Sjemá‘ Jisraél

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jødedommen
Star of David.svg
Skrifter
Tanákh
Torá · Nebiím · Ketubím )
medrásj · Mekhiltá
Haggadá · siddúr
Talmúd
Misjná · Jerusjalmí
Bablí · Toseftá
Emunót vede‘ót
Misjné Torá
Moré nebukhím
Sjulḥán ‘arúkh · Mappá
Me‘ám lo‘éz
S. jesirá · Bahír · Zohar
Gudsteneste og bøn
Tempelet i Jerusalem
synagoge · minján
sjaḥarít · musáf
minḥá · ne‘ilá · ʿarbít
Modé aní · Sjemá‘
torálesing
kaddísj · ‘amidá
prestesigninga
‘alénu
kiddúsj · hammosí
b. hammazón
habdalá
Merkedagar
det jødiske året
pesah · ‘omer · sjabu‘ót
tisj‘á beáb · seliḥót
rosj hasjaná · kippúr
sukkót · sjeminí ‘aséret
simhat Torá · hanukká
tu bisjbát · purím
Livssyklus
berít milá
pidjón habbén
zebed habbát
bar miṣvá · bat miṣvá
bryllaup
Rituelle yrke
rabbinar · ḥazzán
daján · gabbáj
sofér · sjoḥét
Daglegliv
halakhá · bet din
mat · kasjrút  sjeḥitá
mikvé · tebilá · sjabbát
tallét · tefillín
Kulturell inndeling
sefardisk · askenasisk
mizrahisk · jemenittisk
italkisk · romaniotisk
Beta Esrael · Bene Israel
cochini · b. Menasjé
Teologisk inndeling
samaritansk
karaittisk
rabbanittisk
ortodoks · ḥasidisk
konservativ · reform
rekonstruksjonistisk
renewal · humanistisk
 
Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme

Sjemá‘ Jisraél (hebr. שְׁמַע יִשְׂרָאֵל [šəma‘ jisrā’ēl], «Høyr, Israel!») eller Sjemá‘ er namnet på den jødiske truvedkjenninga. Kjerneverset er 5. mosebok 6:4:

שְׁמַ֥ע יִשְׂרָאֵ֑ל יהו֥ה אֱלֹהֵ֖ינוּ יהו֥ה ׀ אֶחָֽד׃

[Šəma‘, Jisrā’ēl; Ădōnāj Ĕlōhēnū, Ădōnāj — eḥād!]

“Høyr, Israel: Den Evige er vår Gud, den Evige er éin!”

Sjemá‘ i si kjerneform var kampropet åt presten som kalla israelsfolket til kamp mot fienden (5. mos. 20:3; Talmúd Bablí, Sotá 42a). Det er dei siste orda i den døyandes truvedkjenning og det har vore dei siste orda for mange martyrar som vart torturerte og drepne for truskapen sin til Toráen.

Om rebbí ‘Aqibá er det sagt at han tolmodig heldt ut medan kjøtet hans vart rive opp med jarnkammar og at han døydde medan han sa Sjemá‘. Han uttala det siste ordet, אֶחָד [eḥād] (‘éin’) med siste andedraget sitt. (Talmúd Bablí, Berakhót 61b)

Sjemá‘ i Tempelet[endre | endre wikiteksten]

Tempellyden sitt svar etter bruk av Gudsnamnet[endre | endre wikiteksten]

På liknande vis som ein i dag svarar «amén» til signingar som inneheld Gudsnamnet, så fanst det eit svar til ytringar som inneheldt Gudsnamnet i Tempelet i Jerusalem. Den nøyaktige ordlyden vart noko utvida i løpet av århundra, og under dei siste generasjonane at Det andre tempelet stod var tilsvaret: ברוך שם כבוד מלכותו לעולם ועד׃ Ein gjennomgang av kjeldene ved Jerry Brem har vist at uttalen av dette svaret i Tempelet truleg var:

בָּרוּךְ שֵׁם כָּבוֹד. מַלְכוּתוֹ לְעוֹלָם וָעֶד׃

Bārūkh Šēm Kābōd; malkhūtō lə‘ōlām vā‘ed.

Signa vere det æra Namnet; Riket Hans i all æva.

Qeriàt sjemá‘-ritualet under morgongudstenesta[endre | endre wikiteksten]

I samband med morgongudstenesta i Tempelet vart Sjemá‘ sagt fram som ein del av Qeriát Sjemá‘-ritualet mellom tamíd-offeret (det daglege brennofferet) og ketóret-offeret (røykjelsesofferet). Qeriát Sjemá‘-ritualet er skildra slik i Misjná, Tamíd V:1:

Sa han åt dei [= åt prestane], tempelstyraren: «Sign de signing éi!» og dei signa; [og] dei las dei ti boda, Sjəma‘ («Høyr [Israel]»), Vəhājā im šāmōa‘ («og det skal skje om de høyrer etter»), [og] Vajjómer («og han sa»). Og dei signa [deretter føre] folket tre signingar: [1:] Emet vəyaṣṣīḇ («sant og visst») og [2:] ‘Aḇōdā («[Guds]teneste») og [3:] Birkat kōhanīm (prestesigninga); og på sjabbáten la dei til signing éi åt det utkommande [preste]vaktskiftet.

Av dette kan vi utleie dette tekstoppsettet frå den siste tida at Det andre tempelet stod:

  1. Ei innleiande signing. Ein trur dette var signinga «Ahabát ‘olám».
  2. Dei ti boda (2. mos. 20:1–17)
  3. Kjerneverset av Sjemá‘. (5. mos. 6:4)
  4. Tilsvaret åt signingar / sentrale erklæringar med Gudsnamnet («Bārūkh Šēm Kābōd; malkhūtō lə‘ōlām vā‘ed.»)
  5. Resten av første avsnittet av Sjemá‘ (5. mos. 6:5–9)
  6. Avsnittet «Og det skal skje om de høyrer etter» (5. mos. 11:13–21)
  7. Avsnittet «Og Han sa» (2. mosebok 15:37–41)
  8. Signinga «Sant og visst» — ei signing som mellom anna inneheld utdrag av historia om Utgangen av Egypt og som framleis finst i synagogeritualet i dag.
  9. Signinga «‘Abodá», som i dag finst som nest siste signing av ‘Amidáen i synagogegudstenesta.
  10. Prestesigninga (2. mos. 6:24–27)
  11. I tillegg las det utgåande vaktskiftet (av kohaním (prestar) som hadde tent i Tempelet denne veka) ein mi sjebberákh (ei forbøn) for det kommande vaktskiftet. Ordlyden seiest å ha vore: «Den som lèt Namnet Sitt bu i dette Huset, Dén late bu mellom dykk kjærleik og samkjensle, fred og venskap.»

Sjemá‘ i synagogen[endre | endre wikiteksten]

I synagogar medan Tempelet i Jerusalem enno stod, vart Sjemá‘ framleis utført med Dei ti boda. Kring dei første par århundra evt., da Tempelet vart øydelagt av romarane, kristendommen skilde seg ut som eigen religion og den jødiske munnlege Toráen vart kodifisert og nedskriven i Misjná, vart Dei ti boda tekne or Sjemá‘. Grunngjevinga var at «hamminím» (‘dei fråfalne’, dvs. dei jødisk-kristne), hevda at Dei ti boda var heile lova og resten av Toráen var uviktig. (Talmúd Jerusjalmí, Berakhót I:5) Skikken å inkludere Dei ti boda — anten direkte føre Sjemá‘ eller noko tidlegare i morgongudstenesta — heldt seg likevel i ein del synagogar i Eres Jisraél (det noverande Israel/Palestina) fram til krosstogstida og i nokre synagogar i Egypt heilt fram til 1300-talet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Idelsohn, Abraham Zebi: Jewish liturgy and its development. New York (Dover), 1995.
  • Brem, Jerry: «The Barukh Shem Kevod blessing : an analysis», i Conservative Judaism 57 (2004), nr. 1, s. 54–64.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]