Færder fyrstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lille Færder
Sett frå nord
Sett frå nord
Fylke Vestfold
Kommune Tjøme
Funksjon Kystfyr
Oppretta 1857
Koordinatar 59°01.6028′N 10°31.4718′EKoordinatar: 59°01.6028′N 10°31.4718′E
Fyrtårn
Høgd 43 m
Form Raudt tårn med eitt kvitt belte
Fyrlys
Lyskarakter Gruppeblink
Lyshøgd 47 moh
Lysvidde 19 nm
Status
Eigar Staten
Vernestatus Freda etter lov om kulturminner
Store Færder
Fylke Vestfold
Kommune Tjøme
Funksjon Kystfyr
Oppretta 1697
Koordinatar 59°01.6028′N 10°31.4718′EKoordinatar: 59°01.6028′N 10°31.4718′E
Status
Eigar Staten
Nedlagt 1857
Vernestatus Freda etter lov om kulturminner

Færder fyrstasjon er eit kystfyr på vestsida av ytre Oslofjord, i Tjøme kommune i Vestfold. Fram til 1857 stod fyret på Store Færder, no står det på Tristein (også kalla Lille Færder).

Færder fyr på kart over Oslofjorden

Fyrgryta på Store Færder[endre | endre wikiteksten]

I desember 1696 fekk Jacob Wølner frå Drammen løyve i Kongebrev til å setje opp og drive fyr på Færder. Fyrdrifta starta på våren 1697 og var ei kolfyrt smidd fyrgryte som stod rett på fjellet på toppen av øya Store Færder. Wølner betalte sjølv for oppsetjinga og drifta av fyret og måtte betale ei avgift på 50 riksdalar for privilegiet til å drive fyret. Samstundes fekk han rett til å krevje inn 2 danske skilling pr. lest pr. reis for alle danske og norske fartøy som sigla på fjorden og det var tollarane som skulle drive inn denne fyravgifta for han. Til å vakte og drive fyret vart det tilsett ein fyrpassar. Fyret vart drive av private med berre denne fyrgryta fram til 1798 då staten overtok og sette i gang bygging av eit fyrtårn på Store Færder.

Det fyrste fyrtårnet[endre | endre wikiteksten]

Fyrtårnet var ferdig i 1802 og var 6 meter høgt, i stein, og hadde ein glaskuppel på toppen. Fyret vart framleis drive med kolbrenning. I 1852 vart kolfyret nedlagt og det vart sett i drift ei ny fyrlykt med ein pumperverkslampe for rapsolje og 1. ordens linseapparat. Men det var vorte klart at fyret var feil plassert, det hindra ikkje at skip rende på Tristeinøyene om lag to nautiske mil sørom Store Færder, og allereie i 1854 løyvde Stortinget pengar til bygging av eit nytt fyr som skulle stå på Tristein.

Fyret på Tristein (Lille Færder)[endre | endre wikiteksten]

I 1857 var det nye Færder fyr ferdig oppsett på Tristein. Tårnet var bygd i teglfora støypejarn og er 43 meter høgt. Nedst er det om lag 30 meter i diameter og øvst er det 13 meter i diameter. Støypejarnsmodulane til tårnet var laga på Bærums Verk og frakta til Tristein der dei vart sett saman til det tredje støypejarnsfyrtårnet i Noreg. Linseapparatet frå den siste fyrlykta på Store Færder vart flytta over i det nye tårnet.

Dei fyrste åra budde fyrvaktarane og familiane deira framleis på Store Færder og rodde mellom ved vaktskifte. Det var fordi ein trudde at det ville vere for vêrhardt å ha hus ute på Tristein. Men i uvêrsperiodar kunne det føre til at fyrbetjenten vart sitjande på Tristein i dagevis utan å verte avløyst, ikkje heilt sjeldan opp i 8 dagar. I 1868 vart det bygd bustadhus ute på Tristein, og husa på Store Færder vart etterkvart rivne og no står berre tufter att av anlegget på Store Færder.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Det står ein vêrstasjon frå Meteorologisk Institutt ved Færder fyrstasjon med synopnummer 1482. Han står 6 meter over havet og har vore i drift sidan januar 1885.

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperatur (°C) -0,7 -1,5 0,9 4,5 10,0 14,8 16,5 16,2 12,9 9,2 4,6 1,4 7,4
Nedbør (mm) 47 36 45 38 50 48 54 73 76 92 80 54 693

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]