Fagernes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fagernes
Fagernes, omkring 1965
Fagernes, omkring 1965
Geografi
Kommune Nord-Aurdal
Fylke Oppland
Folkemengd[1] 1 762 (2012)
Folketettleik 746,6 /km²
Areal[1] 2,36 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer Stamvei E16.svg  51
Postnummer 2900 FAGERNES
Preposisjon Fagernes
Kart
Fagernes is located in Oppland
60°59′15″N 9°13′37″EKoordinatar: 60°59′15″N 9°13′37″E

Fagernes er ein by i dalen Valdres, og har eit folketal på omkring 1800. Fagernes er kommunesenter for Nord-Aurdal kommune, og er handels- og kommunikasjonssentrum for heile Valdres.

Geografi og samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Fagernes er bygd på eit delta ved ei elv som munnar ut i Strandefjorden. Det går gangbru frå byen ut til Vesleøya.

Byen ligg knappe 200 km frå Oslo, og det er vel 300 km til Bergen via Filefjell. Det er også vegsamband over Golsfjellet til Gol i Hallingdal. I sommarhalvåret er det veg over Valdresflye til Gudbrandsdalen.

Fagernes var endestasjon for Valdresbanen frå 1906 til banen vart nedlagd i 1988.

Fagernes lufthamn, på Leirin, vart opna i 1987.

Næringsliv og turisme[endre | endre wikiteksten]

Fagernes har besøk av hyttefolk og turistar frå inn- og utland. Det er hotelldrift og andre overnattingstilbod med lange tradisjonar på staden.

Friluftsmuseumet Valdres Folkemuseum har tilhald på halvøya Storeøya ved Fagernes.

Avisa Valdres har hovudkontor på Fagernes. Valdres Radio har også kontor i utkanten av byen.

Tingnes kapell ligg på Fagernes.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Otto Larsen Stuve fekk det fyrste statlege handelsløyve på staden i 1857, og han starta snart også hotelldrift her. Folk tok til å kalle staden Stuvenes, men Stuve fann sjølv på namnet Fagernes. Stuve vert rekna som grunnleggjar av Fagernes.

Staden fekk eit kraftig oppsving i samband med at Valdresbanen i 1906 vart bygd ferdig fram til endestasjonen Fagernes. Byggjeakteviteten og veksten har halde fram gjennom heile 1900-talet.

Den 8. september 2007 tok Fagernes bystatus samstundes med at 150-årsjubileumet for grunnlegginga av staden vart feira.

Skulptur på Skiferplassen, til minne om mennesker og dyr ved Valdres Skiferbrudd, Øystre Slidre
Foto: John Erling Blad
Folketalsutvikling på Fagernes
År Innbyggjarar
1920
  
379
1930
  
553
1946
  
887
1950
  
982
1960
  
1 234
1970
  
1 646
1980
  
1 787
1990
  
1 783
2000
  
1 788
2009
  
1 762
2012
  
1 762
Kjelder:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.