Efim Geller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Efim Geller (1980)

Efim Petrovitsj Geller, russisk: Ефим Петрович Геллер, (8. mars 192517. november 1998) var ein ukrainsk og sovjetisk stormeister i sjakk, sjakktrenar og sjakkskribent. Han var blant dei beste spelarane i verda frå 1950-talet til 1970-talet.

Han deltok i kandidatturneringa som kåra utfordrar til verdsmeisteren i sjakk heile seks gongar. Han hadde i den samla karrieren ein positiv skår mot verdsmeistrane i sjakk Mikhail Botvinnik, Vassilij Smyslov, Tigran Petrosjan og Bobby Fischer[1].

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Efim Geller voks opp i Odessa, Han var ein god basketballspelar, og tok utdanning som idrettstrenar. Han var relativt seint ute med å satse på sjakk, og utviklinga som sjakkspelar vart nok også seinka av den andre verdskrigen. Det første verkeleg gode turneringsresultatet var ein sjetteplass i den ukrainske meisterskapen i 1947.

I 1949 vann Geller semifinala i Sovjetmeisterskapen i sjakk i Tbilisi og klarte deretter i finalen i Moskva same året ein sensasjonell delt tredjeplass etter David Bronstein og Vassilij Smyslov, men framom så kjende spelarar som Semjon Furman, Isaak Boleslavskij, Alexander Kotov, Salo Flohr, Tigran Petrosjan, Vjatsjeslav Ragosin, og Grigorij Löwenfisch.

I løpet av karrieren spelte Geller 23 Sovjetmeisterskap, berre Mark Taimanov har like mange. Geller vann to meisterskap, i 1955 og 1979. Då han vann den siste som 54-åring, vart han den eldste vinnaren av ein Sovjetmeiserskap nokon gong.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.