Enjoy Yourself
| Enjoy Yourself Studioalbum av Kylie Minogue |
||
| Utgjeve | 9. oktober 1988 | |
| Innspelt | 1989 | |
| Sjanger | Pop, dansepop | |
| Lengd | 32:55 | |
| Selskap | Mushroom Records Geffen Records |
|
| Produsent | Stock Aitken Waterman | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Kylie Minogue-kronologi | ||
| Kylie (1988) |
Enjoy Yourself | Rhythm of Love (1990) |
Enjoy Yourself er det andre albumet til australske songaren Kylie Minogue. Det vart gjeve ut i oktober 1989 og fekk blanda kritikkar.
Innhaldsliste |
Albuminformasjon [endre]
Etter den kommersielle suksessen med debutalbumet Kylie i 1988 byrja Minogue innspelinga av det neste albumet med produsentane Stock Aitken Waterman i London i februar 1989.[1] Coverversjonen av «Tears on My Pillow» var ein av dei siste songane som vart spelt inn til albumet.
Enjoy Yourself nådde fyrsteplass i Storbritannia og vart fekk dobbel platina etter sal på over 600 000. Albumet selde over ein million eksemplar i løpet av dei ti første vekene etter utgjevinga,[1] og nådde grensa for kvadrupelplatina 1. januar 1990. Albumet nådde nummer ni i Australia og ho fekk platinumplate for utgjevinga. Albumet har selt over fem millionar eksemplar på verdsbasis. Albumet nådde òg fyrsteplass i Hongkong og Irland, og nådde Top 10 i Belgia, Danmark, Hellas og Japan.[1]
Singlar [endre]
Den fyrste singelen «Hand on Your Heart» nådde fyrsteplass på den britiske hitlista og nummer fire på den australske hitlista. Den andre singelen «Wouldn't Change a Thing» debuterte som nummer to i Storbritannia. Den tredje singelen, «Never Too Late», vart Minogue sin åttande singel på rad som hamna på dei britiske hitlistene. Han vart nummer fire og selde over 200 000 eksemplar. Den fjerde singelen «Tears on My Pillow» vart spelt inn for filmen The Delinquents og er ein coverversjon. Songen gjekk inn som nummer to på lista i Storbritannia og nådde fyrsteplass veka etter.
Sporliste [endre]
| # | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Hand on Your Heart» | 3:54 |
| 2. | «Wouldn't Change a Thing» | 3:17 |
| 3. | «Never Too Late» | 3:24 |
| 4. | «Nothing to Lose» | 3:27 |
| 5. | «Tell Tale Sings» | 2:28 |
| 6. | «My Secret Heart» | 2:42 |
| 7. | «I'm Over Dreaming (Over You)» | 3:27 |
| 8. | «Tears on My Pillow» | 2:33 |
| 9. | «Heaven and Earth» | 3:47 |
| 10. | «Enjoy Yourself» | 3:46 |
Topplisteplasseringar [endre]
| Toppliste | Listeplassering |
|---|---|
| Australia (ARIA Charts)[1] | 9 |
| Belgia (IFPI)[1] | 3 |
| Danmark (Tracklisten)[1] | 10 |
| Tyskland (Media Control Charts) | 33 |
| Hellas (Greek Albums Chart)[1] | 2 |
| Irland (Irish Albums Chart)[1] | 5 |
| Japan (Oricon)[2] | 5 |
| New Zealand (RIANZ)[3] | 6 |
| Sveits (Schweizer Hitparade)[4] | 13 |
| Sverige (Sverigetopplistan)[5] | 33 |
| Storbritannia (UK Albums Chart)[1] | 1 |
Sal og sertifisering [endre]
| Land | Sertifisering | Sal |
|---|---|---|
| Australia (ARIA) | Platina | 70.000 |
| Storbritannia (BPI) | 4× Platina | 1.200.000 |
| Frankrike (SNEP) | Gull | 100.000 |
| Sveits (IFPI) | Gull | 25.000 |
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen byggjer på «Enjoy Yourself» frå Wikipedia på bokmål, den 14. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 Albums: Enjoy Yourself. Kylie.com. Vitja 3. desember 2007.
- ↑ カイリー・ミノーグ. Oricon.co.jp. Vitja 2. august 2012.
- ↑ Steffen Hung. Kylie. Charts.org.nz. Vitja 2. august 2012.
- ↑ Discography Kylie Minogue. Schweizer Hitparade. Hung Medien. Vitja 5. januar 2008.
- ↑ Discography Kylie Minogue. Sverigetopplistan. Hung Medien. Vitja 5. januar 2008.