Svenner fyrstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om fyret og øya i Noreg. For øya i Antarktis, sjå Svenner i Antarktis.
Svenner fyrstasjon
Svenner.jpg
Fylke Vestfold
Kommune Larvik
Funksjon Kystfyr
Oppretta 1874
Koordinatar 58°58.1502′N 10°08.8704′EKoordinatar: 58°58.1502′N 10°08.8704′E
Fyrtårn
Høgd 18,7 m
Form Fyrbygning med tårn
Byggjemateriale Støypejern
Fyrlys
Lyskarakter Okkulterande blink kvart 10. sek.
Lyshøgd 40,3 moh
Lysvidde 12,8 nm
Status
Eigar Staten
Automatisert 2003
Avfolka 2002
Vernestatus Freda etter lov om kulturminne

Svenner fyrstasjon er eit fyr som ligg på øya Korpekollen i øygruppa Svenner i Larvik kommune i Vestfold.

Svenner fyrstasjon is located in Vestfold
Plasseringa til Svenner fyrstasjon

Fyret vart første gong tent 22. oktober 1874. Det opphavlege tårnet var bygd i stein av fangar som sat på Akershus festning. I 1900 vart det eksisterende tårnet i støypejern bygd. Tårnet har ei høgd på 18,7 m og lyshøgda er 40,3 meter over havet. Lysvidda til fyer er på 12,8 nautiske mil. Fyret vart avfolka i slutten av 2002 og automatisert i 2003. Fyret med tilhøyrande bygningar vart freda i 1997.

Vestfold Fylkeskystlag med samarbeidspartnarar leiger per 2008 fyret av Kystverket. Fyret er tilrettelagt for utleige.

I kystleisesongen 30. juni12. august vert Svenner fyr drifta av lokale vertskapsfamiliar.

Namnet Svenner kjem av det norrøne Sveinar, som tyder «gutar, karar», utan at ein kjenner bakgrunnen for dette.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]