Dunalastair Water
| Dunalastair Water | |
|---|---|
|
|
|
| Stad | Perth and Kinross i Skottland |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Type innsjø | reservoar |
| Tilknytte land | |
| Største lengde | 2,5 km |
| Største breidde | 800 m |
| Overflateareal | 1,65 km² |
| Høgd over havet | 198 moh |
Dunalastair Water (skotsk-gælisk Loch Dhùn Alastair) er eit reservoar i Skottland som ligg mellom Loch Rannoch og Loch Tummel i Strath Tummel i Perth and Kinross. Reservoaret er bygt i samband med Tummel vasskraftverk. Innsjøen inneheld ein god del aure.
Oversyn [endre]
Dunalastair Water har eit areal på 1,65 km², og er 2,5 km lang og 800 meter brei. Det vart skapt då elva Tummel vart demd opp i 1933 som ein del av Tummel vasskraftverk. På nordsida ligg fjellet Beinn a' Chuallaich og i sør Schiehallion.
Sjølve demninga er 65 meter brei og har to flaumportar og fleire overløp på grunn av vassmengdene ein stundom treng i elva.
Biologi [endre]
Dunalastair Water er eit grunt reservoar og har ei middeldjpune på 1,5 meter. Dette gjev unike biologiske tilhøve for fuglar i området, og området kring innsjøen har status som Site of Special Scientific Interest. Av fuglar ein kan sjå ved innsjøen finn ein mellom anna songarar, lauvsongar, røyrdrum, fiskehegre, hegre og fuglekonge[1].
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Dunalastair Water» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: