Den kuriske landtunga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den kuriske landtunga (litauisk Kuršių nerija, russisk Куршская коса, tysk Kurische Nehrung, latvisk Kuršu kāpas) er ei 98 km lang, tynn, landtunge av sanddyner mellom Austersjøen og Den kuriske bukta.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den kuriske landtunga og bukta

Den kuriske landtunga strekkjer seg frå Sambiahalvøya i sør og nordover til eit smalt sund der hamnebyen Klaipėda på fastlandet i Litauen ligg på den andre sida. Dei nordlegaste 52 km av landtunga høyrer til Litauen, medan resten er ein del av Kaliningrad oblast i Russland. Breidda av landtunga varierer frå 400 meter i Russland (nær landsbyen Lesnoje) til opp mot 3,8 km i Litauen (like nord for Nida.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje baltisk mytologi vart Den kuriske landtunga forma av den sterke jenta Neringa som leika ved breidda av sjøen. Dette barnet dukkar òg opp i nokre andre myter (der ho vert framstilt som ei ung, sterk kvinne, liknande ein kvinneleg utgåve av den greske Herakles).

Den kuriske landtunga vart forma for om lag 5000 år sidan. Frå om lag 800 til 1016 heldt ei stor heidensk stamme kalla Wisikauten til her. Den tyske riddarordenen okkuperte området på 1200-ltalet og bygde borgene sine ved Memel (1252), Neuhausen (1283) og Rossitten (1372).

1500-talet byrja ein ny periode der det vart danna sanddyner. Avskoging på landtunga på grunn av overbeite, innhausting av tømmer og båtbygging for omleiringa av Königsberg i 1757 førte til at sandyner tok over landtunga og byrja å gravlegge heile landsbyar. Alarmert av desse problema støtta Kongedømet Preussen ein storskala revegetering og skogplanting på landtunga i 1825. På grunn av dette er mykje av landtunga i dag dekt av skog. På 1800-talet var Den kuriske landtunga hovudsakleg busett av kurarar med ein større tysk minoritet i sør og ein litauisk minoritet i nord. Kurarane forsvann etter kvart på grunn av blanding med andre folkegrupper og andre årsaker, og eksisterer stort sett ikkje lenger. Fram til 1900-talet levde dei fleste innbyggjarane her av fiske. Den tyske folkesetnaden som hadde tatt meir og meir over vart utvist etter den andre verdskrigen.

Etter at Sovjetunionen braut saman blømde turismen. Mange tyskarar, hovudsakleg etterkomarar av dei tidlegare innbyggjarane i området valde Den kuriske landtunga (særleg Nida, sidan tyskarar ikkje trong visum i Litauen) som sin feriedestinasjon.

Frå 2002-2005 gjorde lokale miljøvernaktivistar i både Kalingrad oblast og Litauen opprør mot Lukoil sine planar om å utnytte eit oljefelt 22,5 km utanfor landtunga i russisk farvatn på grunn av den store trugselen dette kom til å verte på miljøet og turismen. Dei vart derimot støtta av den litauiske regjeringa sidan eit oljeutslepp her ville verte ført nordover med havstraumane i området og grise til kysten av Litauen. Motstanden var til inga nytte og russarane opna oljefeltet i 2005.

Noverande status[endre | endre wikiteksten]

Landsatbilete

Den høgaste vandresanddyna i Europa ligg på Den kuriske landrunga. Ho er i snitt 35 meter høg, men kan stundom verte 60 meter høg.

Den største byen på landtunga er Nida i Litauen, ein populær feriestad som ofte vert vitja av både litauiske og tyske turistar. Nordsida av Den kuriske landrunga har fleire strender for turistane. Både den russiske og den litausike delen av landtunga er nasjonalparkar.

Busetnader på Den kuriske landtunga er (frå nord til sør):

Dei første seks er på litauisk side, medan dei tre siste er på den russiske sida. Den russiske sida av Den kuriske landrunga høyrer til Zelenogradsk rajon i Kaliningrad oblast, medan den litauiske sida er delt mellom Klaipėda kommune og Neringa kommune.

Ein enkel veg går langs heile Den kuriske landrunga. På den russiske sida går vegen til Zelenogradsk, medan han på den litauiske sida går til Smiltynė. Landtunga er ikkje forbunde med det litauiske fastlandet. Det går ei bilferje frå Smiltynė på landtunga til hamnebyen Klaipėda.

Sidan 2000 Den kuriske landtunga er på UNESCO si verdsarvliste.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Det er fleire miljøfarar som truer Den kuriske landtunga, som ofte vert rekna som eit område med rein natur.

På grunn av den viktige turismen og fiske for den lokale økonomien kan forureining av sjøen og kystlinja få katastrofale følgjer for området sidan både den unike naturen og økonomien vert øydelagd. Oljefeltet D6 i russisk territorialfarvatn ligg 22,5 km utanfor kysten av landtunga og opna i 2005.

Ein annan trussel er at den auka turismen kan øydeleggje naturen som trekk alle turistane til seg. På grunn av dette har ein sett seg nøydd til å utføre forskjellige tiltak som forbod mot fotturar i visse område.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den kuriske landtunga

Koordinatar: 55°16′28″N 20°58′15″E