Eurovision Song Contest 1999

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 1999
Offisiell tittel
44. Eurovision Song Contest
Dato
Finalen 29. mai 1999
Vertskap
Stad
Merkaz HaKongresim HaBeinLeumi i Jerusalem i Israel
Programleiar(ar)
Yigal Ravid, Dafna Dekel[1] og Sigal Shahamon
Kringkastar(ar)
Israel Broadcasting Authority (IBA)
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Antal bidrag
23
Attende
Austerrike
Bosnia-Hercegovina
Danmark
Island
Litauen
Trekte seg
Ungarn
Ikkje med
Finland
Hellas
Makedonia
Romania
Slovakia
Sveits
Kart
Røysting
Vinnar
Sverige med «Take Me to Your Heaven» av Charlotte Nilsson
Eurovision Song Contest
Birmingham 1998 Stockholm 2000

Eurovision Song Contest 1999 var den 44. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemslanda av organisasjonen EBU. Tevlinga blei arrangert laurdag 29. mai 1999 av den israelske kringkastaren IBA. Finalen fann stad i Merkaz HaKongresim HaBeinLeumi i Jerusalem i Israel, og for fyrste gong var det tre programleiarar: Yigal Ravid, Dafna Dekel og Sigal Shahamon.

EBU gjorde fleire regelendringar dette året, blant anna kunne deltakarane for fyrste gang sidan 1976 synge på det språket dei ønskte. I tillegg fjerna unionen kravet om at arrangøren måtte stille med eit orkester. IBA valde å droppe orkester, og dimed var all musikken ferdiginnspelt på band – for fyrste gang i historia til Eurovision Song Contest.

I alt deltok 23 land og dei fleste landa brukte telefonavrøysting. Finland, Hellas, Makedonia, Romania, Slovakia, Sveits og Ungarn måtte stå over dette året, siden dei hadde lågast snittpoengsum i femårsperioden 1994–1998. Samstundes fekk Austerrike, Bosnia-Hercegovina, Danmark og Island komme tilbake etter å ha måtta stå over i 1998. Litauen kom også tilbake for fyrste gong sidan 1994.

Vinnaren av tevlinga blei Sverige og Charlotte Nilsson med songen «Take Me to Your Heaven». Island, Tyskland, Kroatia og Israel utgjorde resten av topp fem. Det norske bidraget, «Living My Life Without You» med Stig van Eijk, blei nummer 14 av 23.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter sigeren til Dana International, med songen «Diva», året før, var Israel vertskap for tevlinga. Dette var andre gongen Israel og kringkastaren IBA arrangerte Eurovision Song Contest, og IBA la finalen til Merkaz HaKongresim HaBeinLeumi i Jerusalem. Tevlinga i 1979 blei arrangert i det same lokalet. Tryggleiken var høg før arrangementet, og deltakarane blei fotfølgde av vaktar når dei var ute i Jerusalem. Berre delegasjonane og fjernsynsfolka fekk tilgang til arenaen. «Vi håper selvsagt at ingen farlige situasjoner oppstår, men vi er forberedt på alt.» sa tryggleikssjef Itzik Ashkenazy til VG.[2]

EBU reduserte dette året deltakartalet frå 25 til 23 land.[3][4] Litauen deltok for fyrste gang sidan 1994, mens Austerrike, Bosnia-Hercegovina, Danmark og Island var tilbake etter å ha måtta stå over året før.[3] Russland fekk ikkje delta sidan landet ikkje overførte 1998-finalen, noko som var eit krav for å få delta i 1999.[5] Finland, Hellas, Makedonia, Romania, Slovakia, Sveits og Ungarn var fråverande dette året.[3][6]

Orkesteret og språkregelen forsvinn[endre | endre wikiteksten]

EBU innførte fleire nye reglar for Eurovision Song Contest dette året. Den største endringa var at EBU droppa regelen som kravde at deltakerlandene måtte synge på eit av sine nasjonalspråk.[4] Deltakarane stod no fritt til å synge på kva som helst språk dei ville. I 1999 valde 13 av de 23 landa å synge heilt eller delvis på engelsk, mens Bosnia-Hercegovina også song delvis på fransk.[6]

Arrangøren trong heller ikkje lenger å stille med eit orkester, og IBA valde å droppe orkesteret for å kutte kostnadar.[4] Det same gjorde framtidige arrangørar, noko som har ført til at alle songane har blitt framførte med singback sidan. Profilerte Johnny Logan, som har vunne Eurovision Song Contest tre gongar, kritiserte avgjersla og meinte tevlinga hadde blitt ei rein «karaoketevling».[7]

Ei tredje stor endring var innføringa av ordninga «dei fire store».[4] Ordninga gjorde at dei fire største økonomiske bidragsytarane til Eurovision Song Contest – Frankrike, Spania, Storbritannia og Tyskland – var sikra deltaking året etter, uansett resultat åra føre.[6][7]

Kvalifisering[endre | endre wikiteksten]

På grunn av at stadig fleire land ønskte å delta i Eurovision Song Contest, hadde EBU innført eit meir permanent kvalifiseringssystem frå 1997 for å halde talet på deltakarland nede. Eit land som ikkje var kvalifisert eit år, fekk automatisk rett til å delta året etter.[8][9]

Startfeltet i 1999 bestod av vertslandet Israel, dei 17 landa med høgast gjennomsnittspoengsum frå femårsperioden 1994–1998 og landa som måtte stå over tevlinga året før.[10] Dette året kom regelverket med eit nytt tillegg. Dette tillegget slo fast at frå 2000 av skulle dei fire største økonomiske bidragsytarane i Eurovision Song Contest – Frankrike, Spania, Storbritannia og Tyskland – vere automatisk kvalifiserte for finalen.[4] Denne gruppa med land fekk tilnamnet «dei fire store», og blei oppretta for å sikre tevlinga eit stabilt finansielt grunnlag i åra framover.[3][7]

I samsvar til regelverket var ikkje Finland, Hellas, Makedonia, Romania, Slovakia, Sveits og Ungarn kvalifiserte til 1999-finalen.[6] Dette for å gje plass til Austerrike, Bosnia-Hercegovina, Danmark, Island og Litauen – og debutantlandet Latvia. Den latviske kringkastaren Latvijas Televīzija valde seinare å trekkje seg frå tevlinga, og EBU tilbaud plassen til Ungarn, som var øvst på lista over dei ikkje-kvalifiserte landa. Den ungarske kringkastaren Magyar Televízió avslo tilbodet, som dimed gjekk videre til neste land på lista: Portugal. Den portugisiske kringkastaren Rádio e Televisão de Portugal takka ja til invitasjonen.[3][7][11]

Kvalifiseringstabell for 1999[a]
Rang Land Snitt Poeng fått per år[12][13][14][15][16]
1994 1995 1996 1997 1998
Automatisk kvalifisert som fjorårsvinnar og vert
1 Israel 126,50 81 Ikkje kval. 172
Kvalifisert på bakgrunn av høgaste snittpoengsum 1994–1998
2 Irland 130,60 226 44 162 157 64
3 Storbritannia 121,80 63 76 77 227 166
4 Malta 94,40 97 76 68 66 165
5 Noreg 83,40 76 148 114 0 79
6 Kroatia 74,20 27 91 98 24 131
7[b] Sverige 67,40 48 100 100 36 53
8[b] Kypros 67,40 51 79 72 98 37
9[c] Nederland 59,25 4 78 5 150
10[c] Tyskland 59,25 128 1 Ikkje kval. 22 86
11 Polen 57,00 166 15 31 54 19
12 Frankrike 56,80 74 94 18 95 3
13 Tyrkia 56,00 21 57 121 25
14 Spania 54,00 17 119 17 96 21
15 Estland 53,50 2 94 82 36
16 Belgia 50,67 8 22 122
17 Slovenia 44,25 84 16 60 17
18 Portugal 41,20 73 5 92 0 36
Kvalifisert etter å ha stått over i 1998
19 Danmark 42,00 92 Ikkje kval. 25
20 Austerrike 39,60 19 67 68 12
21 Island 38,20 49 31 51 18
22 Bosnia-Hercegovina 23,00 39 14 13 22
23 Litauen 0,00 0
Ikkje kvalifisert for finalen i 1999
24 Hellas 39,80 44 68 36 39 12
25 Makedonia 16,00 Ikkje kval. 16
26[d] Finland 14,00 11 9 22
27[d] Slovakia 14,00 15 19 8
28 Sveits 10,50 15 22 5 0
29 Romania 10,00 14 Ikke kval. 6
Stod over
Italia 114,00 114
Ungarn 42,00 122 3 Ikke kval. 39 4
Russland 40,00 70 17 Ikkje kval. 33

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

IBA ønskte å markere at dette var siste finale på 1900-talet, og temaet for scenedekoren var tidas gang. Midt på scena var det bygget ein slags mekanisk sol, med planetar og solstrålar som svirra rundt.[17] Sendinga starta med ein teiknefilm som var laga som ei rundreise i Europas land, etterfulgt av ein film med dansarar og fjorårsvinnar Dana International, spela inn i vertsbyen Jerusalem.

Deretter kom dei tre programleiarane inn på scena i Merkaz HaKongresim HaBeinLeumi, saman med dansarane frå filmen som var vist like før. Det var rundt 2000 publikummarar i salen. Etter ein kort introduksjon på engelsk, fransk og hebraisk, helsa programleiarane på programleiaren frå året før Terry Wogan, som var til stades for å kommentere sendinga for BBC1. Alle dei israleske vinnarane, Izhar Cohen[18], Gali Atari og Dana International, var også til stade i salen.

Deretter starta presentasjonen av de 23 deltakerlåtane. Kvart bidrag blei introduserte med korte filmar som tok utgangspunkt i ulike likingar frå Bibelen. Startrekkefølgja var avgjord med loddtrekking. Litauen byrja, mens Estland avslutta. Noreg hadde startnummer åtte.

Pausenummeret var ved Dana International som framførte ein coverversjon av songen «Free» av Stevie Wonder. Deretter starta avrøystinga, og avrøystinga blei raskt ein duell mellom to nordiske land: Sverige og forhåndsfavoritten Island. Lenge låg Island i føringa, men då nest siste land gav 12 poeng til Sverige og ingen til Island, var den svenske sigeren sikra. Dette var den fjerde sigeren til Sverige i tevlinga.

Etter vinnarreprisen blei showet avslutta med at alle deltakarane kom opp på scena og song vinnarsongen frå 1979, «Hallelujah». Fellessongen skulle markere avslutninga på tusenåret og samstundes setje fokus på den pågåande krigen på Balkan. «Fremførelsen av "Halleluja" blir en spesiell tributt til ofrene for krigen i Kosovo», sa dei israelske arrangørane til Aftenposten.[19]

Stig van Eijk representerte Noreg.

Det norske bidraget[endre | endre wikiteksten]

Det norske bidraget var «Living My Life Without You», skriven og framført av Stig van Eijk – som berre brukte Van Eijk som artistnamn. Songen hadde vunne Melodi Grand Prix klårt og nådde seinare ein tredjeplass på den norske singellista.[20] Debutalbumet Where I Belong selde også 15 000 eksemplar den første veka etter utgjevinga.[21]

Under finaleveka hadde Van Eijk gjentekne tekniske problem på prøvene. Fleire ganger svikta ljoden, og under generalprøva var Van Eijk nøydd til å bryte og starte framsyninga på ny.[22][23] Problema fortsette også under sjølve finalen, då øyremonitoren til Van Eijk ikkje fungerte og i staden sende ein høg pipeljod inn i øyret hans. NRK kravde at Noreg måtte få opptre på nytt, men dei israelske arrangørane avviste kravet.[24][25] Det norske bidraget fekk 35 poeng og enda som nummer 14 av 23 bidrag.

Med på scena hadde Van Eijk med seg dansarane Belinda Braza og Charlotte Øverland Våseth. I tillegg deltok Heine Totland, Åshild Stensrud og Per Øystein Sørensen som koristar.[26] Jostein Pedersen kommenterte finalen for NRK1, mens Jon Branæs kommenterte på NRK P1. Ragnhild Sælthun Fjørtoft las poenga frå den norske telefonavrøystinga frå Oslo via satellitt.

Avrøystinga[endre | endre wikiteksten]

Kvart land gav 1–8, 10 og 12 poeng til sine ti favorittsongar via telefonavrøysting. Sjåarane fekk røyste i fem minuttar før linjene stengte, men kvart land hadde også ein reservejury på åtte personar i tilfelle telefonnettet skulle bryte saman. Fire av landa – Litauen, Tyrkia, Irland og Bosnia-Hercegovina – fekk dispensasjon til å bruke jury.[3] Overdommar for avrøystinga var Christine Marchal-Ortiz frå EBU.  

Før finalen var Selma frå Island storfavoritt til å vinne med songen «All Out of Luck». Kypros blei på førehand tippa som ein av hovudutfordrarane hennar, men enda til slutt nest sist med kun 2 poeng frå Storbritannia.[6] Under avrøystinga var det lenge ein tett kamp mellom Island og Sverige. Island låg i teten det meste av tida, men den bosniske juryen avgjorde til slutt det heile i favør Sverige, ved å gi dei 12 poeng og ingenting til Island. Tyskland melde seg også inn i tetkampen, men enda til slutt på tredjeplass. Kroatia blei nummer fire, og vertslandet Israel kom på femteplass.

Deltakere[endre | endre wikiteksten]

Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[27] Tabellen er rangert etter startrekkefølgje; plasseringa og poengsummen fins i kolonnane til høgre.

Startnr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
01 Litauen Aistė Smilgevičiūtė «Strazdas» Samogitisk 20 13
02 Belgia Vanessa Chinitor «Like the Wind» Engelsk 12 38
03 Spania Lydia «No quiero escuchar» Spansk 23 1
04 Kroatia Doris Dragović «Marija Magdalena» Kroatisk 4 118
05 Storbritannia Precious «Say It Again» Engelsk 12 38
06 Slovenia Darja Švajger «For a Thousand Years» Engelsk 11 50
07 Tyrkia Tuğba Önal og Group Etnik «Dön Artık» Tyrkisk 16 21
08 Noreg Van Eijk «Living My Life Without You» Engelsk 14 35
09 Danmark Trine Jepsen og Michael Teschl «This Time I Mean It» Engelsk 8 71
10 Frankrike Nayah «Je veux donner ma voix» Fransk 19 14
11 Nederland Marlayne «One Good Reason» Engelsk 8 71
12 Polen Mietek Szczesniak «Przytul mnie mocno» Polsk 17 19
13 Island Selma «All Out of Luck» Engelsk 2 146
14 Kypros Marlain «Tha 'ne érotas» (Θα 'ναι έρωτας) Gresk 22 2
15 Sverige Charlotte Perrelli «Take Me to Your Heaven» Engelsk 1 163
16 Portugal Rui Bandeira «Como tudo começou» Portugisisk 21 12
17 Irland The Mullans «When You Need Me» Engelsk 17 18
18 Austerrike Bobbie Singer «Reflection» Engelsk 10 65
19 Israel Eden «Yom huledet (Happy Birthday)» (יום הולדת) Hebraisk, engelsk 5 93
20 Malta Times Three «Believe 'n Peace» Engelsk 15 32
21 Tyskland Sürpriz «Reise nach Jerusalem – Kudüs'e Seyahat» Tysk, tyrkisk, engelsk, hebraisk 3 140
22 Bosnia-Hercegovina Dino og Béatrice «Putnici» Bosnisk, fransk 7 86
23 Estland Evelin Samuel og Camille «Diamond of Night» Engelsk 6 90

Artister som hadde delteke tidlegare[endre | endre wikiteksten]

Artist Land Deltok i Merknadar
Kenny Lübcke (støttevokalist)[28] Danmark 1992 Deltok i duett med Lotte Feder
Stefán Hilmarsson (støttevokalist)[29] Island 1988, 1991 Deltok som del av gruppen Beathoven i 1988 og duoen Stefan & Eyfi i 1991
Doris Dragović[30] Kroatia 1986 Representerte Jugoslavia
Christopher Scicluna (støttevokalist) Malta 1994 Deltok som Chris & Moira
Moira Stafrace (støttevokalist)
Linda Williams (støttevokalist)[31] Belgia 1981 Representerte Nederland
Darja Švajger[30] Slovenia 1995
Gabriel Fors (støttevokalist) Sverige 1997 Deltok som del av gruppa Blond

Poengtavle[endre | endre wikiteksten]

Tavla er ordna etter stemmerekkefølgja i finalen. Alle deltakarlanda brukte telefonavrøysting, bortsett frå Litauen, Tyrkia, Irland og Bosnia-Hercegovina, som brukte jury.[3]

Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
Litauen 2 5 3 1 2 13 20
Belgia 4 2 10 2 10 5 5 38 12
Spania 1 1 23
Kroatia 6 5 12 12 8 7 1 7 4 2 1 6 6 8 7 5 10 8 3 118 4
Storbritannia 5 4 5 2 4 1 4 4 8 1 38 12
Slovenia 10 2 2 12 1 6 12 5 50 11
Tyrkia 4 5 12 21 16
Noreg 7 6 7 7 5 3 35 14
Danmark 5 5 5 1 12 8 8 3 7 5 2 4 6 71 8
Frankrike 2 2 8 2 14 19
Nederland 4 12 3 8 3 5 7 6 4 2 1 4 6 2 4 71 8
Polen 7 4 6 19 17
Island 8 8 10 10 10 10 12 7 4 12 12 4 4 2 10 10 3 10 146 2
Kypros 2 2 22
Sverige 3 7 6 12 7 6 12 10 3 8 6 10 6 10 5 6 8 12 2 12 12 163 1
Portugal 12 12 21
Irland 12 4 1 1 18 17
Austerrike 6 7 4 6 3 2 3 8 1 7 5 5 8 65 10
Israel 3 8 8 1 3 2 2 10 4 10 1 10 3 8 1 6 7 2 4 93 5
Malta 6 6 3 1 7 1 7 1 32 15
Tyskland 10 7 3 1 6 12 3 5 8 12 12 5 2 12 10 12 3 10 7 140 3
Bosnia-Hercegovina 1 10 10 7 7 8 6 3 5 3 6 12 8 86 7
Estland 1 4 1 3 8 5 4 4 5 8 2 10 7 8 3 1 7 6 3 90 6

12 poeng[endre | endre wikiteksten]

Under er eit oversyn over alle 12-poengarar gjevne i finalen:

Tal Mottakarland 12 poeng frå
5 Sverige Bosnia-Hercegovina, Estland, Malta, Noreg, Storbritannia
Tyskland Israel, Nederland, Polen, Portugal, Tyrkia
3 Island Danmark, Kypros, Sverige
2 Kroatia Slovenia, Spania
Slovenia Irland, Kroatia
1 Bosnia-Hercegovina Austerrike
Danmark Island
Irland Litauen
Nederland Belgia
Portugal Frankrike
Tyrkia Tyskland

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Innspelte røyster gav straff[endre | endre wikiteksten]

Det kroatiske bidraget «Maria Magdalena» brukte mannsrøyster på band, sjølv om regelverket sa at alle røyster måtte framførast direkte under tevlinga. Nederland og Noreg reagerte på dette og klaga Kroatia inn for EBU i finaleveka.[2][32] Men den kroatiske delegasjonen forsikra EBU om at «røystene» blei skapt av ein synthesizer, og EBU tok difor ikkje protestane til følgje. Etter tevlinga viste det seg likevel at Kroatia hadde brukt mannsrøyster på band, noko som var i strid med reglane. EBU valde å straffe Kroatia ved å trekkje frå 33 prosent av poenga til «Maria Magdalena». Dette fekk innverknad for femårs-gjennomsnittet til Kroatia som blei brukt til å avgjere kva for land som fekk delta i dei kommande finalane.[6]

Ironisk nok skulle Noreg ende i same situasjon som Kroatia 18 år seinare. Årsaka var at det norske bidraget, «Grab the Moment», hadde sampla røystespor som var vanskelege å attskape på direkten. NRK bad EBU å oppheve forbodet mot innspelte røyster, men NRK valde til slutt å attskape røystene direkte.[33]

To land sende andreplassane[endre | endre wikiteksten]

Både Tyskland og Bosnia-Hercegovina måtte sende andreplassane frå sine nasjonale finalar til Jerusalem. Dette fordi vinnarane fra begge landa blei diskvalifisert.[34][35] Men begge dei diskvalifiserte vinnarane, tyske Corinna May og bosniske Hari Mata Hari, skulle seinare vende tilbake til tevlinga i høvesvis 2002 og 2006.

Fjorårsvinnaren gjekk i bakken[endre | endre wikiteksten]

Eit av dei mest minneverdige augneblinkane i Eurovision Song Contest skjedde etter at Charlotte Nilsson hadde vunne, og fjorårsvinnar Dana International skulle overlevere sigerstroféen. Under overrekkinga mista Dana International balansen og deiste i golvet med troféen.[6] Den svenske låtskrivaren Gert Lengstrand prøvde å ta ho imot, men enda opp med å tråkke på kjolen hennar.[36] Hendinga skapte også panikk blant tryggleikspersonellet i saka, men det viste seg at fallet var eit hendeleg uhell og Dana International gjekk av scena, tydeleg flau.[6]

Kommentatorar og poengopplesarar[endre | endre wikiteksten]

Poengopplesarar[endre | endre wikiteksten]

Kvart land hadde utnemnd ein talsperson som annonserte poenga frå sitt land over satellitt på engelsk eller fransk. Under er talspersonane i same rekkefølgje som under avrøystinga.[37]

  1. Litauen – Andrius Tapinas
  2. Belgia – Sabine De Vos
  3. Spania – Hugo de Campos
  4. Kroatia – Marko Rašica
  5. Storbritannia – Colin Berry
  6. Slovenia – Mira Berginc
  7. Tyrkia – Osman Erkan
  8. Noreg – Ragnhild Sælthun Fjørtoft
  9. Danmark – Kirsten Siggaard
  10. Frankrike – Marie Myriam
  11. Nederland – Edsilia Rombley
  12. Polen – Jan Chojnacki
  13. Island – Áslaug Dóra Eyjólfsdóttir
  14. Kypros – Marina Maleni
  15. Sverige – Pontus Gårdinger
  16. Portugal – Manuel Luís Goucha
  17. Irland – Clare McNamara
  18. Austerrike – Dodo Roscic
  19. Israel – Yoav Ginai
  20. Malta – Nirvana Azzopardi
  21. Tyskland – Renan Demirkan
  22. Bosnia-Hercegovina – Segmedina Srna
  23. Estland – Mart Sander


Kommentatorar og kringkastarar[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste landa som kringkasta finalen, hadde kommentatorar som formidlet informasjon og hendingar direkte til sjåarane. Oversyn over kommentatorar under Eurovision Song Contest 1999 i alfabetisk rekkefølgje etter land:[38]

Kommentatorer og sendinger i deltakerlandene
Land Kringkastar Kanal Kommentator(ar)
Austerrike ORF ORF 1 Andi Knoll[39]
Belgia RTBF La Une Jean-Pierre Hautier[40]
VRT TV1 André Vermeulen og Bart Peeters[41]
Bosnia-Hercegovina BHT BHTV 1 Ismeta Dervoz-Krvavac
Danmark DR DR1 Keld Heick[42]
Estland Eesti Televisioon ETV Marko Reikop
Frankrike France Télévision France 3 Julien Lepers[40]
Irland RTÉ RTÉ One Pat Kenny
RTÉ Radio 1 Larry Gogan[43]
Island RÚV Sjónvarpið Gísli Marteinn Baldursson[44]
Israel IBA Kanal 1 Ingen kommentator
Kroatia HRT HRT 1 Aleksandar «Aco» Kostadinov[45]
Kypros RIK RIK 1 Evi Papamikhail[46]
Litauen LRT LRT Darius Užkuraitis
Malta PBS TVM Charlo Bonnici
Nederland NOS TV2 Willem van Beusekom[47]
Noreg NRK NRK1 Jostein Pedersen
NRK P1 Jon Branæs[48]
Polen TVP TVP1 Artur Orzech[49]
Portugal RTP RTP1 Rui Unas[50]
Slovenia RTVSLO SLO1 Miša Molk
Spania TVE La Primera José Luis Uribarri[51]
Storbritannia BBC BBC One Terry Wogan[52]
BBC Radio 2 Ken Bruce
Sverige SVT SVT1 Pekka Heino og Anders Berglund[53]
Tyrkia TRT TRT 1 Gülşah Banda
Tyskland ARD Das Erste Peter Urban[54]
Kommentatorar og sendingar i ikkje-deltakande land
Land Kringkastar Kanal Kommentator(ar)
Finland Yle TV1 Jani Juntunen[55]
Hellas ERT ET1 Dafni Bokota[56]
Makedonia MRT MTV 1 Ivan Mircevski
Romania TVR TVR2 Leonard Miron
Russland ORT ORT Tatjana Godunova og Aleksej Zjuravljov
Sveits TV DRS SF2 Sandra Studer
TSR TSR 1 Jean-Marc Richard
TSI TSI 2 Jonathan Tedesco

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tabellen er rangert etter kriterium-rekkefølgja som oppgjeven i regelverket for 1999. Snittpoengsummen er rekna ut ved å summere alle poenga som kvart land hadde fått i dei fem føregåande finalane, og deretter dele totalsummen med tal på deltakingar til det aktuelle landet.
  2. 2,0 2,1 Sjølv med same snittpoengsum blei Sverige rangert over Kypros, i samsvar til reglementet. Dette fordi Sverige hadde fått fleire poeng enn Kypros i den nylegaste finalen.
  3. 3,0 3,1 I samsvar til regelverket blei Nederland rangert over Tyskland, sidan Nederland hadde fått fleire poeng enn Tyskland i den nylegaste finalen.
  4. 4,0 4,1 I samsvar til regelverket blei Finland rangert over Slovakia, sidan Finland hadde fått fleire poeng enn Slovakia i den nylegaste finalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  2. 2,0 2,1 Storvand, Bakkemoen og Sandblad, Lena, Kurt og Mattis (25. mai 1999). «Frykter terror». VG. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Roxburgh, Gordon (2020). Songs for Europe: The United Kingdom at the Eurovision Song Contest. Vol. Four: The 1990s. Telos Publishing. s. 367–369. ISBN 978-1-84583-163-9. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 «Rules of the 44th Eurovision Song Contest, 1999» (PDF). Den europeiske kringkastingsunion (EBU). 1998. Arkivert frå originalen (PDF) 25. februar 2021 – via Eurosong.net. 
  5. «Rules of the 43rd Eurovision Song Contest, 1998» (PDF). Den europeiske kringkastingsunion (EBU). 1997. Arkivert frå originalen (PDF) 31. januar 2019 – via http://www.myledbury.co.uk. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 6,7 «Eurovision Song Contest 1999». eurovision.tv. Henta 18. november 2017. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 O'Connor, John Kennedy (2007). The Eurovision Song Contest: The Official History. Storbritannia: Carlton Books. s. 156–159. ISBN 978-1-84442-994-3. 
  8. «The Eurovision Song Contest - Example Rules». heyrick.eu. Henta 10. mai 2020. 
  9. «Milestone Moments: 1993/4 - The Eurovision Family expands». eurovision.tv (på engelsk). 18. september 2016. Arkivert frå originalen 13. mai 2018. Henta 19. november 2022. 
  10. «Rules of the 44th Eurovision Song Contest, 1999» (PDF). Den europeiske kringkastingsunion (EBU). 1998. Arkivert frå originalen (PDF) 25. februar 2021 – via Eurosong.net. 
  11. «Jerusalem 1999». eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. november 2022. 
  12. «Final of Dublin 1994 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. november 2022. 
  13. «Final of Dublin 1995 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. november 2022. 
  14. «Final of Oslo 1996 – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. november 2022. 
  15. «Final of Dublin 1997 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. november 2022. 
  16. «Final of Birmingham 1998 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 19. november 2022. 
  17. Beck, Peter (22. mai 1999). «Israel frykter ny seier». Aftenposten. 
  18. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  19. Utler, Knut (27. mai 1999). «Storslått finale i Grand Prix «Halleluja» som GP-avslutning». Aftenposten. 
  20. «Living My Life Without You». VG-lista 2017 (på norsk bokmål). 2017. Henta 18. november 2017. 
  21. Mjør, Kjersti (25. mai 1999). «– I'm a real Norwegian boy». Bergens Tidende. s. 54. 
  22. Haabeth, Nina (28. mai 1999). «GP-nervene i helspenn, teknikken sviktet for Stig Van Eijk». Norsk Telegrambyrå. 
  23. «Måtte bryte på generalprøven». VG (på norsk). 29. mai 1999. Henta 18. november 2017. 
  24. «Van Eijk vurderer søksmål». VG/ Norsk Telegrambyrå (på norsk). 30. mai 1999. Henta 18. november 2017. 
  25. «– Det var helt fiasko». VG (på norsk). 30. mai 1999. Henta 18. november 2017. 
  26. Mjør, Kjersti (27. mai 1999). «Skal hjelpe Van Eijk til topps». Bergens Tidende. s. 50. 
  27. «Final of Jerusalem 1999 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 13. september 2022. 
  28. Jensen, Charlotte (17. mars 2021). «Eurovision 1992: Denmark’s Kenny & Lotte in focus». EuroVisionary (på engelsk). Henta 19. september 2022. 
  29. Sigurðsson, Hlynur (26. juni 2018). «An Xtra Happy Birthday; 26 June». ESCXTRA.com (på engelsk). Henta 19. september 2022. 
  30. 30,0 30,1 O'Connor, John Kennedy (2010). The Eurovision Song Contest: The Official History (2. utg.). Carlton Books. s. 156–159. ISBN 978-1-84732-521-1. 
  31. Vermeulen, André (2021). Van Canzonissima tot Eurosong: 65 jaar belgische preselecties voor het Eurovisiesongfestival (på nederlandsk) (2nd utg.). Leuven, Belgium: Kritak. s. 269. ISBN 978-94-0147-609-6. 
  32. «Anonymt brev skaper trøbbel». Dagbladet.no (på norsk). 28. mai 1999. Henta 18. november 2017. 
  33. Tangen, Anders Martinius. «Vellykket prøve med live-korister for JOWST - escNorge» (på norsk bokmål). Henta 6. januar 2018. [daud lenkje]
  34. «German National Final 1999». 50webs.com. Henta 3. februar 2017. 
  35. «Bosnian national final 1999». 50webs.com. Henta 3. februar 2017. 
  36. «Aj aj, så illa det kan gå». Aftonbladet. 5. februar 2009. Henta 18. november 2017. 
  37. «Rules of the 44th Eurovision Song Contest, 1999» (PDF). Den europeiske kringkastingsunion. Arkivert frå originalen (PDF) 25. februar 2021. Henta 13. mars 2021. 
  38. «Eurovision Song Contest 1999 – full cast». imdb.com. Henta 21. august 2017. 
  39. Online, Tiroler[daud lenkje] Tageszeitung. «ESC-Kommentator Andi Knoll: „Heinz Prüller bin ich keiner“ | Tiroler Tageszeitung Online - Nachrichten von jetzt!». Tiroler Tageszeitung Online (på tysk). Arkivert frå originalen 21. august 2017. Henta 21. august 2017. 
  40. 40,0 40,1 Christian Masson. «1999 – Jerusalem». Songcontest.free.fr. Henta 9. august 2012. 
  41. «Bart Peeters co-commentator op songfestival : showbizz». Mijnnieuws.skynetblogs.be. Arkivert frå originalen |archive-url= requires |archive-date= (hjelp). Henta 9. august 2012.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 2. april 2012. Henta 21. august 2017. 
  42. «Danske kommentatorer og pointsoplæsere». Esconnet.dk. Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 21. april 2012.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 21. august 2017. 
  43. betelgeuseIE (8. februar 2010). «Eurovision Song Contest 1999 opening sequence». YouTube. Henta 9. august 2012. 
  44. «Morgunblaðið, 29 May 1999». Timarit.is. Henta 9. august 2012. 
  45. «POVIJEST EUROSONGA: 1956–1999 (samo tekstovi)» (på kroatisk). HRT. Arkivert frå originalen 7. januar 2014. Henta 24. juli 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 7. januar 2014. Henta 21. august 2017. 
  46. Savvidis, Christos (OGAE Cyprus)
  47. «Nederlandse televisiecommentatoren bij het Eurovisie Songfestival» (på nederlandsk). eurovisionartists.nl. Henta 24. juli 2012. 
  48. «NRK P1 1999.05.29 : programrapport». urn.nb.no. Nasjonalbiblioteket og NRK Radio. 29. mai 1999. s. 14. Henta 21. august 2017. 
  49. «Zobacz temat – Eurowizyjna gra». Eurowizja.Com.Pl. Arkivert frå originalen 23. mars 2012. Henta 9. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 23. mars 2012. Henta 21. august 2017. 
  50. «Comentadores Do ESC - escportugalforum.pt.vu | o forum eurovisivo português». 21595.activeboard.com. Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 10. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 21. august 2017. 
  51. «Uribarri commentator Eurovision 2010» (på spansk). Foro EuroSong Contest. Arkivert frå originalen 17. mars 2012. Henta 24. juli 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 17. mars 2012. Henta 21. august 2017. 
  52. «Grand Final: 1999, 1999, Eurovision Song Contest». BBC. Henta 21. august 2017. 
  53. «Infosajten.com». Infosajten.com. Arkivert frå originalen 18. juli 2012. Henta 9. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 18. juli 2012. Henta 21. august 2017. 
  54. «Dr. Peter Urban kommentiert - Düsseldorf 2011». Duesseldorf2011.de. Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 9. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 21. august 2017. 
  55. «Selostajat ja taustalaulajat läpi vuosien? • Viisukuppila». Viisukuppila.fi. Henta 9. august 2012. 
  56. «Η Δάφνη Μπόκοτα και η EUROVISION (1987–2004)». Retromaniax.gr. Arkivert frå originalen 12. september 2012. Henta 10. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp)