Dugnad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ved hjelp av dugnad kan ein utføra tungt arbeid som er umogleg for ein enkeltperson.
Foto: Clear Path International
Dugnadsopprydding langs Galicia-kysten etter utslepp frå oljetankaren «Prestige».
Studentar frå Colombo hjelper organisasjonen Sarvodaya etter flodbølgja i Det indiske havet.
Foto: Sarvodaya Shramadana

Dugnad (av norrønt dugnaðr, 'hjelp') er arbeid utført i fellesskap der dei som medverkar ikkje vert betalte. Arbeidet kan utførast for fellesskapet eller for ein enkeltperson. Dugnadar skjer vanlegvis i eit lokalsamfunn, men kan òg skipast til på regionalt, nasjonalt eller til og med internasjonalt plan.

Typiske dugnadsarbeid er enkeltprosjekt som krev mykje arbeidskraft, som å setja opp ein bygning (til dømes ei låve, ein kai eller ei båtstø), nokre typar gardsarbeid som tresking eller hausting, eller stelling av fellesområde.

Forventingar[endre | endre wikiteksten]

Dugnadsarbeid er frivillig, men folk kan oppleva eit forventingspress om at dei skal delta og gjera godt arbeid. Til gjengjeld kan dei forventa av andre at dei vil stilla opp på same måten seinare. Dersom ein dugnad blir halden for ein særskild person, og ikkje for heile fellesskapen, er det gjerne venta at den som tener på det skal gje mat og drikke eller andre gode til deltakarane. Men også servering og liknande kan gjerast på dugnad.

Dugnad over heile verda[endre | endre wikiteksten]

Dugnadsomgrepet er rekna som utprega norsk. Våren 2004 vart ordet dugnad kåra til Noregs nasjonalord på NRK-programmet Typisk norsk. Men dugnadar finst ikkje berre i norsk kultur.

I mange delar av India er det svært vanleg at heile landsbyen går saman om innhaustinga eller reinska den lokale dammen. Dette blir på sanskrit kalla «sjramadhan», 'arbeids-gåve'. På tagalog har ordet bayanihan same betydning.

I Nord-Amerika nyttar ein ordet «bee» om å koma saman for å gjera noko, til dømes å sy eller treska (ordet kan òg brukast om konkurransar, til dømes «spelling bee» — ein stavekonkurranse). Det engelske ordtaket «Many hands make light work» ('mange hender letter arbeidet') viser til fordelane med ein dugnad.

«Barn raising» viser til det særskilde arbeidet med å reisa ein låve saman. Medan det var vanleg å byggja låver i fellesskap over heile den nordamerikanske landsbygda fram til og med 1800-talet, er det i dag sjeldnare, og finn hovudsakleg stad innan religiøse samfunn som amishfolk og mennonnittar, eller i dei geografisk avgrensa område i Canada og dei USA-amerikanske delstatane Maine, New Hampshire, Vermont og Wisconsin.

finsk nyttar ein ordet «talkoot» på nokonlunde same viset som vi nyttar det norske ordet «dugnad». Ordet er også lånt inn i finlandssvensk, «talko», men er ukjend i standard svensk. Tilsvarande omgrep finst òg på ungarsk «kaláka», tyrkisk «imece» og på indonesisk «gotong-royong».

Internasjonale dugnadar[endre | endre wikiteksten]

Nokre bistandsorganisasjonar bruker dugnadsarbeid til å hjelpa. Habitat for Humanity bygger til dømes hus på dugnad som trengande kan kjøpa rentefritt.

Eit eksempel på ein moderne dugnad over landegrensene er Wikipedia, som nyttar Internett til å samordna deltakarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kristian Østberg: Norsk bonderet. 1. utg. Oslo (Grøndahl; Cappelen), 1914–1939 12 b. [1].
    • 2. utg. Oslo (Cappelen), 1927–? 11 b. [2]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]