Dronte
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Dronte | ||
| Systematikk | ||
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Columbiformes | |
| Familie: | Columbidae | |
| Slekt: | Raphus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Raphus cucullatus | ||
Dronten (Raphus cucullatus) er ein utdøydd fugleart av duefamilien. Fuglane kunne vega innpå 20-25 kg. Arten levde berre på øya Mauritius. Den siste av denne arten vart drepen i 1681.
Drontane var store fuglar som ikkje kunne flyge. Drontene var ein del av Columbiformes, duefuglane, men hadde elles ikkje særlege likskapar med duer av i dag. Dei var helst klumpete å sjå til og vanta både venger og naturleg frykt for menneske. Såleis vart dei hjelpelause i møte med dei europeiske sjøfararane, som kunne fanga dei med berre nevane. Dyr europearane tok med seg, som t.d. rotter, katter og hundar, gjorde òg sitt for å få ned bestanden.
Bakgrunnsstoff [endre]