Engminneblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Engminneblom


Förgätmigej.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Familie: Boraginaceae
Slekt: Myosotis
Art: M. scorpioides
Vitskapleg namn
Myosotis scorpioides

Engminneblom er ei fleirårig plante i rubladfamilien. Ho har ei sirkumpolar utbreiing i den nordlege tempererte sonen. Planta har tett blomsterstand utan blad. Blomsteren er oftast 8 mm brei, stundom 4-5 mm. Kronrøyra når utom begerflikane. Engminneblom blømer kring juni månad på fuktige stader. Han finst i Noreg nord til Vesterålen, og også i Finnmark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.