Fransk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eugène Delacroix - La liberté guidant le peuple.jpg
Artikkelen er ein del av serien
Fransk historie

Fransk historie er ofte delt inn i epokar som har namn etter dei som herska i landområdet på denne tida. Denne artikkelen tek for seg dei grove trekka av historia til det som i dag er Frankrike.

Førhistorisk tid[endre | endre wikiteksten]

Dei første menneska av typen Homo sapiens sapiens kom til Frankrike og Europa for om lag 50 000 år sidan. Neandertalarar, menneskeapar som utvikla seg før Homo sapiens, tok til å busetja seg i Europa om lag 200 000 år før vår tidsrekning, men døydde etter alt å døma ut for 30 000 år sidan i samband med kaldt klima og konkurranse frå moderne menneske. Det kom fleire menneskeartar til området, mellom anna Cro-Magnon-mennesket, som det er funne restar av i sørvestre Frankrike.

I tida frå steinalderen til bronsealderen spreidde indoeuropearar og proto-keltiske folk seg i Vest-Europa. Mot slutten av jernalderen og fram mot historisk tid utvikla La Tène-kulturen seg i store område av det som no er Frankrike.

Gallia[endre | endre wikiteksten]

Grensene til Frankrike i dag ligg stort sett ved dei same grensene som oldtidas Gallia, slik dei keltiske gallarane rådde over landet. Gallia vart erobra av Romarriket i det første hundreåret f.v.t., og gallarane tok til seg latinsk språk og kultur. Kristendomen slo røter i det andre og tredje hundreåret av vår tidsrekning. I folkevandringstida300-talet kom germanske stammar frå aust inn i Gallia. Fremst av desse var frankarane som namnet «Frankrike» kjem frå. Bruken av namnet «Frankrike» for den moderne republikken kjem frå eit føydalsk domene rundt Paris. Karl den stores frankiske keiaerrike vart i 843 delt i ein austre, ein sentral og ein vestre del. Den austre delen (som snart vart omgjort til Det heilage romerske riket) var starten på det som seinare har blitt Tyskland, den vestre delen vart Frankrike.

Monarki[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå kongedømet Frankrike.

Etterfølgjarane til Karl den store regjerte over Frankrike til 987, då Hugo Capet, hertug av Frankrike og greve av Paris, vart krona til konge av Frankrike. Hans etterfølgjarar (som utgjorde dynastia Capet, Valois og Bourbon) styrte landet til 1792. Den franske revolusjonen starta i 1789 og resulterte i at Frankrike vart Den første franske republikken i 1792.

Napoleonstida[endre | endre wikiteksten]

Napoleon Bonaparte tok kontroll over republikken i 1799 og gjorde seg sjølv til førstekonsul. Fleire blodige krigar herja då over heile Europa, Napoleon erobra fleire land og etablerte nye kongedømer med sine eigne familiemedlemer som overhovud. Etter Napoleons endelege nederlag i 1815 vart det franske monarkiet gjeninnført, men vart så avskaffa og følgd av ein ny republikk i 1848. Den andre republikken varte til Napoleons nevø Louis-Napoléon Bonaparte vart valt til president og erklærte seg sjølv som keisar i 1852. Keisar Napoleon III vart avsett og ein tredje republikk innført i 1870.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Frankrike var på den sigrande sida i begge verdskrigane1900-talet. Frankrike leid likevel store tap både økonomisk og menneskeleg. Særleg den første verdskrigen gjorde stor skade i Frankrike. Det franske verdsimperiet mista store landområde, og statusen som ein dominerande verdsmakt forsvann. Etter den andre verdskrigen vart den fjerde republikken danna. I 1958 vart det utarbeida eit semipresidensielt demokrati, kjent som den femte republikken.

Etter siste verdskrig har Frankrikes forsoning og samarbeid med Tyskland vist seg å vera sentralt i spørsmålet om politisk og økonomisk integrasjon av Europa, mellom anna med innføring av felles valuta (euro) den europeiske unionen i januar 1999.

Frankrike har stått i spissen av europeiske statar som ønskjer å nytta den monetære unionen til å fremme eit meir samla og handlekraftig europeisk politisk-, forsvars- og tryggleiksapparat. Men det er teikn på at dette har gått for fort for folket i Frankrike. I ei folkeavrøysting i mai 2005 vart det fleirtal mot ratifiseringa av traktaten om ei forfatning for Europa.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.