EasyGo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bomstasjon på Svinesund (AutoPASS i blå filer)

EasyGo er eit fellesføretak (joint venture) mellom Noreg, Sverige, Danmark og Austerrike som gjer det mogeleg å bruke ei og same elektroniske bombrikke i alle land når ein passerer i bompengeanlegg, på ferjer og bruer.[1] Føremålet med EasyGo er at same bombrikke skal kunna nyttast til betaling ved køyring gjennom kva som helst betalingsanlegg gjennom Nord-Europa og Austerrike.[2]

EasyGo er basert på DSRC 5,8 GHz mikrobølgeteknikk og det er store skilnader på operatørane. Anlegga har ulik utforming og det finst inga felles EasyGo-skilting, men det finst enkelte fellestrekk.[3]

Bomstasjon på Storebæltbrua (BroBizz i grøne filer)
Bomstasjon på Øresundbrua (BroBizz i grøne filer)

Historie[endre | endre wikiteksten]

EasyGo var den første kommersielle grenseoverskridande innkrevjingstenesta av bompengar i Europa. Innleiande diskusjonar byrja i 2004, då Svinesundsbrua mellom Noreg og Sverige var ved å byggjast. Transportstyresmaktene i Noreg og Sverige, norske Statens vegvesen og svenske Transportstyrelsen, gjekk saman med Sund & Bælt (operatør av Storebæltbrua) og Øresundsbro Konsortiet (dansk/svensk joint venture, operatør av Øresundbrua) og oppretta EasyGo i 2007.

Austerrikske ASFINAG slutta seg til partnarskapet i 2009.[4]

Alle eksisterande nordiske system tekne i bruk før 2007 (AutoPASS og BroBizz) inngår, og ein treng ikkje endra lovgjevinga i landa. EasyGo landa har fire forskjellige valutaer og variable momsnivå.

Frå 1. januar 2021 er det eit krav på Storebæltbrua at brikkeutferdaren skal vere EETS-godkjent,[5] noko som i realiteten gjer at dei fleste AutoPASS-brikker ikkje lenger kan nyttast, fordi berre SkyttelPASS har EETS-godkjenning.[6][7] Fremtind Service har og søkt om godkjenning.[8]

EasyGo Basic[endre | endre wikiteksten]

EasyGo Basic er for køyretøy som berre ferdast innanfor Skandinavia og har ei maksimalt tillaten totalvekt på 3,5 tonn.[9]

EasyGo+[endre | endre wikiteksten]

EasyGo+ er ein internasjonal bompengeavtale som lèt førarar av køyretøy over 3,5 tonn betala veiavgift i Austerrike, Danmark, Sverige og Noreg ved hjelp av ei og same bombrikke i alle dei fire landa.[10]

Utferderar[endre | endre wikiteksten]

EasyGo leverast frå fleire utferderar. Somme utferderar tilbyr imidlertid bombrikker for berre ei av tenestene. For at ei brikke frå ein utferdar skal vera gyldig i eit bestemt bompengeområde føreset det at utferdaren har ei avtale med bompengeselskapet i området.[11]

Utferdar Land Gyldig i
AS24  Frankrike  Austerrike Danmark Sverige
Axxès  Frankrike  Austerrike Danmark Sverige
BroBizz A/S  Danmark  Austerrike Danmark Sverige
DKV Euro Service GmbH & Co KG  Tyskland  Austerrike Danmark Sverige
Eurotoll SAS  Frankrike  Austerrike Danmark Sverige
Fremtind Service AS  Noreg  Danmark Sverige
Toll4Europe GmbH  Tyskland  Austerrike
ØresundPay  Sverige  Danmark Sverige
SkyttelPASS AS  Noreg  Danmark Sverige
TELEPASS SPA  Italia  Danmark Sverige
Tolltickets GmbH  Tyskland  Austerrike Danmark Sverige
W.A.G payment solutions, a.s.  Sveits  Austerrike
Fyt AS  Noreg  Danmark Sverige

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Enonic. «EasyGo - AutoPASS». www.autopass.no (på norsk). Arkivert frå originalen 13. februar 2018. Henta 28. januar 2018. 
  2. «Om EasyGo | EasyGo». easygo.com (på norsk bokmål). Henta 28. januar 2018. 
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 29. januar 2018, henta 28. januar 2018 
  4. Thomsen, Lene Gebauer (1. mars 2017). «EasyGo: 10 år med grænseoverskridende betalingsløsninger». BroBizz® (på dansk). Arkivert frå originalen 29. januar 2018. Henta 28. januar 2018. 
  5. «Privat», DA (på dansk), henta 20. februar 2021 
  6. «Om utstedervirksomheten - AutoPASS», www.autopass.no, arkivert frå originalen 20. januar 2021, henta 30. mars 2021 
  7. «Om oss», www.skyttelpass.no, henta 30. mars 2021 
  8. «EETS-direktivet», Regjeringen.no (på norsk), 23. februar 2021, henta 30. mars 2021 
  9. «EasyGo Basic | EasyGo». easygo.com (på norsk bokmål). Henta 28. januar 2018. 
  10. «EasyGo+ | EasyGo». easygo.com (på norsk bokmål). Henta 28. januar 2018. 
  11. «Utstedere | EasyGo». easygo.com. Henta 12. mai 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]