Eugène Burnand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eugène Burnand

Statsborgarskap Sveits
Fødd 30. august 1850
Moudon
Død

4. februar 1921 (70 år)
Paris

Yrke kunstmålar, illustratør, teiknar, grafikar, arkitekt
Sjanger portrett
Eugène Burnand på Commons

Eugène Burnand (30. august 18504. februar 1921) var ein sveitsisk målar. Han vart fødd i Moudon i den sveitsiske kantonen Vaud. Før han i 1872 flytta til Paris, studerte han hos Barthélemy Menn på kunstskulen i Genève. I Paris byrja Burnand arbeide i atelieret til Jean-Léon Gérôme, der han var fram til 1878. Han var i hovudsak kjent som landskapsmålar. Seinare dreiv han òg med grafikk og han illustrerte bøker. Mellom 1907 og 1912 teikna han på fleire av pengesetlane til den sveitsiske nasjonalbanken.

Burnand var sterkt påverka av realismen, og særleg av kunstnarar som Jean-François Millet og Gustave Courbet. Dette ser ein i hans kanskje mest kjende verk; Læresveinane Peter og Johannes springande til grava om morgonen etter oppstoda frå ca 1898. Måleriet heng i dag i Musée d'Orsay i Paris.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Eugène Burnand