José Saramago
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
José Saramago (f. 16. november 1922) er ein forfattar og journalist fødd i Azinhaga i Portugal. I arbeida sine prøver han ofte å framstilla historiske hendingar frå nye vinklar. Han freistar å få fram den menneskelege faktoren bak hendingane i staden for å gje den vanlege offisielle fremstillinga. Nokre av verka hans er å sjå på som allegoriar.
Saramago fikk internasjonalt gjennombrot i 1982 med romanen Memorial do Convento (Klosterkrønike) og vart tildelt nobelprisen i litteratur i 1998. Han bur på Lanzarote, ei av Kanariøyene. Saramago har vore medlem av det portugisiske kommunistpartiet sidan 1969, han er ateist og ser på seg sjølv som pessimist. Oppfatningane hans har skapt store kontroversar i Portugal, særleg etter utgjevinga av Jesusevangeliet.
Innhaldsliste |
[endre] Stil
Skrivemåten hans er lange setningar, og han nyttar ei teiknsetjing som vanligvis ville vorte sett på som som ukorrekt. Han nyttar ikkje hermeteikn for å gjengje direkte tale. Mange av periodane hans kan vere på ei side eller lengre, då han ofte nyttar komma der andre forfattarar ville sett punktum. Overraskende nok tar det ikkje lang tid før lesarane ven seg til denne unike prosastilen. Mykje av det han har skrive har også eit veldig lyrisk drag.
[endre] Poesi
[endre] Romaner og noveller
- Terra do Pecado, 1947
- Manual de Pintura e Caligrafia, 1977
- Objecto Quase, 1978
- Poética dos Cinco Sentidos - O Ouvido, 1979
- Levantado do Chão, 1980
- Memorial do Convento, 1982 (Klosterkrønike, 1987)
- O Ano da Morte de Ricardo Reis, 1984 (Det året Ricardo Reis døde, 1998)
- A Jangada de Pedra, 1986 (En flåte av stein, 1989)
- História do Cerco de Lisboa, 1989 (Beleiringen av Lisboa, 1995)
- O Evangelho Segundo Jesus Cristo, 1991 (Jesusevangeliet, 1993)
- Ensaio sobre a Cegueira, 1995 (En beretning om blindhet, 1996)
- O Conto da Ilha Desconhecida, 1997
- Todos os Nomes, 1997 (Alle navnene, 2001)
- A Caverna, 2001 (Hulen, 2002)
- O Homem Duplicado, 2002 ("Den andre mannen")
- Ensaio sobre a Lucidez, 2004 (En beretning om klarsyn, 2005)
- As Intermitências da Morte, 2005 ("Dødens uteblivelse", 2007)
[endre] Drama
- A noite, 1979
- Que Farei Com Este Livro?, 1980
- A Segunda Vida de Francisco de Assis, 1987
- In Nomine Dei, 1993
- Don Giovanni ou o Dissoluto Absolvido, 2005
[endre] Essay
- Deste Mundo e do Outro, 1971
- A Bagagem do Viajante: crónicas, 1973
- As Opiniões que o DL teve, 1974
- Os Apontamentos: crónicas política, 1976
- Viagem a Portugal, 1981 (Reisen til Portugal, 2001, reiseskildring)
[endre] Dagbøker
[endre] Bakgrunnsstoff
- Sjølvbiografi (frå nobelprize.org)
- Samleside på NRK.no

