Den polske jurakjeda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den polske jurdakjeda, Skała Rękawica ved Ojców nasjonalpark
Maczuga Herkulesa

Den polske jurakjeda, òg kalla Det polske jurahøglandet eller Kraków-Częstochowa jurahøglandet (polsk Jura Krakowsko-Częstochowska) er ein del av jurasystemet sør i sentrale delar av Polen. Det strekkjer seg mellom byane Kraków, Częstochowa og Wieluń. Den polske jurakjeda grensar til Karpatane i sør og høglandet sentralt i Polen i nord, mot Świętokrzyskiefjella.

Den polske jurakjeda består hovudsakleg av eit åslendt landskap med kalksteinsberg, klipper, dalar og store kalksteinformasjonar frå juratida, samt 220 grotter. Det største landskapstrekket er eit peneplan dekt av mange inselberg, steinmassar som har motstått erosjon.[1] Den polske jurakjeda vert vitja av om lag 400 000 turistar kvart år. Delar av området høyrer til Ojcowski nasjonalpark, den minste av dei tjue nasjonalparkane i Polen, og eit av dei mest attraktive rekreasjonsområda i landet.[2]

Flora og fauna[endre | endre wikiteksten]

Den polske jurakjeda består av eit rikt økosystem, der totalt motsette plantartar veks side ved side på grunn av det unike mikroklimaet, og heile området er omringa av urskog.[3] Plante- og dyrelivet er særs mangfaldig med over 1600 planteartar og 5500 dyreartar. Desse inkluderer 4500 insektartar (1700 biller og 1075 sommarfuglar) og 135 fugleartar. Av pattedyr finn ein bever, grevling, røyskatt og 15 artar flaggermus. Mange av flaggermusartane overvintrar i dei mange grottene i parken.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Plasseringa til Den polske jurakjeda

Klimaet i høglandet er forskjellig frå det omliggande området. Snø dekker området 180 dagar i året og den mest regnfulle tida på året er frå april til september. Årsnedbøren varierer mellom 650 og 700 mm, som er høgare enn det omliggande området. Middeltemperaturen er lågare, frå 0,5 til 1,0 °C. Middeltemperaturen er 19 °C om sommaren og -3 °C om vinteren.

Fleire elvar har utspring frå jurdakjeda, mellom anna Warta, Biała Przemsza, Pilica, Dłubnia, Szreniawa, Prądnik, Wiercica og Rudawa.

Spor av menneske[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til mangfaldig plante- og dyreliv kan ein finne unike kulturlandskap i området. Det er gjort mange arkeologiske funn etter eldgamle busetnader. Dei første busetnadane er frå yngre steinalder, om lag 120 000 år sidan. Området er rikt på flint, som trekte til seg tidlege menneske.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den polske jurakjeda

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Pattern of karst landscape of the Cracow Upland (South Polen)" av Witold Stefan Alexandrowicz og Zofia Alexandrowicz, Acta Carsologica, Slovenian Academy Of Sciences [1]
  2. Congress of the Jurassic System, Kraków, Polen, [2]
  3. "Krakow - Czestochowa Upland", Agencja Promocji Regionów ORANET [3]