Aphrodite av Kylie Minogue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aphrodite
Studioalbum av Kylie Minogue
Aphrodite-Kylie-Logo.png
Utgjeve 30. juni 2010[1]
Innspelt 2009–10
Sjanger Dansepop, electropop, synthpop
Lengd 43:30
Selskap Parlophone
Capitol Records
Produsent Stuart Price[1]
Kish Mauve
Cutfather
Peter Wallevik
Daniel Davidsen
Lucas Secon
Damon Sharpe
Starsmith
Nerina Pallot
Andy Chatterley
Calvin Harris
Kritikk
Kylie Minogue-kronologi
X
(2007)
Aphrodite Kiss Me Once
(2014)
Singlar frå Aphrodite
  1. «All the Lovers»
    Utgjeve: 28. juni 2010
  2. «Get Outta My Way»
    Utgjeve: 27. september 2010
  3. «Better than Today»
    Utgjeve: 3. desember 2010
  4. «Put Your Hands Up (If You Feel Love)»
    Utgjeve: 29. mai 2011

Aphrodite er det ellevte studioalbumet til den australske songaren Kylie Minogue. Det var det første studioalbumet hennar etter X frå 2007. Dei fire singlane utgjeve frå albumet har alle nådd fyrsteplassen på Billboard (Hot Dance Club Songs).[2]

Albuminformasjon[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart fronta av singelen «All the Lovers» som kom ut på førehand, og vart utgjeven over heile verda i juli 2010.[3] «All the Lovers» var ein av dei siste songane som vart skrive for albumet, og denne vart seinare valt som første singelen.[4]Aphrodite er Stuart Price den viktigaste produsenten, medan låtskrivarane er Minogue, Stuart Price, Calvin Harris, Jake Shears, Nerina Pallot, Pascal Gabriel, Lucas Sekon, Tim Rice-Oxley[3] og Kish Mauve.[4] Price bidrog til albumet med ei kreativ økt med Minogue i New York i slutten av 2009.[4] Albumet inneheld ingen balladar, men nokre slike songar vart spelt inn under innspelinga av albumet.[4] Songen «Better than Today» vart framført av Minogue på den nordamerikanske turnen hennar For You, For Me Tour før innspelinga.[5]

Minogue la seinare ut på turneen Aphrodite World Tour. Turneen vart hennar største så langt og dei vitja fem verdsdelar i alt inkludert Europa, Asia, Nord-Amerika, Oseania og Afrika.[6]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Aphrodite nådde topplistene i over femten europeiske land. Albumet nådde fyrsteplass på dei britiske hitlistene og var det femte albumet til Minogue som nådde fyrsteplass på lista.[7] I USA vart dette det nestbestseljande albumet hennar med sal av over 18 000 eksemplar i løpet av den første veka, og albumet nådde nittandeplass på Billboard 200.[8] I Australia vart albumet det tiande Top 10-studioalbumet hennar og det nådde andreplassen på den australske albumlista.[9] I Tyskland vart albumet hennar det tredje til å nå Top 10, det første sidan Fever.[10] Aphrodite vart sertifisert til platina i Australia og Storbritannia for sal av over 70 000 og 300 000 eksemplar.[11][12]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • Den første singelen frå Aphrodite vart som «All the Lovers».[13] Under eit intervju med CNN fortalde Minogue om valet av songen som første singel. Singelen fekk positive anmeldelser frå kritikarar[14][15] og vart ein Top 10-singel i Storbritannia. Songen nådde òg Top 10 og Top 20 på hitlistene i Europa, Asia og Australia.[16][17]
  • Den andre singelen «Get Outta My Way» vart utgjeven over heile verda i september 2010.[18] Songen kom ut i oktober 2010 i Australia. I eit intervju skildra Kylie songen som «rein dansepop» og seier at energien er særs smittande.[19]
  • «Better than Today» vart den tredje singelen frå albumet og vart utgjeven den 6. desember 2010 i Storbritannia.[20] Songen har fått stort sett positive meldingar frå kritikarar. I USA nådde songen fyrsteplassen på Billboard-danselista.
  • «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» vart utgjeven som den fjerde singelen. Songen kom ut 3. juni 2011 over heile verda. «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» nådde fyrsteplass på Billboard-danselistene, der Minogue no har oppnådd fem påfølgjande fyrsteplass-singel. Songen nådde ikkje topplistene i Australia og Storbritannia.

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Låtskrivar(ar) Produsent(ar) Lengd
1. «All the Lovers»   Kish Mauve Eliot, Stuart Price 3:20
2. «Get Outta My Way»   Mich Hansen, Lucas Secon, Damon Sharpe, Peter Wallevik, Daniel Davidsen Cutfather, Davidsen, Wallevik, Price, Secon, Sharpe 3:38
3. «Put Your Hands Up (If You Feel Love)»   Starsmith, Nervo Starsmith, Price 3:38
4. «Closer»   Stuart Price, Beatrice Hatherley Price 3:10
5. «Everything is Beautiful»   Tim Rice-Oxley, Frase T. Smith Smith 3:25
6. «Aphrodite»   Nerina Pallot, Andy Chatterley Chatterley, Pallot, Price 3:45
7. «Illusion»   Kylie Minogue, Stuart Price Price 3:21
8. «Better than Today»   Nerina Pallot, Andy Chatterley Chatterley, Pallot, Price 3:25
9. «Too Much»   Kylie Minogue, Calvin Harris, Jake Shears Harris 3:16
10. «Cupid Boy»   Sebastian Ingrosso, Magnus Lidehall, Nick Clow Ingrosso, Lidehäll, Price 4:26
11. «Looking for an Angel»   Kylie Minogue, Stuart Price Price 3:50
12. «Can't Beat the Feeling»   Hannah Robinson, Pascal Gabriel, Borge Fjordheim, Matt Prime, Richard Philips Fjordheim, Gabriel, Price 4:10

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Kylie Minogue – vokal, bakgrunnsvokal
  • Beatriz Artola – lydteknikar
  • William Baker – fotografi
  • Andy Chatterley – synthesizer, piano, keyboard, produsent, lydteknikar, trommeprogrammering
  • Mich Hansen – produsent, perkusjon
  • Daniel Davidsen – gitar, keyboard, programmering, produsent
  • Jim Eliot – bassgitar, piano, keyboard, produsent, trommeprogrammering
  • Dave Emery – assistent
  • Børge Fjordheim – instrumentering
  • Fraser T. Smith – gitar, produsent, miksing
  • Pascal Gabriel – instrumentering
  • Brian Gottshall – assistent
  • Calvin Harris – arranger produsent, miksing, instrumentering
  • Beatrice Hatherley – bakgrunnsvokal
  • Maime Hladiy – bassgitar
  • Pete Hofmann – lydteknikar
  • Sebastian Ingrosso – produsent, miksing
  • Nathan Khors – assistent
  • Magnus Lideball – produsent, miksing
  • Miriam Nervo – bakgrunnsvokal
  • Olivia Nervo – bakgrunnsvokal
  • Mads Nilsson – miksing
  • Nerina Pallot – synthesizer, akustisk gitar, elektrisk gitar, piano, keyboard, bakgrunnsvokal, produsent, lydteknikar
  • Geoff Pesche – mastering
  • Stuart Price – keyboard, produsent, lydteknikar, produsent, miksing
  • Tim Rice-Oxley – piano, keyboard
  • Hannah Robinson – bakgrunnsvokal
  • Lucas Secon – keyboard, produsent
  • Alexandra Segal – bakgrunnsvokal
  • Damon Sharpe – produsent, lydteknikar
  • Starsmith – produsent, miksing
  • Mima Stilwell – bakgrunnsvokal
  • Jason Tarver – assistent på lydteknikar
  • Ben Vella – elektrisk gitar
  • Peter Wallevik – keyboard, programmering, produsent
  • Richard X – keyboard

Topplisteplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Toppliste (2010–11) Listeplassering
Australia (ARIA Charts)[21] 2
Austerrike (IFPI Austria)[22] 3
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[23] 4
Belgia (Ultratop 50 Vallonia)[24] 3
Canada (Canadian Albums Chart)[25] 8
Kroatia (Hrvatska Diskografska Udruga)[26] 10
Tsjekkia (IFPI Czech Republic)[27] 5
Danmark (IFPI Denmark)[28] 21
Nederland (MegaCharts)[29] 4
Europa (European Top 100 Albums)[30] 1
Finland (Suomen virallinen lista)[31] 22
Frankrike (SNEP)[32] 3
Tyskland (Media Control Charts)[10] 3
Hellas (IFPI Greece)[33] 1
Ungarn (Mahasz)[34] 18
Irland (Irish Albums Chart)[35] 5
Italia (FIMI)[36] 9
Japan (Oricon)[37] 28
Mexico (AMPROFON)[38] 22
New Zealand (RIANZ)[39] 11
Noreg (VG-lista)[40] 16
Polen (Polish Albums Chart)[41] 6
Skottland (Scottish Albums Chart)[42] 1
Spania (PROMUSICAE)[43] 2
Sverige (Sverigetopplistan)[44] 9
Sveits (Schweizer Hitparade)[45] 2
Storbritannia (UK Albums Chart)[46] 1
USA (Billboard 200)[8] 19
USA (Dance/Electronic Albums)[47] 2

Sertifisering[endre | endre wikiteksten]

Land Sertifisering
Australia (ARIA) Platin[11]
Belgia (BEA) Gull[48]
Storbritannia (BPI) Platina[12]

Utgjevingshistorie[endre | endre wikiteksten]

Land Dato Format Plateselskap
Japan 30. juni 2010 CD+DVD EMI
Australia[49][50] 2. juli 2010 CD, CD+DVD, digital download, vinyl Warner Music Group
Tyskland EMI
Nederland[51]
Sveits
Austerrike
Polen
Spania[52][53]
Storbritannia 5. juli 2010 Parlophone
Brasil[54] EMI
Frankrike
Danmark
New Zealand Warner Music
USA 6. juli 2010[55] Capitol Records
Canada EMI
Taiwan Gold Typhoon
Israel 7. juli 2010 Helicon Records

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Kylie Minogue readies new album, single for Summer. Billboard. Vitja 14. juli 2010.
  2. Kylie Minogue Album & Song Chart History – Dance/Club Play Songs. Billboard. Prometheus Global Media.
  3. 3,0 3,1 Kylie Minogue announces new album. The Independent. Vitja 20. april 2010.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Important points regarding Kylie's new single and album. Popjustice. Vitja 26. april 2010.
  5. Project: Kylie X – BETTER Than Today (Client: Blink TV). Me&You Studio Company. Vitja 20. april 2010.
  6. Aphrodite: Les Folies and Aphrodite Live Tour 2011. Offisielle nettside. Vitja 7. august 2011.
  7. JLS and Kylie top charts. Music Week. Intent Media (12. juli 2010). Vitja 20. oktober 2012.
  8. 8,0 8,1 Caulfield, Keith (14. juli 2010). Third Week At No. 1 For Eminem's 'Recovery' On Billboard 200. Billboard. Vitja 20. juli 2010.
  9. australian-charts.com – Kylie Minogue – Aphrodite. australian-charts.com. Vitja 16. juli 2010.
  10. 10,0 10,1 Minogue, Kylie: Aphrodite. Media Control Charts. PhonoNet GmbH. Vitja 16. juli 2010.
  11. 11,0 11,1 ARIA Charts – Accreditations – 2011 Albums. Australian Recording Industry Association. Vitja 16. juli 2011.
  12. 12,0 12,1 Certified Awards Search. British Phonographic Industry (1. april 2011). Vitja 3. april 2011.
  13. More Kylie single, album details revealed. Digital Spy. Vitja 7. mai 2010.
  14. Harvilla, Rob. On the New Kylie Minogue Single, "All the Lovers" – New York Music – Sound of the City. Vitja 10. juli 2010.
  15. Kylie Minogue – "All The Lovers". Popjustice. Vitja 10. juli 2010.
  16. Kylie Minogue – All The Lovers – Music Charts. Acharts.us. Vitja 10. juli 2010.
  17. Hung, Steffen. Kylie Minogue – All The Lovers. swisscharts.com. Vitja 10. juli 2010.
  18. Kylie confirms next Aphrodite single. Digital Spy. Vitja 7. juli 2010.
  19. Kylie Minogue Likes the 'Defiance' in 'Get Outta My Way'. PopEater (23. september 2010). Vitja 24. oktober 2010.
  20. Kylie dazzles on X Factor!. kylie.com (8. november 2010). Vitja 20. desember 2010.
  21. Kylie Minogue – Aphrodite. Australian Recording Industry Association. Hung Medien. Vitja 16. juli 2010.
  22. Kylie Minogue – Aphrodite. IFPI Austria. Hung Medien. Vitja 7. juli 2011.
  23. Kylie Minogue – Aphrodite. Ultratop (Flandern). Hung Medien. Vitja 7. juli 2011.
  24. Kylie Minogue – Aphrodite. Ultratop (Vallonia). Hung Medien. Vitja 7. juli 2011.
  25. Williams, John (14. juli 2010). Eminem makes it 3 weeks at no. 1. Jam!. Canoe.ca. Vitja 14. juli 2010.
  26. Kylie Minogue – Aphrodite. Hrvatska Diskografska Udruga. Vitja 20. juli 2010.
  27. TOP50 Prodejní – Minogue Kylie – Aphrodite. IFPI Czech Republic. Vitja 16. juli 2010.
  28. Kylie Minogue – Aphrodite. IFPI Denmark. Hung Medien. Vitja 7. juli 2011.
  29. Kylie Minogue – Aphrodite. MegaCharts. Hung Medien. Vitja 7. juli 2011.
  30. Sexton, Paul (15. juli 2010). Gurls And A Goddess Put EMI At No. 1 On European Charts. Billboard. Prometheus Global Media. Vitja 20. juli 2010.
  31. Kylie Minogue – Aphrodite. Finnish Charts. Hung Medien. Vitja 7. juli 2011.
  32. Kylie Minogue – Aphrodite. SNEP. Hung Medien. Vitja 21. mai 2011.
  33. Kylie Minogue – Aphrodite. IFPI Greece. Hung Medien. Vitja 7. juli 2011.
  34. Top 40 album- és válogatáslemez-lista – 2010. 27. hét. Mahasz. Vitja 14. juli 2010.
  35. Top 75 Artist Album, Week Ending 8 July 2010. Irish Recorded Music Association. Vitja 7. juli 2011.
  36. Kylie Minogue – Aphrodite. Federation of the Italian Music Industry. Hung Medien. Vitja 7. juli 2011.
  37. アフロディーテ/カイリー・ミノーグ – Aphrodite / Kylie Minogue. Oricon. Vitja 21. juli 2010.
  38. Kylie Minogue – Aphrodite. Asociación Mexicana de Productores de Fonogramas y Videogramas. Hung Medien. Vitja 7. juli 2011.
  39. Kylie Minogue – Aphrodite. Recording Industry Association of New Zealand. Hung Medien. Vitja 12. juli 2010.
  40. Kylie Minogue – Aphrodite. Verdens Gang. Hung Medien. Vitja 16. juli 2011.
  41. Oficjalna lista sprzedaży. OLiS (19. juli 2010). Vitja 16. juli 2010.
  42. Top 40 Scottish Albums Archive. The Official Charts Company (17. juli 2010). Vitja 11. juli 2010.
  43. Kylie Minogue – Aphrodite. Productores de Música de España. Hung Medien. Vitja 7. juli 2011.
  44. Kylie Minogue – Aphrodite. Sverigetopplistan. Hung Medien. Vitja 7. juli 2011.
  45. Kylie Minogue – Aphrodite. Swiss Music Charts. Hung Medien. Vitja 7. juli 2011.
  46. Kylie Minogue – Aphrodite. The Official Charts Company. Chart Stats. Vitja 7. juli 2011.
  47. Kylie Minogue Album & Song Chart History – Dance/Electronic Albums. Billboard. Prometheus Global Media. Vitja 16. juli 2010.
  48. Gold and platinum certifications – Albums – 2011. Belgian Entertainment Association. Hung Medien (15. juli 2011). Vitja 23. oktober 2011.
  49. Aphrodite. Jbhifionline.com.au. Vitja 7. juni 2010.
  50. Aphrodite (CD/DVD). Jbhifionline.com.au. Vitja 7. juni 2010.
  51. All The Lovers availability retrieved 6 June 2010. Bol.com. Vitja 11. juli 2010.
  52. EMI Records Spain – Kylie pushes forward album release in Spain. Emimusic.es. Vitja 11. juli 2010.
  53. Kylie Minogue – Aphrodite en El Corte Inglés. Elcorteingles.es. Vitja 11. juli 2010.
  54. Aphrodite – Kylie Minogue (Brazil release date). Kyliebrasil.com (27. mai 2010). Vitja 11. juli 2010.
  55. Aphrodite: Kylie Minogue. FMQB (26. april 2010). Vitja 27. april 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]