Første mai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Første mai 2003 i Trondheim. (Foto: Aslak Raanes)

Første mai er internasjonal demonstrasjonsdag for den sosialistisk orienterte fagrørsla og alle sosialistiske og kommunistiske parti i heile verda. Det var den Andre Internasjonalen på kongressen sin i 1889 som vedtok at 1. mai skulle vera arbeidarrørsla sin dag, og slik har det sidan vore. I somme land, mellom dei Noreg, er Første mai offentleg høgtidsdag.

I Første mai-demonstrasjonane verda rundt blir det bruka raude flagg, det felles symbolet for den sosialistiske arbeidarrørsla i alle land. I Noreg blir det attåt norske flagg og reine raude flagg også bruka «hammarflagg», det vil seie raude flagg med eit kvitt hammarmerke øvst ved stonga. Dette var symbolet for norsk arbeidarrørsle i 1930-åra, då bruka i alle samanhengar, men blir no berre bruka 1. mai.

Dei fleste Første mai-arrangementa i Noreg blir organiserte av LO-avdelingar eller LO-avdelingar i lag med partilag av DNA og SV.

I somme land har sosialistiske førstemai-markeringar vore forbodne, såleis mellom anna i Noreg under den nazi-tyske okkupasjonen og Quisling-styret.

Anna[endre | endre wikiteksten]