Willy Brandt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Willy Brandt
Bundesarchiv B 145 Bild-F057884-0009, Willy Brandt.jpg
Kanslar i Tyskland
Regjeringstid 21. oktober 19696. mai 1974
Fødd 18. desember 1913 i Lübeck
Død 8. oktober 1992 i Unkel ved Rhinen
Føregjengar Kurt Georg Kiesinger
Gift med Anna Carlotta Thorkildsen
Rut Brandt
Brigitte Seebacher

Willy Brandt (18. desember 19138. oktober 1992) var ein tysk politikarvenstresida, og rikskanslar (statsminister) i Forbundsrepublikken Tyskland frå 1969 til 1974. Han fekk Nobels fredspris i 1971 for arbeidet sitt med å betre tilhøvet til DDR, Polen og Sovjetunionen. I Tyskland er han omstridd, og måtte gå av som kanslar etter ei spionskandale.

Ungdom og utlegd[endre | endre wikiteksten]

Brandt blei fødd Herbert Ernst Karl Frahm i Lübeck, som son av ei arbeidarkvinne. Han blei med i «Sosialistisk Ungdom» i 1929, og det tyske sosialdemokratiske partiet SPD i 1930. I 1931 gjekk han ut av SPD for å bli med i det tyske sosialistiske arbeidarpartiet SAP, som var alliert med POUM i Spania og Independent Labour Party i Storbritannia, og meir venstresosialistisk enn SPD. I 1933 drog han til Noreg for å unngå nazistisk forfølging. Det var på denne tida han begynte å bruke pseudonymet (løyndenamnet) Willy Brandt.

Han besøkte Tyskland igjen i 1936, som den norske studenten Gunnar Gaasland. Dette kunne han gjere blant anna fordi han lærte seg godt norsk svært fort. I 1937 arbeidde han som journalist i Spania under den spanske borgarkrigen. Han blei fråtatt den tyske statsborgarskapen sin i 1938, og søkte etter det om norsk statsborgarskap. I 1940 blei han arrestert av tyske invasjonsstyrkar, men blei ikkje gjenkjend da han var i norsk uniform og snakka flytande norsk. Han blei sett fri som andre norske soldatar, og rømte da til Sverige, der han fekk norsk statsborgarskap av den norske ambassaden.

Willy Brandt, Richard Nixon

Etterkrigstid[endre | endre wikiteksten]

I 1946 vende Brandt tilbake til Tyskland, og fór til Berlin, i førstninga som norsk tenestemann. I 1948 begynte han si politiske karriere i SPD i Berlin. Han blei tysk statsborgar igjen og registrerte seg formelt med det nye namnet sitt, Willy Brandt. Frå 1957 til 1966 var han ordførar i Vest-Berlin. Han var leiar i SPD frå 1964 til 1987. I 1966 blei det skipa ein storkoalisjon av det kristelege høgrepartiet CDU og SPD, og Brandt blei utanriksminister og visekanslar. Etter valet i 1969 blei han kanslar i ei koalisjonsregjering med det liberale partiet FDP.

I utanrikspolitikken stod Brandt for ein aktiv «Ostpolitik», med målsetting om å få til eit ordna forhold til DDR og betre relasjonar med Polen, Sovjetunionen og andre austblokkland. Denne politikken var svært omstridd, og somme på høgresida meinte utanrikspolitikken til Brandt var landssvik. Andre meiner dialogen med kommuniststatane bidrog til å bryte opp beleiringsmentaliteten der, og såleis auke medvitet om dei indre motseiingane i dei austeuropeiske samfunna, noko som bidrog til at regima seinare fall på fredeleg vis.

Spionsak[endre | endre wikiteksten]

I 1974 blei ein av Brandt sine personlege assistentar, Günther Guillaume, arrestert som spion for DDR. Dette førte til at Brandt gjekk av som kanslar. Markus Wolf, som leidde den austtyske etterretningstenesta, har sidan sagt at denne affæren var eit av dei største mistaka dei gjorde. Brandt blei etterfølgd av Helmut Schmidt, også frå SPD.

Brandt var framleis leiar for partiet og medlem i riksdagen, det tyske parlamentet. Han var leiar for den Sosialistiske Internasjonalen frå 1976 til 1992. I 1980 stod han i spissen for det uavhengige internasjonale utvalet som da la fram «Brandtrapporten» som kravde store endringar i verda til fordel for dei fattige landa i sør. Han arbeidde også mykje med å støtte sosialistpartia i Portugal og Spania etter høgrediktatura der hadde falle i 1974 og 1975.

I 1989 støtta han gjenforeininga av Tyskland, og uttalte dei berømte orda: «No veks det saman det som høyrer saman

Brandt var æresleiar av SPD frå 1987 til han døydde i 1992. SPD sitt hovudkvarter heiter Willy Brandt Haus.

Samband med Noreg[endre | endre wikiteksten]

Brandt var gift med norskfødde Rut, som han fekk tre søner med, og dei to likte å reise på ferie til Noreg. Under EF-kampen i 1972 kom han til landet for å tale på Youngstorget i Oslo, der han oppfordra nordmennene til å stemme for medlemskap.