Harald II av England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Harald Godwinson på det kjende Bayeuxteppet.

Harald II Godwinson (engelsk: Harold Godwinson) (rundt 102214. oktober 1066) var den siste saksiske kongen av England. Han regjerte berre frå 5. januar 1066 til oktober same året, då han blei drepen i slaget ved Hastings.

Harald var son av Godwin, den mektige jarlen av Wessex, og Gyða Þorkelsdóttir, som var barnebarn til den legendariske svenske vikingen Styrbjörn Starke og tippoldebarn til Harald Blåtann.

Då faren døydde i 1053 blei Harald Godwinson jarl av Wessex, eit område som på den tida dekte ein tredjedel av England, heilt sør i landet. Dette gjorde han til den mektigaste mannen i landet, bortsett frå kongen.

Samling av makt[endre | endre wikiteksten]

Harald fortsette faren sin rolle som samlingspunkt for motstandskampen mot aukande normannisk innverknad på England. Han gjekk òg til kamp mot Gruffydd ap Llywelyn, som hadde erobra heile Wales. Han sigra over Gruffydd, som deretter blei drepen av sine eigne menn, i 1063. Noko seinare gifta Harald seg med enka hans, Edith, som var dotter av jarlen av Mercia. Dei fekk to søner saman, Harald og Ulf. Harald fekk òg fleire barn med frilla si, Ealdgyth (Edith) Svanehals.

I 1065 gav Harald støtte til opprørarar frå Northumbria mot bror sin, Tostig, som på grunn av dette allierte seg med Harald Hardråde.

Edvard Vedkjennaren døydde den 5. januar 1066, hevda Harald at han var blitt lova trona på dødsleiet til den engelske kongen. Han fekk witenagemotet, rådet til kongen, til å godkjenna han, og blei krona alt neste dag.

Trugsmål utanfrå[endre | endre wikiteksten]

Det tok ikkje lang tid før landet blei invadert. Harald Hardråde gjekk i land i det som nå er Yorkshire i september. Dei vann slaget ved Fulford nær York, men fem dagar seinare blei dei slått av den engelske hæren til Harald Godwinson i slaget ved Stamford bru

Men i sør truga ei anna fare. Hertugen Guillaume (seinare kjend som Wilhelm Erobraren) av Normandie meinte han var blitt lova trona, både av den tidlegare kongen og den noverande. Harald Godwinson skulle ha svore ein eid om at den engelske krona skulle gå til Guillaume då skipet hans grunnstøtte i Normandie i 1064 eller 1065.

Etter å ha sigra over den norske invasjonen måtte Harald nå avverga den normanniske. Han tvinga hæren sin til å gå 240 mile til Sussex, der Guillaume og ein hær på rundt sju hundre var gått i land. Dei to hærane møtte kvarandre ved Hastings den 14. oktober. Etter ein hard kamp blei Harald drepen. Tradisjonen, og Bayeuxteppet, seier han fekk ei pil i auget, noko som var ei vanleg straff for meineidsmenn. Andletet hans var så skada at Edit Svanehals måtte identifisera kroppen hans.

Etter døden[endre | endre wikiteksten]

Ein normannisk kjelde hevder at Harald blei gravlagd med utsyn over saksarkysten, men det er meir truleg at han blei steda til kvile i kyrkja si Waltham i Essex.

Ei av Harald sine døtrer, Gytha av Wessex, blei stammor til fleire austeuropeiske herskardynasti, og på grunn av dette blir Harald rekna som ein martyr av den russiske ortodokse kyrkja med minnedag den 14. oktober.

Den drepne kongen blei òg heltedyrka i heimlandet. Ei legende frå ellevehundretalet seier at han ikkje blei drepen, men budde i Winchester i to år, til han var blitt frisk frå skadane sine, og deretter vandra rundt i Tyskland som ein pilegrim. Då han blei gammal kom han tilbake til England, og blei ein einebuar i ei hole ved Dover. På dødsleiet sitt forklarte han at namnet hans ikkje eigentleg var Kristian, men Harald Godwinson.

På attenhundretalet blomstra interessa for saksarkongen opp igjen. Han blei emnet for eit skodespel, Harold, av Alfred Tennyson, og romanen Last of the Saxon Kings av Edward Bulwer-Lytton. I The tree of justice skriv Rudyard Kipling om ein gammal mann som kjem til Henry I og viser seg å vera Harald Godwinson. Og i sitt historieverk History of the Norman Conquest of England gjorde E. A. Freeman kongen til den store engelske helten.