Påskedag
|
Aa paaskedag, du høgtidsstund, |
Påskedagen er den fremste festdagen i den kristne kyrkja.
I Noreg fell påskedagen i følgje § 2 i Lov av 24.2.1995 om helligdager og helligdagsfred på første søndag etter første fullmåne som fell på eller etter 21. mars (ved skotår på eller etter 20. mars).
Påskedagen feirar kyrka bodskapen som i følgje evangelia først vart gjeven av nokre kvinner blant Jesu læresveinar: Dei gjekk for å sjå til Jesu grav, men fann ho tom. Jesus var oppstaden frå dei døde. Evangeliet - den glade bodskapen - vert lesen ved alle gudstenestene.
Påskedagen vert symbolisert på mange vis - viktigast er den tomme krossen og det sigrande lammet.
Påskedagen følgjer etter ei 40 dagar lang fastetid, og innleier ei kyrkjeleg festtid, med kvit som liturgisk farge.
Skikkar [endre]
Mange av dei som har overheldt fastetida feirar no med ein kjøttmiddag, spesielt er det vanleg å ete lam.
I mange land får barn påskeegg på påskedagen. Skikkane omkring dette varierer; i nokre land får dei papp- eller plastegg fylt med godteri, medan andre gøymer sjokoladeegg (lagt av påskeharen) som barna kan leite etter. Som mange andre kyrkjelege høgtider, vert dei i Noreg ofte feira frå kvelden i forvegen. Så òg med påskeegga.
|
|
||
|---|---|---|
| Den stille veka | Lasaruslaurdag · Palmesundag · Heilage måndag · Heilage tysdag · Heilage onsdag · Skjærtorsdag · Langfredag · Påskeaftan · Påskedag | |
| Påsketida | Andre påskedag · Tredje påskedag · 1. sundag etter påske · 2. sundag etter påske · 3. sundag etter påske · 4. sundag etter påske · 5. sundag etter påske · 6. sundag etter påske · Kristi himmelferdsdag | |
| Påskeforteljingar | Jesus Kristus · Lidingssoga · Den siste nattverden · Golgata · Krossfestinga · Jesu sju ord på krossen · Påskevake · Myrraberarane | |
| Kristne tradisjonar | Artos · Judasbrenning · Krossprosesjon · Krossvegsandakt · Påskeformelen · Påskekorg · Påskelys · Påskeprosesjon · Påskesalmar | |
| Andre tradisjonar | Påskeegg · Påskehare · Påskehatt · Påskekort · Påskepynt · Eggdans · Eggkakking · Eggrulling · Langfredagsfjære · Skjæltorsdag | |