Dvergmalle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dvergmalle


Svartelista i Noreg: Svartelista i Noreg Ukjend risiko for lokalt biologisk mangfald

Dvergmalle
Dvergmalle

Systematikk
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Actinopterygii
Infraklasse: Teleostei
Orden: Siluriformes
Familie: Ictaluridae
Slekt: Ameiurus
Art: A. nebulosus
Vitskapleg namn
Ameiurus nebulosus
Lesueur, 1819
Dvergmalle
Namn på andre språk
Svensk Dvärgmal
Engelsk Brown bullhead
Tysk Katzenwels, Zwergwels
Fransk Barbotte brune
Russisk Amerikanskij somik (Американский сомик)

Dvergmalle (Ameiurus nebulosus) er ei lita mallefisk som er særs vanleg i ferskvatn nordøst i Nord-Amerika. Arten er òg sett ut mange stadar, m.a. i Drengsrudvannet ved Asker der han vart sett ut i 1890.

[endre] Kjenneteikn

Dvergmallen har 8 skjeggtrådar rundt munnen, som sit på undersida av det flate hovudet. Ryggen er grå til blåsvart, gulbrun eller oliven, med lysare sider og gul til kvit buk. Han er ein litan fisk, som sjeldan vert over 34 cm i Europa. I Amerika har dei funne eksemplar på opptil 55 cm og over 2 kg. Arten kan ikkje forvekslast med andre norske ferskvassfisk.

[endre] Levesett

Dvergmallen lever på blaut botn i eutrofe vatn, små dammar, tjern og sakteflytande elver med mykje vassplanter. Her jaktar han om natta på insektlarver, rogn, småfisk og ymse ferskvasslevande virvellause dyr med hjelp av skjeggtrådene sine. Sjølv i stilleståande vatn kan fisken lukta seg fram til bytte på opptil 25 fiskelengders avstand.

Arten er særs hardfør overfor både ureining og låge oksygennivå. Han er òg særs varmeresistent. Når tilhøva vert for tøffe, grev han seg gjerne ned i botnen.

Dvergmalle gytar i juni-juli på grunt vatn, stundom fleire gongar i løpet av same sommaren. Foreldra grev eit reir der hoa legg 500-13000 egg som målar om lag 3 mm i diameter. Dei vaksne vaktar dei til dei klekker etter om lag ei veke. Larvane er kjønnsmogne etter 3 år ved 20-33 cm.

[endre] Kjelder

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk