelsktalande «sjuårskrigen» om konflikten i Nord-Amerika (Guerre de Sept Ans)[5][6]. Franske kanadiarar kan òg nytte namnet erobringskrigen (Guerre de la Conquête), sidan det var i denne krigen Ny-Frankrike vart erobra av britane og vart ein del av Det britiske imperiet. Krigen vart òg ein del av «dei gløymde krigane» i Amerika.

Nord-Amerika i 1750-åra[endre | endre wikiteksten]

Både Frankrike og Storbritannia gjorde krav på områda aust for Mississippielva i Nord-Amerika, men store område, særleg mellom Mississippielva og Appalachane, gjorde òg indianarstammer krav på. Franskmennene hadde dei største koloniane ved St. Lawrence-elva, samt i Acadia (dagens New Brunswick), Île Royale (dagens Cape Breton Island) og New Orleans, som var sete for den franske provinsen Louisiana. Louisiana gjorde krav på de meste av nedslagsfeltet til Mississippielva, inkludert Ohioelva. Franskmennene hadde eit nettverk av pelshandlarar som strekte seg langt inn i desse områda, men dei gjorde ikkje krav på landområda som indianarstammene der hadde.

Dei britiske koloniane strekte seg langs austkysten av kontinentet, frå Georgia i sør til Nova Scotia og Newfoundland i nord. Mange av dei eldre koloniane gjorde krav på landområde vestover på kontinentet, sidan ein ikkje visste kor langt vest kontinentet strekte seg då koloniane vart oppretta. Flest kolonistar var det langs kysten, men innbyggjartalet auka òg innover i landet, og etter kvart strekte koloniane seg over Appalachane. Nova Scotia, som vart erobra frå franskmennene i Dronning Anne-krigen i 1713, hadde framleis hovudsakleg fransktalande innbyggjarar, hovudsakleg ved Fundybukta og Northumberlandsundet. Storbritannia gjorde òg krav på Rupert's Land, der busetjingane Hudson's Bay Company vart oppretta for å gjere handel med dei innfødde i området.

Irokesarar handlar med europearar (1722)

I mellom franskmennene og britane hadde indianarstammene store landområde. I nord hadde Mi'kmaq og Abenaki framleis store område i Nova Scotia, Acadia og dei austlege områda av provinsen Canada og dagens Maine. Irokesarkonføderasjonen dominerte mykje av dagens nordlege område av New York og Ohio Country, sjølv om det i sistnemnde òg fanst delaware- og shawneefolk. Lenger sør var dei indre områda dominert av catawbafolk, creek, choctawar og cherokeear. Då krigen braut ut nytta franskmennene handelssambanda sine for å rekruttere stammer i dei vestlege områda nær Dei store sjøane (eit område som ikkje va direkte ein del av konflikten), inkludert huronar, mississauga-, ojibwa-, winnebago- og potawatomifolk. Britane fekk støtte frå Cherokee fram til usemje mellom dei førte til Anglo-Cherokee-krigen i 1758, samt av irokesarane. I 1758 klarte styret i Pennsylvania å forhandle fram Easton-traktaten, der fleire stammer i Ohio Country lovde å halde seg nøytrale i byte mot landområde og andre omsyn. Dei fleste av dei nordlege stammene tok franskmennene si side, som var den største handelspartnaren deira og som gav dei våpen. Creekfolk og cherokeear var innblanda i diplomatiske forhandlingar med både franskmennene og engelskmennene for anten støtte eller nøytralitet i konflikten. Det var ikkje uvanlege av enkeltpersonar eller små grupper deltok på «den andre sida» i konflikten av det som vart forhandla fram i avtalar.

Spania sitt nærvære aust i Nord-Amerika var avgrensa til provinsen Florida. Dei kontrollerte òg Cuba og andre område i Vest-India som vart militære mål i sjuårskrigen. Innbyggjartalet i Florida var relativt lite og var dominert av busetjingar i St. Augustine og Pensacola.

Ved starten av krigen hadde verken britane eller franskmennene ein ståande hær i Nord-Amerika. Ny-Frankrike vart forsvart av om lag 3000 troupes de la marine, kolonitroppar (somme hadde ein del erfaring med krigføring i skogområda), samt at dei nytta seg av militsstøtte når det var behov for det. Dei britiske koloniane nytta seg av militsstøtte for å ta hand om trugselen frå dei innfødde ved behov, men hadde heller ikkje ein ståande hær. Dei forskjellige kolonistyra var òg vande med å styre uavhengig av kvarandre og regjeringa i London. Dette gjorde forhandlingane med dei innfødde vanskelegare sidan fleire koloniar gjorde krav på dei same landområda.

Hendingar som førte fram til krigen[endre | endre wikiteksten]

Céloron-ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

I juni 1747 gav Roland-Michel Barrin de La Galissonière, generalguvernøren i Ny-Frankrike, Pierre-Joseph Céloron ordre om å føre ein ekspedisjon til Ohio Country for å fjerne britane frå området. Céloron skulle òg sørgje for at indianarane i området støtta Frankrike.

Céloron-ekspedisjonen bestod av 213 soldatar frå Troupes de la marine (franske marinesoldatar), som vart transportert i 23 kanoar. Ekspedisjonen forlét Lachine den 15. juni 1749 og reiste forbi Ontariosjøen og Eriesjøen. Nær dagens Pittsburgh gravla Céloron blyplater der det franske kravet om Ohio Country var inngravert. Når Céloron møtte britiske handelsmenn eller pelsjegerar informerte han dei om det franske kravet og bad dei forlate området.

Då Céloron-ekspedisjonen nådde Logstown informerte indianarane i området han om at dei eigde Ohio Country og at dei ville halde fram handelen med britane, uansett kva franskmennene bad dei gjere.[7] Céloron heldt fram sørover til samløpet mellom Ohioelva og Miamielva, som låg like sør for landsbyen Pickawillany. Høvdingen for miamifolket vart informert om at det ville få store konsekvensar om dei heldt fram å handle med britane. Høvdingen ignorerte åtvaringa. Céloron og ekspedisjonen hans reiste ikkje vidare og returnerte til Montreal i november 1749.

I rapporten sin skreiv Céloron at indianarane i området hadde via seg til engelskmennene og at han tvilte på at dei kunne få dei til å skifte side.[7] Reaksjonane i både London og Paris anbefalte at noko måtte gjerast.

Forhandlingar[endre | endre wikiteksten]

Den austerrikske arvefølgjekrigen (der den nordamerikanske krigsskodeplassen òg vart kalla Kong George-krigen) enda formelt i 1748 med signeringa av Aix-la-Chapelle-traktaten. Traktaten fokuserte hovudsakleg på å løyse problem i Europa og forhandlingar om landområde mellom dei britiske og franske koloniane i Nord-Amerika vart overlaten til ein kommisjon. Britane utpeikte guvernør William Shirley og jarlen av Albemarle, guvernøren i provinsen Virginia til kommisjonen. Albemarle var òg ambassadør i Frankrike. kong Ludvig XV utpeikte Galissonière og andre til kommisjonen. Kommisjonen møttest i Paris sommaren 1750, men ein fekk ikkje i stand noko avtale. Begge partar gjorde krav på grensa mellom Nova Scotia og Acadia i nord til Ohio Country i sør. Striden omfatta òg område i Atlanterhavet og begge partar ønskte dei rike fiskeområda på Grand Banks.

Åtaket på Pickawillany[endre | endre wikiteksten]

17. mars 1752 døydde generalguvernøren i Ny-Frankrike, Marquis de la Jonquière og vart for ei stund erstatta av Charles le Moyne de Longueuil. 1. juli 1752 tok Ange Duquesne de Menneville over posten. Longueuil sendte ut ein ekspedisjon til Ohioelva kommandert av Charles Michel de Langlade. Langlade fekk med seg 300 mann som bestod av ottawafolk og fransk-kanadiarar. Målet var å straffe miami-stamma i Pickawillany for ikkje å følgje ordrane til Céloron om å stoppe handelen med britane. Den 21. juni gjekk franskmennene til åtak på Pickawillany og drap fjorten folk frå miami-stamma, inkludert høvdingen.

Marin-ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

Våren 1754 fekk Paul Marin de la Malgue 2000 mann frå Troupes de la Marine og indianarar og fekk ordre om å verne dei franske områda i Ohiodalen frå britane. Marin følgde den same ruta som Céloron hadde tatt fire år tidlegare, men der Céloron berre hadde gravlagd blyplater for synleggjere det franske kravet, bygde Marin fort. Det første fortet var Fort Presque Isle (nær dagens Erie i Pennsylvania) ved den sørlege breidda til Eriesjøen. Han bygde så veg til kjelda til LeBoeuf Creek. Marin bygde eit anna fort ved Fort Le Boeuf (dagens Waterford i Pennsylvania) for å halde vakt over kjelda til LeBoeuf Creek. Vidare sørover dreiv han bort eller tok til fange britiske handelsmenn noko som uroa britane og irokesarane.

Irokesarane sendte bod til William Johnson i New York. Johnson vart kalla «Warraghiggey» av irokesarane, som tyder 'Han som gjer store saker'. Johnson hadde vorte eit respektert medlem av Irokesarkonføderasjonen i området. Dei møttest ved Albany i New York med guvernør Clinton og funksjonærar frå andre amerikanske koloniar. Hendrick insisterte på at britane måtte trå til og blokkere franskmennene frå å trenge seg lenger sørover, men fekk ikkje støtte hos Clinton. Hendrick meinte då at «Covenant Chain», ein langvarig avtale mellom Irokesarkonføderasjonen og dei britiske styresmaktene, var broten.

Reaksjonen til Dinwiddie[endre | endre wikiteksten]

Robert Dinwiddie, britisk guvernørløytnant i Virginia

Guvernør Robert Dinwiddie i Virginia fann seg sjølv i ei knipe. Mange handelsmenn hadde investert kraftig i pelshandelen i Ohio Country. Om franskmennene verkeleggjorde kravet sitt på Ohio Country og dreiv bort britane, så ville handelsmennene i Virginia tape store pengesummar.

Som svar på at dei franske militære hadde trengt inn i Ohio, gav Dinwiddie i oktober 1754 ordre til major George Washington i militsen i Virginia om å levere ei melding til franskmennene og be dei forlate Virginia. Washington og tolken Jacob Van Braam reiste mot Fort Le Boeuf den 31. oktober.

{{{1}}}]]}}, 1753 or 1754.

12. desember nådde Washington og mennene hans Fort Le Boeuf. Jacques Legardeur de Saint-Pierre, som erstatta Marin som kommandant over dei franske styrkane, inviterte Washington til middag. I løpet av middagen gav Washington brevet frå Dinwiddie til Saint-Pierre der det vart gjort krav om at franskmennene raskt fjerna seg frå Ohio Country. Saint-Pierre var roleg og svarte at han ikkje hadde tenkt å oppfylle kravet. with the letter from Dinwiddie that demanded an immediate French withdrawal from the Ohio Country.[8] Han forklarte for Washington at franskmennene hadde førsteretten til området fordi René-Robert Cavelier, Sieur de La Salle hadde utforska Ohio Country nesten hundre år tidlegare.[9]

Washington og mennene hans forlet Fort Le Boeuf tidleg den 16. desember og nådde Williamsburg 16. januar 1754. I rapporten sin skreiv Washington at franskmennene var på veg sørover og starte å byggje forsvarsverk i området, samt planane deira om å byggje forsvarsverk der elvane Allegheny og Monongahela møtte kvarandre

Krig[endre | endre wikiteksten]

Det tidlegaste portrettet av George Washington ein kjenner til. Portrettet vart måla etter krigen, i 1772.

Sjølv før Washington kom tilbake, sendte Dinwiddie 50 mann under William Trent til denne staden, og i februar 1754 bygde dei eit lite fort befesta med palisadar. Guvernør Duquesne kalla Legardeur tilbake, men sendte 600 troppar under Claude-Pierre Pecaudy de Contrecoeur til området. Contrecoeur nådde staden i midten av april og let Trent og mennene hans få trekke seg tilbake, før dei starta å byggje Fort Duquesne.

Etter Washington kom til Williamsburg med rapporten sin, gav Dinwiddie han ordre om å ta ein større styrke for å støtte Trent. Under vegs fekk Washington vite om tilbaketrekkinga til Trent. Sidan Tanaghrisson hadde lovd han støtte, heldt han fram mot Fort Duquesne og møtte Mingo-leiaren. Han fekk vite om ein fransk rekogniseringstropp i området og tok nokre av mennene sine og overrumpla franskmennene den 28. mai. Mange av franskmennene vart massakrert, mellom anna kommandanten Joseph Coulon de Jumonville.[10]

Etter massakren trekte Washington seg tilbake fleire kilometer og oppretta Fort Necessity, som franskmennene så gjekk åtak på den 3. juli. Washington overgav seg og fekk trekke seg tilbake med mennene sine.[11]

Då nyhendene om dei to slaga nådde England i august, valde hertugen av Newcastle, etter fleire månader med forhandlingar, å sende ein hær for å fjerne franskmennene året etter.[12] Generalmajor Edward Braddock vart vald til å leie ekspedisjonen.[13] Planane til det britiske militære slapp ut til franskmennene som lenge før Braddock reiste mot Nord-Amerika sende ein enno større tropp til Canada i 1755.[14] Britane hadde som mål å blokkere dei franske hamnene og sendte ut flåten sin i februar 1755, men den franske flåten var då alt på veg. Admiral Edward Hawke sendte ein rask skvadron avgarde til Nord-Amerika i eit forsøk på å skjere av franskmennene. Admiral Edward Boscawen skaut mot det franske skipet «Alcide» den 9. juni 1755 og kapra ho og to troppe skip.[15] Britane gjekk til åtak på fleire franske skip gjennom 1755, tok skipa og fanga sjømennene, noko som medverka til ein formell krigserklæring våren 1756.[16]

Britiske felttog i 1755[endre | endre wikiteksten]

Britiske lagde ein aggressiv plan for 1755. General Braddock skulle føre ekspedisjonen til Fort Duquesne, Massachusetts-guvernøren William Shirley skulle forsterke Fort Oswego og gå til åtak på Fort Niagara, Sir William Johnson skulle erobra Fort St. Frédéric (dagens Crown Point i New York) og oberstløytnant Robert Monckton skulle erobra Fort Beauséjour på grensa mellom Nova Scotia og Acadia.

Braddock førte om lag 2000 mann frå den ståande hæren og provinsmilitsen til for å tak Fort Duquesne i juni 1755. Ekspedisjonen vart ein katastrofe og Braddock vart dødeleg skadd. To framtidige motstandarar i den amerikanske sjølvstendekrigen, Washington og Thomas Gage, spelte viktige roller i å organisere tilbaketrekkinga.[17] Ein del av nederlaget var mellom anna at franskmennene fekk tak i ein kopi av den britiske krigsplanen, som inkluderte aktivitetane til Shirley og Johnson. Shirley sitt forsøk på å forsterke Oswego strande på grunn av logistiske problem og at Shirley ikkje hadde erfaringa som skulle til for å leie ein slik stor ekspedisjon. Då det vart klart at han ikkje ville få tid til å setje i gang ein ekspedisjon til andre sida av Ontariosjøen til Fort Ontario, forlet Shirley garnisonane i Oswego, Fort Bull og Fort Williams (dei to sistnemnde nær Rome i New York). Forsyningane som skulle nyttast i åtaket på Niagara vart lagt i depoet ved Fort Bull.

Ekspedisjonen til Johnson var betre organiserte enn Shirley sin, noko guvernøren i Ny-Frankrike, Marquis de Vaudreuil merka seg. Han var hovudsakleg uroa over forsyningslinjene til forta langs Ohioelva, og sende Baron Dieskau for å leie forsvaret ved Frontenac mot det venta åtaket til Shirley. Då Johnson dukka opp som ein større trugsel, sendte Vaudreuil Dieskau til Fort St. Frédéric. Dieskau plana eit åtak på den britiske leiren ved Fort Edward øvst i Hudsonelva, men Johnson hadde bygd kraftige forsvarsverk rundt leiren og indianarane som støtta Dieskau var motvillige til å gå til åtak. Dei to styrkane møtte kvarandre til slutt i det blodige slaget ved Lake George mellom Fort Edward og Fort William Henry. Slaget enda utan ein klår vinnar, og begge sidene trekte seg tilbake frå slagmarka. Johnson stoppa framrykkinga ved Fort William Henry, og franskmennene trekte seg tilbake til Ticonderoga, der dei bygde Fort Carillon.

Oberst Monckton oppnådde den einaste britiske sigeren dette året då han erobra Fort Beauséjour i juni 1755 og skar av forsyningslinjene til festninga Louisbourg. Sigeren mista glansen då guvernøren i Nova Scotia, Charles Lawrence, etterpå gav ordre om å deportere fransktalande frå området. Styrkane til Monckton tvinga bort tusenvis av folk frå Acadia, og jaga og stundom slakta dei som nekta. Acadiarane fekk stundom støtte frå dei lokale innfødde, mellom anna Mi'kmaq, og gjorde nokså stor motstand. Det største slaget kom i 1757 ved Bloody Creek nær Annapolis Royal.

Franske sigrar, 1756–1757[endre | endre wikiteksten]

Møte mellom dei franske og indianske leiarane rundt eit seremonibål.

Etter at Braddock døydde, fekk William Shirley kommandoen over dei britiske styrkane i Nord-Amerika. I eit møte i Albany i desember 1756 la han fram planane sine for 1756. I tillegg til nye forsøk på å ta Niagara, Crown Point og Duquesne, foreslo han åtak på Fort Frontenac på nordsida av Ontariosjøen og ein ekspedisjon gjennom villmarka i Maine og ned Chaudière River for å gå til åtak på byen Quebec. Planane hans fekk stor motstand hos mellom andre William Johnson og New York-guvernøren Sir Charles Hardy. I januar 1756 vart Shirley erstatta av Lord Loudoun, med generalmajor James Abercrombie som nestkommanderande. Ingen av desse hadde like mykje erfaring på slagmarka som dei tre franske offiserane i Nord-Amerika.[16] Den franske ståande hæren kom til Ny-Frankrike i mai 1756, leia av generalmajor Louis-Joseph de Montcalm og nestkommanderande Chevalier de Lévis og oberst François-Charles de Bourlamaque, alle med erfaring frå den austerrikske arvefølgjekrigen.

Guvernør Vaudreuil, som hadde ambisjonar om å verte fransk øvstkommanderande (i tillegg til rolla som guvernør), sette i gang handlingar vinteren 1756 før forsterkingane nådde fram. Speidarar rapporterte om svakheiter i dei britiske forsyningslinjene, så han gav ordre om å gå til åtak på forta Shirley hadde reist ved Oneida Carry. I mars stod slaget ved Fort Bull, der dei franske styrkane øydela fortet og store mengder forsyningar, mellom anna 20 tonn krut. Dette øydela i stor grad britane sitt håp om felttog ved Ontariosjøen og sette Oswego-garnisonen, som alt hadde få forsyningar, i stor fare. Dei franske styrkane i Ohiodalen opprettheldt òg forholdet til indianarane i området og oppfordra dei til å plyndre andre busetjingar nær grensa. Dette førte til ein straum av flyktningar austover og bort frå grenseområdet.

Den nye britiske kommandoen var ikkje på plass før juli. Abercrombie kom til Albany men nekta å føreta seg noko før Loudoun hadde godkjend handlingane. Dette gjorde at Montcalm utførte ei dristig handling. Han bygde vidare på Vaudreuil sitt arbeid med å ta Oswego-garnisonen og gjorde ein listig manøver då han flytta hovudkvarteret sitt til Ticonderoga, som om han skulle utføre åtak langs Lake George. Med Abercrombie fastlåst i Albany kom Montcalm seg unna og utførte eit åtak på Oswego i august. Etter slaget vart Montcalm og indianarane ueinige om dei personlege eigedelane til fangane. Slike ting vart ikkje tekne frå fangane i Europa, og indianarane var irriterte på at dei franske troppane hindra dei frå å gjere dette.

Montcalm prøver å stoppe dei allierte indianarane frå å gå til åtak på britisk soldatar og sivile då dei forlet slaget ved Fort William Henry.

Loudoun var ein dyktig administrator, men ein forsiktig feltkommandant og plana berre ein større operasjon i 1757, eit åtak på Quebec, hovudstaden i Ny-Frankrike. Han forlet ein større styrke i Fort William Henry for å distrahere Montcalm, og sette av veg mot Quebec. Han fekk derimot ordre frå William Pitt, statsråden for koloniane, om å gå til åtak på Louisbourg først. Ekspedisjonen vart forseinka men sette segl mot Halifax i Nova Scotia tidleg i august. Dei franske skipa hadde klart å unngått den britiske blokkaden på den franske kysten og ein større flåte enn den britiske låg og venta på dei i Louisbourg. Loudoun snudde då han møtte den større styrken og returnerte til New York der han fekk nyhendene om ein massakre ved Fort William Henry.

Franske styrkar av kanadiske speidarar og indianarar gjekk stadig til små åtak på Fort William Henry gjennom første halvdel av 1757. I januar overfalt dei britiske troppar ved bakhald nær Ticonderoga. I februar gjorde dei eit dristig raid mot posisjonar på andre sida av den islagte Lake George, og øydela lagerbygningar og andre bygningar utanfor hovudfestninga. Tidleg i august omleira Montcalm og 7000 mann fortet, som kapitulerte og fekk trekke seg tilbake. Under tilbaketrekkinga gjekk nokre av dei allierte indianarane til Montcalm til åtak på dei britiske styrkane og drap og fanga fleire hundre mann.

Britisk erobring, 1758–1760[endre | endre wikiteksten]

The Victory of Montcalm's Troops at Carillon av Henry Alexander Ogden.

Nederlaga til britane i Nord-Amerika, samt andre nederlag i Europa, førte til Newcastle og den militære rådgjevaren hans, Hertugen av Cumberland, måtte gå av. Newcastle og Pitt gjekk så inn i ein usikker koalisjon der Pitt dominerte den militære planlegginga. Han sette i gang ein plan for 1758 som i hovudsak var utvikla av Loudoun. Loudoun var no erstatta av Abercrombie som øvstkommanderande etter nederlaga i 1757. Planen til Pitt bestod av tre store framstøyt med store troppar støtta av provinsmilitsen, for å erobra hjarte av Ny-Frankrike. Vaudreuil og Montcalm fekk berre få forsyningar i 1758, sidan den britiske blokkaden av den franske kystlinja igjen avgrensa den franske skipsfarten. Situasjonen i Ny-Frankrike vart forverra av ein dårleg innhausting i 1757, ein hard vinter og påstått korrupsjon hos François Bigot, intendanten i området. Eit massiv utbrot med kopper i dei vestlege stammene førte til at mange av dei heldt seg borte i 1758. I lys av desse tilhøva fokuserte Montcalm på å forsvare Saint Lawrence med hovudfokus på Carillon, Quebec og Louisbourg, medan Vaudreuil ønskte å halde fram den suksessrike taktikken frå året før.[18]

I 1757 fall Fort Duquesne og Louisbourg til store britiske styrkar. Det tredje forsøket vart stoppa av ein usannsynleg fransk siget i slaget ved Carillon, der 4000 franskmenn klarte å slå 16 000 av Abercrombie sine menn utanfor fortet som franskmennene kalla Carillon og britane kalla Ticonderoga. Abercrombie redda seg frå eit fullstendig nederlag då han sendte John Bradstreet på ein ekspedisjon for å ta Fort Frontenac, inkludert eit stort forsyningslager meint for dei vestlege forta i Ny-Frankrike og pelslager meit for Europa. Abercrombie vart kalla tilbake og erstatta av Jeffrey Amherst, sigersherren ved Louisbourg.

Etter at franskmennene hadde gjort det dårleg i alle krigsskodeplassar i sjuårskrigen i 1758, valde den nye franske utanriksministeren duc de Choiseul, å fokusere på invasjonen av Storbritannia. Invasjonen vart mislykka både militært og politisk, medan Pitt igjen planla store felttog mot Ny-Frankrike og sendte midlar til den britiske allierte på fastlandet, Preussen. I tillegg tapte den franske marinen ved Lagos og Quiberon Bay. Enkelte franske skip klarte likevel å nå Ny-Frankrike med forsyningar etter at dei klarte å unngå blokkaden på begge sider av Atlanteren.

Den britiske generalen Jeffrey Amherst

Britane oppnådde sigrar på alle krigsskodeplassar i 1759, då dei til slutt erobra Ticonderoga, James Wolfe slo Montcalm i Quebec (i eit slag der kommandantane på begge sider mista livet) og dei vann ved Fort Niagara. Sigeren vart komplett i 1760 då britane, trass i tap utanfor Quebec i slaget ved Sainte-Foy, klarte å hindre franske skip frå å nå slaget ved Restigouche medan armeane deira marsjerte mot Montreal frå tre kantar.

I september 1760 forhandla guvernør Vaudreuil overgjevinga med general Amherst. Amherst oppfylte ønsket til Vaudreuil om at alle franske innbyggjarar som valde å bli verande i kolonien skulle få lov til å halde på den romersk-katolske trua si, få eige eigedomane sine og få rett til å vere i fred i heimane sine. Britane gav dei sjuke og skadde franske soldatane medisinsk hjelp og den franske hæren fekk reise tilbake til Frankrike på britiske skip med lovnad om at dei ikkje skulle delta i den pågåande krigen lenger.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Franskmennene går i land i St. John's i Newfoundland i 1762

Dei fleste kampane mellom Frankrike og Storbritannia i Nord-Amerika enda i 1760. Det mest kjende unntaket var eit fransk forsøk på å få eit forhandlingsovertak under fredsforhandlingane i 1762, då Choiseul sende ein liten flåte for å få kontroll over Saint John's i Newfoundland i juni dette året. Då general Amherst fekk høyre om denne overraskande handlinga, sende han med ein gong troppar under nevøen sin William Amherst, som opprettheldt kontroll over Newfoundland i slaget ved Signal Hill i september.

Mange troppar frå Nord-Amerika vart flytta for å ta del i dei britiske kamphandlingane i Vestindia, inkludert erobringa av Spansk Havana då Spania for seint gjekk inn i konflikten på fransk side, og eit britisk felttog mot franske Martinique i 1762.[19]

General Amherst overvaka òg overføringa av franske fort i dei vestlege områda til britane. Politikken han førte i desse landområda uroa mange indianarar og medverka til ein konflikt i 1763 som vart kjend som Pontiac-opprøret. Denne rekkja av åtak på grenseforta og busetjingane her førte til stadig oppmarsjering av britiske troppar og enda ikkje før i 1766.

Krigen i Nord-Amerika enda offisielt med signeringa av Paris-traktaten den 10. februar 1763 og krigen i Europa enda med Hubertusburg-traktaten den 15. februar same året. Britane gav Frankrike valet om å gje frå seg områda sine i Nord-Amerika aust for Mississippi eller dei karibiske øyane Guadeloupe og Martinique, som hadde vorte okkuperte av britane. Frankrike valde å avstå Canada, men klarte å forhandle seg fram til å behalde Saint Pierre og Miquelon, to små øyar i St. Lawrence-bukta, med fiskerettane i dette området. Den økonomiske verdien av dei to karibiske øyane var større for Frankrike enn Canada på grunn av dei rike sukkeravlingane her, samt at dei var lettare å forsvare. Britane var nøgd med å ta Ny-Frankrike, sidan forsvaret her ikkje var noko problem lenger og dei alt hadde mange sukkeravlingar. Spania, som gav frå seg Florida til Storbritannia mot å få behalde Cuba, fekk òg Louisiana med New Orleans frå Frankrike som kompensasjon for tapa deira.

Følgjer[endre | endre wikiteksten]

Kart som syner områda britane fekk etter Paris-traktaten (rosa), og områda spanjolane fekk etter Fontainebleau-traktaten (gult).

Krigen endra dei økonomiske, politiske og samfunnsmessige forholda mellom dei tre europeiske stormaktene (Storbritannia, Frankrike og Spania), koloniane og kolonistane deira, og dei innfødde som levde i områda stormaktene gjorde krav på. Frankrike og Storbritannia leid økonomisk under krigen og dette fekk følgjer i lang tid framover.

Storbritannia fekk kontroll over Fransk Canada og Acadia med om lag 80 000 hovudsakleg fransktalande romersk-katolske innbyggjarar. Deporteringa av folk frå Acadia starta i 1755 og frigjorde land som nybyggjarar frå Europa og koloniane lenger sør kunne overta. Britane flytta mange av dei deporterte til provinsane i Nord-Amerika, men mange reiste tilbake til Frankrike, og nokre reiste til New Orleans, som dei venta framleis var fransk. Somme vart send for å kolonisere stader så forskjellige som Fransk Guiana og Falklandsøyane, men desse forsøka vart mislykka. Andre flytta til stader som Saint-Domingue og flykta til New Orleans etter den haitiske revolusjonen. Innbyggjarane i Louisiana var med på å starte den moderne Cajun-folkesetnaden.[20]

Etter fredsavtalen gav Kong Georg III ut den kongelege kunngjeringa i 1763 den 7. oktober, som synte inndelinga og administrasjonen av dei nyerobra områda. I kunngjeringa vart områda vest for Appalachane reservert for indianarane, noko som var særs upopulært i koloniane, der mange trudde at krigen hadde vorte utkjempa for å erobre desse landområda. Kunngjeringa inneheldt òg faktorar som dei romersk-katolske kanadiarane ikkje aksepterte.

Sjuårskrigen nesten dobla den nasjonale gjelda til Storbritannia. Krona såg etter høve for å hente inn nye inntekter for å betale ned gjelda og la nye skattar på koloniane. Desse forsøka vart møtt med stadig aukande motstand fram til troppar vart kalla inn for å verne skatteinnkrevarane. Desse hendingane førte etter kvart til starten på den amerikanske sjølvstendekrigen.

Frankrike knytte ikkje store verdiar til områda dei hadde hatt i Nord-Amerika, særleg med omsyn på at dei fekk behalde sukkerplantasjane i Antillane. Ministeren Choiseul meinte at han hadde gjort ein god avtale med Paris-traktaten og filosofen Voltaire skreiv at Ludvig XV berre hadde mista «nokre få mål med snø».[21] For Frankrike førte likevel det militære nederlaget og den økonomiske byrden til at monarkiet vart svekka og dette medverka til den franske revolusjonen i 1789.[22]

For mange av indianarane førte dei franske tapa i Nord-Amerika til at dei mista ein sterk alliert og etter kvart til at dei mista landområda sine til britane.[22] At spanjolane overtok Louisiana (først i 1769) berre fekk mindre etterverknader, førte den britiske overtakinga av Spansk Florida til at stammene som ikkje ønskte å gjere handel med britane flytte vestover. Dette førte igjen til spenningar mellom Choctaw og Creek, som var historiske fiendar.[23] Då britane overtok Florida flytta dei fleste spanske katolikkane. Dei fleste reiste til Cuba, medan nokre slo seg ned på kysten av Mexico.[24]

Historia frå sjuårskrigen, særleg omleiringa av Quebec og dødsfalla til den britisk brigadegeneralen James Wolfe og den franske generalen Louis-Joseph de Montcalm, var opphavet til mange balladar, skillingsviser, bilete, kart og andre skriftlege materiell.[25]

Frankrike skulle snart kome tilbake til Nord-Amerika i 1778 då den fransk-amerikanske alliansen mot Storbritannia vart oppretta i den amerikanske sjølvstendekrigen. Denne gongen klarte Frankrike å få overhand over Storbritannia, noko som vart sett på som hemn for nederlaget til Montcalm.[26]

Slag og ekspedisjonar[endre | endre wikiteksten]

USA
Canada

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brumwell, s. 24–25
  2. Brumwell, s. 26–31
  3. 3,0 3,1 3,2 Anderson, Crucible of War, 747.
  4. Jennings, Empire of Fortune, xv.
  5. The Canadian Encyclopedia: Seven Years' War
  6. L'Encyclopédie canadienne: Guerre de Sept Ans (fransk)
  7. 7,0 7,1 Fowler, Empires at War, 14.
  8. Fowler, s. 35
  9. Ellis, His Excellency George Washington, 5.
  10. Anderson (2000), s. 51–59
  11. Anderson (2000), s. 59–65
  12. Fowler, s. 52
  13. Lengel s.52
  14. Fowler, s. 64
  15. Fowler, s. 74–75
  16. 16,0 16,1 Fowler, s. 98
  17. «The Battle of the Monongahela». 1755. http://www.wdl.org/en/item/9580/. Henta 2013-08-03. 
  18. Fowler, s. 139
  19. Cave, s.21
  20. Calloway, s. 161–164
  21. Cave, s.52
  22. 22,0 22,1 Cave, s.xii
  23. Calloway, s. 133–138
  24. Calloway, s. 152–156
  25. Virtual Vault, ei utstilling på Internett av kanadisk historisk kunst
  26. Cave, s.82

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den franske og indianske krigen