Dorchester i Dorset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dorchester

Dorset dorchester hs.jpeg
Plassering
Dorchester i Dorset is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Dorset
Distrikt West Dorset
Grunnlagd 70 evt.
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

16 171
Koordinatar 50°42′″N 2°26′″WKoordinatar: 50°42′″N 2°26′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer DT1
Telefon-retningsnummer 0 1305
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dorchester i Dorset

Dorchester er ein marknadsby i Dorset, England. Han ligg ved elva Frome, omkring 32 km vest for Poole og 8 km nord for Weymouth. Dorchester har vore administrasjonsby for grevskapet sidan 1305, og er òg administrasjonssenter for distriktet West Dorset. Sjølve byen har drygt 16 000 innbyggjarar, og med nærområdet er det omkring 40 000 menneske.

Det er to jernbanestasjonar, med samband til London, Southampton og Bristol. A35 gjekk tidlegare gjennom byen, men sidan slutten av 1980-åra har han vore ført utanom.

Charles, prinsen av Wales, stod bak konstruksjonen av Poundbury, ein eksperimentell, sjølvforsynt landsby rett austom bygrensa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Omkring 3 km sørvest for sentrum i byen ligg jernalderfortet Maiden slott, som var ein av dei mektigaste festningane i det før-romerske Britannia. Romarane tok det over, og seinare vart det kontrollert av saksarane. Han som hadde kontroll over Maiden slott kontrollerte òg store delar av Dorset.

Byen vart grunnlagt av romarane under namnet Durnovaria i år 70. Det finst enno spor frå romersk tid, blant anna delar av bymuren og grunnmuren frå eit romersk hus. Dorset grevskapsmuseum har ei rekkje funn frå romersk tid. Rett utanfor byen ligg Maumbury med eit romersk amfiteater, og Poundbury Hill, som var ei romersk festning.

1600-talet var byen eit sentrum for den puritanske rørsla. Den lokale presten John White organiserte busetjinga i Dorchester i Massachusetts, og det er fleire andre byar i Nord-Amerika som fekk same namn av sine puritanske grunnleggjarar. Under borgarkrigen gjorde byen kraftig motstand mot rojalistane.

I 1685 mislukkast James Scott, 1. hertug av Monmouth med eit invasjonsforsøk. Nesten 300 av mennene hans vart dømd til døden eller transportering av domar George Jeffreys under Dei blodige rettsmøta, som vart haldne i Dorchester.

To store brannar, i 1613 og 1725, øydela store delar av byen, men ein del mellomalderbygningar er verna. Blant desse er bustaden til domar Jeffreys og eit fattighhus frå tudortida.

Kjende personar[endre | endre wikiteksten]

Diktaren Thomas Hardy er eit av dei mest kjent bysborn. Han baserte den fiktive byen sin Casterbridge på Dorchester. Barndomsheimen hans ligg austom byen, og huset han budde i inne i byen, Max Gate, er ope for publikum. William Barnes, som skreiv poesi på den lokale dialekten, var òg frå Dorchester. Det står statuar av begge i sentrum. Hardy og nok ein diktar, Cecil Day Lewis, er gravlagt i Stinsford, omkring halvannen kilometer frå byen.

Søraust for byen står Hardymonumentet, som er eit minnesmerke for sir Thomas Masterman Hardy, ein av offiserane til Horatio Nelsonar.

Daniel Defoe skreiv at «ein mann kan like gjerne tilbringe tid i Dorchester som i nokon annan by i England».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]