Southampton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Southampton

Kallenamn
«so'ton»
Plassering
Southampton is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Hampshire
Distrikt Sameint styresmakt
Grunnlagd ca. 43
Geografi
Flatevidd
 - By

51,47 km²
Innbyggjarar
 - By (2011)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

253 651
  4 928,1 /km²
895 569
1 547 000[1]
Koordinatar 50°53′49″N 1°24′15″WKoordinatar: 50°53′49″N 1°24′15″W
Diverse annan informasjon
Postnummer SO
Telefon-retningsnummer 023
Nettstad: www.southampton.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Southampton

Southampton er ein by og eit distrikt i det søraustlege England. Han ligg omtrent midt mellom Portsmouth og Bournemouth. Byen var tidlegare ein del av Hampshire, men sidan 1. april 1997 har han vore administrert som ei sameint styresmakt.

Distriktet omfattar fleire busetjingar utanom sjølve Southampton by, mellom anna Bassett, Bitterane, Millbrook, Shirley, Swaythling, Wollston, Totton og Eling.

Byen vart kraftig bomba under andre verdskrigen, og mange historiske bygningar vart øydelagt. Delar av den gamle bymuren er verna, og dessutan byporten Bargate i nordenden av muren.

University of Southampton og Southampton Solent University (tidlegare Southampton Institute) er dei fremste læra- og forskningssentrene i byen. Ordance Survey, det britiske kartverket, har hovudkvarteret sitt i Southampton.

Hamna er den viktigaste på sørkysten av England, og blir brukt både til kommersiell trafikk og til fritidsbåter.

Fotballaga til byen er Southampton FC, kjent som The Saints. Det var ein av spelarane til laget, Charles William Miller, som grunnla den første fotballklubben i Brasil.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Southampton og Portsmouth ca. 1888

Ein har funne spor etter busetjingar frå steinalderen i området, men den første permanente busetnaden er frå romersk tid. Byen var då kjent som Clausentum, og var hamneby for Winchester og Salisbury.

Angelsaksarane flytta sentrum over elva Itchen, til staden der byen ligg no. Southampton er framleis ei viktig hamn. I 1014 skal Knut den store ha slått den angelsaksiske kongen Ethelred den rådville. Det var under dette slaga Knut vert sagt å ha kommandert tidvatnet til å stoppe. Etter normannarane erobra England vart Southampton den viktigaste hamna for transport mellom Winchester, som var hovudstaden i England ein periode, og Normandie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Southampton frå Wikivoyage
  1. http://www.espon.eu/export/sites/default/Documents/Projects/ESPON2006Projects/StudiesScientificSupportProjects/UrbanFunctions/fr-1.4.3_April2007-final.pdf