Dies irae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gregoriansk melodi til fyrste strofa av Dies irae

«Dies irae» (latin for 'Vreidedagen') er ein latinsk hymne frå 1200-talet, truleg skriven av Thomas av Celano. Teksten er rekna som ein del av sekvens-diktinga i tida., og er difor gjerne kalla Dies irae-sekvensen.

Kvar strofe har tre trokeiske verseliner som rimer. Diktet skildrar dommedag, «då redslerop mot himlen ljomar» og held fram med bøner om frelse frå helvete. Ei omsetjing ved Anders Hovden og Ragnhild Foss står i Norsk salmebok på nr. 252 («Vreidedagen, han skal renna» - 16 vers); ei omsetjing ved Ragnhild Foss står i den katolske salmeboka Lov Herren på nr 653 («Vreidedagen verdi tyner» - 17 vers).

«Dies irae» inngjekk tidlegare i den katolske dødsmessa, men dette vart endra ved liturgien av 1969.

Diktet[endre | endre wikiteksten]

«Dies irae» som gregoriansk song.
1 Dies irae, dies illa
solvet saeclum in favilla:
teste David cum Sibylla.
8 Rex tremendae majestatis,
qui salvandos salvas gratis,
salva me fons pietatis.
14 Preces meae non sunt dignae:
sed tu bonus fac benigne,
ne perenni cremer igne.
2 Quantus tremor est futurus,
quando judex est venturus,
cuncta stricte discussurus!
9 Recordare, Jesu pie,
quod sum causa tuae viae:
ne me perdas illa die.
15 Inter oves locum praesta,
et ab haedis me sequestra,
statuens in parte dextra.
3 Tuba mirum spargens sonum
per sepulcra regionum,
coget omnes ante thronum.
10 Quaerens me, sedisti lassus:
redemisti Crucem passus:
tantus labor non sit cassus.
16 Confutatis maledictis,
flammis acribus addictis:
voca me cum benedictis.
4 Mors stupebit et natura,
cum resurget creatura,
judicanti responsura.
11 Juste judex ultionis,
donum fac remissionis
ante diem rationis.
17 Oro supplex et acclinis,
cor contritum quasi cinis:
gere curam mei finis.
5 Liber scriptus proferetur,
in quo totum continetur,
unde mundus judicetur.
12 Ingemisco, tamquam reus:
culpa rubet vultus meus:
supplicanti parce, Deus.
18 Lacrimosa dies illa,
qua resurget ex favilla
judicandus homo reus.
6 Judex ergo cum sedebit,
quidquid latet apparebit:
nil inultum remanebit.
13 Qui Mariam absolvisti,
et latronem exaudisti,
mihi quoque spem dedisti.
19 Huic ergo parce, Deus:
pie Jesu Domine,
dona eis requiem. Amen.
7 Quid sum miser tunc dicturus?
Quem patronum rogaturus,
cum vix justus sit securus?

Musikken[endre | endre wikiteksten]

Melodien er gregoriansk, nedteikna i Wittenberg i 1529. Temaet har vore bruka i ulike samanhenger, bl.a. i Hector Berlioz' Symphonie fantastique, Franz Liszts Totentanz og fleire stykke av Sergej Rachmaninov, samt i opningsscena i Stanley Kubricks film Ondskapens hotell (The Shining).

Teksten har som ein del av den romerskkatolske rekviemmessa blitt bruka av mange komponistar, mellom anna Mozarts, Berlio' og Verdi, og i Benjamin Brittens War Requiem.