Det sosialistiske arbeidarpartiet i Tyskland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det sosialistiske arbeidarpartiet, Sozialistische Arbeiterpartei (SAP), var namnet på to tidlegare tyske parti.

Det første oppstod i 1875 gjennom samanslutninga av Det sosialdemokratiske arbeidarpartiet under leiing av August Bebel og Wilhelm Liebknecht på den eine sida, og «Allgemeine Deutsche Arbeiterverein» under leiing av Ferdinand Lassalle på den andre. Det var det veksande SAP som blei forbode av Otto von Bismarck i 1878, eit forbod som vara til 1890. Men partiet heldt fram med å vekse trass i dette forbodet, som elles ikkje kan samanliknast med terroren mot arbeidarrørsla under Adolf Hitler. Etter at forbodet blei oppheva i 1890, skifta partiet namn til Det tyske sosialdemokratiske partiet, SPD.

Det andre oppstod i 1931, da ein del av venstrefløya i SPD, blant dei mange frå ungdomsorganisasjonen, braut ut i frustrasjon over det dei såg som ein overforsiktig politikk frå partileiinga si side. Ein del personar som tidlegare hadde høyrt til kommunistpartiet KPD slutta seg også til SAP, da dei var sterkt usamde i den stalinistiske og sekteriske linja til leiinga i KPD, men partiet SAP blei trass i dette verande eit lite parti. Medlemer av SAP var aktive i motstandskampen mot nazismen, og spelte ei relativt stor rolle der i åra etter 1933. Dei fleste medlemene i SAP slutta seg på ny til SPD under eller etter andre verdskrigen, såleis mellom andre Willy Brandt.