Peter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Peter, Petter og Peder er mannsnamn som kjem frå gresk Πέτρος «Petros» gjennom latin Petrus. Dette er ei omsetting av det arameiske Kefa, som tyder «stein» eller «klippe». Namnet blei gitt som tilnamn til apostelen Simon av Jesus.

I Noreg har namnet vore kjend sidan rundt 1120, vanlegvis på forma Pétr. Den latinske forma Petrus er også brukt, medan Per er ei velkjend kortform. Andre språk har former som til dømes Pierre (fransk), Piotr/Pjotr (russisk), Pekka (finsk, Pieter (lågtysk), Pietro (italiensk og Pedro (spansk og portugisisk).

Kjende kvinneformer som har vore brukte i Noreg er Petra, Petrea, Petrikke og Petrine.

Namnedagar er 22. februar (Festen for Peters stol) og 29. juni (Festen for Peter og Paul, i Noreg kalla persok eller petersmesse).

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Anna[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]