Elva Kama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kama
Kama og Toima renn saman ved Jalabuga
Kama og Toima renn saman ved Jalabuga
Utspring Udmurtia
Munning Volga
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 1805 km
Nedslagsfelt 507 000 km²
Kama - Nedslagsfeltet til Volga og Kama
Nedslagsfeltet til Volga og Kama

Kama (russisk Ка́ма) er ei stor elv i Russland og den lengste sideelva til Volga frå venstre. Før dei renn saman er ho faktisk lenger enn Volga.

Elva spring ut i Udmurtia, nær byen Kuliga og renn nordvestover i 200 km, før ho snur nordaustover nær byen Lojno i nye 200 km, før ho så snur sørover og vestover i Perm kraj. Ho renn igjen igjennom Udmurtia og så gjennom Tatarstan, der ho munnar ut i Volga.

Totalt har Kama ei lengd på 1805 km. Dei største sideelvane hennar er Kosa, Visjera, Sylva, Tsjusovaja, Belaja, Ik, Izj, Zaj, Vjatka og Mjosja. Av byar ved Kama finn ein Solikamsk, Berezniki, Perm, Sarapul og Naberezjnje Tsjelnyj. Elva renn vest for Uralfjella og vert mykje nytta til transport.

Kama River (4x3 photo).jpg

Før jernbanane vart bygd var Kama knytt til viktige portager med Nordre Dvina og Petsjora. Tidleg på 1800-talet vart Nordre Jekaterinskij-kanalen bygd mellom øvre Kama og Vytsjegda, ei sideelv til Nordre Dvina, men denne vart lite brukt og stengd etter nokre år.

Demningar og reservoar[endre | endre wikiteksten]

Kama er demd opp fleire stader:

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Elva Kama

Kjelder[endre | endre wikiteksten]