Kylie av Kylie Minogue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kylie
Studioalbum av Kylie Minogue
Utgjeve 4. juli 1988
Innspelt 1987–88
London i England
Sjanger Dansepop, tyggegummipop
Lengd 35:24
Selskap Mushroom Records
Geffen Records
Produsent Stock Aitken Waterman
Kritikk
Kylie Minogue-kronologi
- Kylie Enjoy Yourself
(1989)

Kylie er debutalbumet til den australske songaren Kylie Minogue. Det vart utgjeve i juli 1988 og fekk blanda kritikkar.

Utgjeving og listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

I Nord-Amerika kom det langt nede på Billboard-lista, men selde likevel over 500 000 eksemplar.[1] Kylie nådde nummer to på den britiske albumlista den 10. juli 1988, og låg på førsteplass i fire veker frå 21. august 1988 og i ytterlegare to veker frå 13. november 1988.[1] Kylie vart sertifisert til platina sju gonger i Storbritannia og har selt 6,5 millionar eksemplar over heile verda. Albumet selde 1,8 millionar eksemplar i 1988 og vart det mest selde albumet det året.[1] Kylie var det første albumet av ein kvinneleg soloartist til å selja meir enn to millionar eksemplar i Storbritannia, og er det 58. mest selde albumet gjennom tidene.

Albumet nådde Topp 10 i Tyskland,[2] Noreg[3] og Sveits,[4] og selde 143 627 eksemplar i Sverige.[5] Kylie nådde femtitredjeplassen på Billboard 200 i USA.[6] Kylie er fram til no (2011) albumet hennar som har hatt størst suksess på New Zealand, det nådde førsteplassen og blei verande på albumlista i 53 veker.

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • Den første singlen «The Loco-Motion» vart utgjeven 4. juli 1987. Han låg sju veker på førsteplass på den australske singellista, og var den mestseljande singelen i landet på 1980-talet. Han vart då gjeven ut som den fjerde singelen frå albumet.
  • «I Should Be So Lucky» vart utgjeven 29. desember 1987, og nådde førsteplassen på topplistene i Australia og Storbritannia.
  • Den tredje singlen «Got to Be Certain» nådde førsteplassen på salslista i Australia og fekk moderat suksess i resten av verda. Han nådde andreplassen i Storbritannia og blei verande på lista i tre veker.

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Stock Aitken Waterman, bortsett frå der andre er nemnde.

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «I Should Be So Lucky»     3:24
2. «The Loco-Motion»   Gerry Goffin, Carole King 3:14
3. «Je Ne Sais Pas Pourquoi»     4:01
4. «It's No Secret»     3:58
5. «Got to Be Certain»     3:19
6. «Turn It into Love»     3:37
7. «I Miss You»     3:14
8. «I'll Still Be Loving You»     3:50
9. «Look My Way»     3:36
10. «Love at First Sight»     3:08

Topplisteplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Toppliste Listeplassering
Australia (ARIA Charts)[1] 2
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[7] 15
Tyskland (Media Control Charts)[2] 8
Japan (Oricon)[8] 30
Noreg (VG-lista)[3] 10
New Zealand (RIANZ)[9] 1
Sverige (Sverigetopplistan)[10] 22
Sveits (Schweizer Hitparade)[4] 7
Storbritannia (UK Albums Chart)[1] 1
USA (Billboard 200)[6] 53

Sal og sertifisering[endre | endre wikiteksten]

Land Sertifisering Sal
Australia (ARIA) 6× Platina[11] 420.000+
Frankrike (SNEP) Platina[12] 300.000+
Finland (IFPI Finland) Gull[13] 25.000
Tyskland (IFPI Germany) Gull[14] 250.000+
Sveits (IFPI) Platina[15] 50.000+
Storbritannia (BPI) 6× Platina[16] 2.100.000+
USA (RIAA) Gull[17] 500.000+

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 "Albums: Kylie". Offisiell nettstad. Vitja 1. oktober 2007.
  2. 2,0 2,1 World Chart Positions. Charts-Surfer.de. Vitja 5. januar 2008.
  3. 3,0 3,1 Discography Kylie Minogue. NorwegianCharts.com. Vitja 5. januar 2008.
  4. 4,0 4,1 "Discography Kylie Minogue". SwissCharts.com. Vitja 5. januar 2008.
  5. Kylie Minogue - Kylie (album). Sverigetopplistan. Hung Medien. Vitja 29. mars 2011.
  6. 6,0 6,1 Kylie Minogue > Charts & Awards > Billboard Albums. Allmusic. Vitja 1. oktober 2007.
  7. Discographie Kylie Minogue. AustrianCharts.at. Vitja 5. januar 2008.
  8. カイリー・ミノーグ. Oricon.co.jp. Vitja 2. august 2012.
  9. Steffen Hung. Kylie Minogue - Kylie. charts.org.nz. Vitja 28. august 2011.
  10. Kylie Minogue - Kylie (album). Sverigetopplistan. Hung Medien. Vitja 29. mars 2011.
  11. ARIA Charts – Accreditations – 2011 Albums. Australian Recording Industry Association. Vitja 16. juli 2011.
  12. Les Certifications (Albums) du SNEP (Bilan par artiste). SNEP. Vitja 27. mars 2011.
  13. Kulta- ja platinalevyt. International Federation of the Phonographic Industry. Vitja 21. september 2010.
  14. Gold/Platin Datenbank. International Federation of the Phonographic Industry. Vitja 27. mars 2011.
  15. Search Awards. Swiss Music Charts. Vitja 27. mars 2011.
  16. Certified Awards - Searchable Database. British Phonographic Industry. Vitja 27. mars 2011.
  17. RIAA Certification - Gold & Platinum. Recording Industry Association of America. Vitja 29. mars 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]