Første Internasjonalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
FRE-AIT.svg

Den Internasjonale Arbeidarsamanslutninga, seinare kalla Første Internasjonalen, blei danna 28. september 1864 i London. På møtet deltok fagforeiningsleiarar frå England, franske arbeidarar som var tilhengarar av anarkisten Pierre Joseph Proudhon og representantar for ymse emigrantgrupper, blant desse tyskaren Karl Marx. Det var Marx som laga det forslaget til stiftingsfråsegn som blei samrøystes vedtatt på møtet. I denne heitte det blant anna at det grunnleggjande problemet i samfunnet er at arbeidarane er underkasta dei som har tileigna seg produksjonsmidla, og dette ligg til grunn for elendet i samfunnet, både sosialt og åndeleg. Derfor er den økonomiske frigjeringa av arbeidarklassen målet og politiske rørsler berre middel for å oppnå dette målet. Men til dette målet er nådd, må viktige reformer kjempast fram, og fråsegna helsa velkommen slike sigrar for arbeidarklassen som innføringa ved lov av 10-timarsdagen i Storbritannia og styrkinga av kooperativ-rørsla.

Dei politiske motsetningane i den Første Internasjonalen gjekk først og fremst mellom marxistar og anarkistar. I tillegg til franskmannen Proudhon var også den russiske anarkisten Mikhail Bakunin medlem i organisasjonen frå 1868, og Marx hadde kvasse ordskifte med dei begge. Marx skulda Proudhon for å motarbeide politiske krav og framstøytar, slike som hadde sikra den britiske 10-timarsdagen, under påskot av individuell fridom og motstand mot politisk styring i det heile. Marx meinte Bakunin hadde ein heilt annan praksis enn den fridomsprega teorien han forfekta, ein skadeleg praksis med hemmelege hierarkisk organiserte elitegrupper med terroristiske tendensar, og gjentatte forsøk på kunstig igangsetting av revoltar som var isolerte frå vanlege folk. Bakunin hevda på si side at Marx si politiske linje ville konsentrere altfor mykje makt til staten, som burde avskaffast alt i starten på revolusjonen, og den ville ikkje som Marx hevda, døy bort gradvis etter kvart som ein nærmar seg eit klasselaust samfunn. Marx såg den kapitalistiske industrialiseringa og den moderne arbeidarklassen som ein nødvendig føresetnad for sosialismen, mens Bakunin såg store sjansar for oppreistar og etterfølgjande sosialisme i tilbakeliggjande førindustrielle land som Russland. Bakunin meinte også det var mogleg for små grupper å provosere fram ein revolusjon, mens Marx meinte den sosiale revolusjonen måtte vere arbeidarklassen sitt eige verk.

På kongressen i 1872 vann Marx sitt syn fleirtal i organisasjonen. Han fekk også fleirtal for å flytte leiinga til USA, da stoda for politisk opposisjon i Europa hadde forverra seg etter Pariskommunen var slått ned. Men flyttinga hjelpte ikkje. På grunn av forfølging, kløyving og økonomiske problem i samband med hjelp til flyktande radikale frå Paris, gjekk Første internasjonalen i oppløysing i 1876. Ikkje før i 1889 skulle det vise seg mogleg å gjenreise ein internasjonal sosialistisk organisasjon. I mellomtida hadde det vokse fram sterke sosialistiske masseparti i fleire europeiske land, og desse blei grunnstammen i den Andre Internasjonalen.