Edvard vedkjennaren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edvard vedkjennaren
Edward der Bekenner.jpg
Edvard vedkjennaren avbilda på Bayeuxteppet
Konge av England
Regjeringstid ca. 1042-1066
Fødd ca. 1004, Islip i England
Død 5. januar 1066, London i England
Føregjengar Hardeknut
Etterfølgjar Harald II
Ektefelle Edith av Wessex (gift 23. januar 1045)

Edvard vedkjennaren (engelsk Edward the Confessor) (10045. januar 1066) var den nest siste angelsaksiske kongen av England.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Edvard var son av kong Ethelred II den rådville, som var komen til makta då halvbroren Edvard martyren blei drepen i 978. Mor hans var Emma av Normandie, dottera til hertug Richard I av Normandie. Edvard var såleis halvt normannisk.

Edvard blei utdanna i Ely i East Anglia, men blei etter den danske invasjonen i 1013 send til tryggleik i Normandie saman med mora og broren Alfred. Her fullførte han utdanninga si.

Konge[endre | endre wikiteksten]

«Edvard, som vart teken til konge etter Hardeknut, var son til Æthelred hin raadlause og Emma, syster til hertug Richard den 2dre i Normandi (996-1026). Heile tidi medan Knut og sønerne hans raadde i England var Edvard i Normandi hjaa skyldfolket sit. Der vart han upplærd i fransk-normansk sed og maalføre, og meir som munk en som konge. Som konge var han ein tatlot tufs, ein bønekrok, som tenkte mesta berre paa bønebøker og vigslevatn, og let riksstellet horva seg som heppa var til.»

Arne Vestrum
Englands saga til um lag 1080, Det Norske Samlaget 1895, s. 52

Etter at halvbroren til Edvard, Hardeknut, døydde i 1044 blei Edvard krona til konge av England. Dei over tjue åra hans på trona var stort sett fredelege. Han gifta seg med Edith, dotter av jarl Godwin av Wessex, den mektigaste mannen i riket. Dei to fekk ingen barn.

Kong Edvard låg i konflikt med jarl Godwin, og forviste ei tid han og familien hans frå riket. Også kona Emma blei send i kloster for ei tid. Då hertug Vilhelm av Normandie (seinare Vilhelm erobraren vitja det engelske hoffet i 1051, skal Edvard ha bede han overta trona etter han. Men då jarl Godwin kom tilbake frå eksil i Flandern med ein flåte måtte kong Edvard forhandla med han for å unngå borgarkrig, og normannarar blei lyst fredlause i England. Dette førte til at erkebiskop Richard av Canterbury og ein annan normannisk biskop måtte flykta, og Stigand blei ny erkebiskop.

For å oppfylla eit religiøst løfte restaurerte og utvida kongen eit lite kloster på Thorney like utanfor London. Klosterkyrkja blei i første omgang 300 fot land, og fekk tilnamnet West Minster for å skilja henne frå St. Pauls katedral aust i byen. Kyrkja, som no er kjend som Westminster Abbey, blei seinare kroningskyrkje for engelske monarkar. Kyrkja stod ferdig rett før Edvard døydde, men han var for sjuk til å delta då ho blei innvigd 28. desember 1065. Han blei seinare gravlagd der, som den første av ei rekkje engelske kongelege.

Då Edvard døydde 5. januar 1066 var det uklart kven som skulle overta trona etter han. Hertug Vilhelm av Normandie meinte han var blitt lova henne, medan andre hevda at Edvard utnemnde Harold Godwinsson, sonen til jarl Godwin, til tronfølgjar på dødsleiet. Dette blei aldri heilt klart, men saka blei avgjort då Vilhelm sigra over og drap Harold i slaget ved Hastings under den normanniske erobringa av England.

Helgen[endre | endre wikiteksten]

Edvard fekk raskt tilnamnet «vedkjennaren», det vil seie ein som kjenner seg trua på Jesus Kristus, for å skilja han frå onkelen Edvard martyren. Begge dei to blei utnemnde til helgenar i den katolske kyrkja. Han blei seinare utropt til vernehelgen for England saman med Edmund av East Anglia. Dei blei seinare fortrengd av heilage Georg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]