Karelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karelens vapen. Symbolikken med to dragne sverd, gjev eit bilete av landskapet si blodige historie.
Karelen

Karelen (ru. Карелия Karelija, sv.: Karelen, fi., kar. og Est. Karjala) er eit historisk landskap som ligg på båe sider av grensa mellom Finland og Russland. Store delar av russisk Karelen er ein del av Republikken Karelen. Delar av Karelen ligg i Leningrad oblast. Finsk Karelen er delt i landskapa Sør-Karelen og Nord-Karelen.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Heilt sidan mellomalderen har kontrollen over Karelen vore kjempa om mellom Sverige, Finland og Russland. Karelarane vart omvend til russisk-ortodoks kristendom av misjonærar frå Novgorod. Sverige og Novgorodriket kjempa om kontrollen på 1200-talet. Fredsavtala Nöteborgstraktaten i 1323 delte Karelen mellom dei. Viborg vart hovudstad i den nye svenske provinsen.

Freden i Nystad i 1721, etter den store nordiske krigen, avgjorde at mestedelen av Karelen skulle høyra til Russland. Etter at Finland hadde vorte ein del av Russland etter Finskekrigen, vart delar av Karelen med i Storhertugdømet Finland. I 1917 vart Finland sjølvstendig, og grensa vart fastlagd i Tartutraktaten av 1920. Etter finske vinterkrigen og finske framhaldskrigen under andre verdskrig vart mestedelen av Karelen ein del av Sovjetunionen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Karelen