Den tredje franske republikken
|
Artikkelen er ein del av serien Fransk historie |
|
Den tredje republikken i Frankrike, (fransk, La Troisième Republique, ofte stava La 3ème Republique) (1870/75-10. juli 1940) er ei nemning på det franske styresettet og i vidare tyding tidsrommet i fransk historie mellom det andre franske keisardømet og Den fjerde republikken. Det var eit republikansk parlamentarisk demokrati som kom til den 4. september 1870 etter at keisar Napoleon III måtte gå frå makta i samband med den fransk-preussiske krigen. Den tredje franske republikken vart oppløyst i samband med andre verdskrig og opprettinga av Vichy-regimet under leiing av Philippe Pétain den 10. juli 1940.
Det politiske livet i løpet av den tredje republikken var prega av svake koalisjonar og mange skifte av regjering. I tillegg bidrog Dreyfus-affæren til mange konfliktar.