Fjellovergang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pass i Polen.
Julierpasset i Sveits.

Ein fjellovergang, eit skard eller eit fjellpass er den lågaste staden i ei åsside eller ein fjellkam. Sidan mange fjellkjeder i verda har fungert som formidable hindringar for reisande, har passa vore viktige sidan historisk tid, og har spelt særs viktige roller i handel, krig og folkevandring.

Avhengig av forma og kor bratt fjellsidene er, vert det nytta ulike namn på fjellpass, til dømes skard eller kløft.

Fjellpassar er analoge til det matematiske omgrepet sadelflate med eit sadelpunkt som det høgaste punktet mellom to dalar og det lågaste punktet langs ein rygg.[1][2] På eit topografisk kart får kotane kring eit pass form som eit timeglas, som indikerer eit lågt punkt mellom to høgare punkt.[3]

Ein finn ofte pass like ovanom kjelda til ei elv, og dei er derfor ofte eit vasskilje. Passa kan vere særs korte, og bestå av bratte sider på kvar side av passet eller dei kan vere mange kilometer lange dalar der høgaste punktet berre kan finnast etter grundige undersøkingar.

Vegar, og i nyare tid jernbane, har i lang tid vorte lagt gjennom pass. Somme høge og kuperte pass har gjerne tunnelar under passet for at trafikken skal gå raskare og gjennom heile året.

Toppen av fjellovergangar er ofte den einaste flate staden i området, så det vert ofte bygd bygningar der. For land som har grenser langs fjellrekkjer, er passa ofte ein del av grensa, med anlegg som grensekontroll eller tollstasjonar, og stundom militære stasjonar der ein berre treng relativt få soldatar til å vakte passet. For fjellovergangar med vegar er det ofte vanleg å ha eit vegskilt med namnet på passet og høgda over havet. Eit døme er Argentina og Chile som deler den tredje lengste riksgrensa i verda, 5300 km lang, frå nord til sør i Andesfjella. Det går i alt 42 fjellovergangar mellom dei.[4]

Det er tusenvis av namngjevne fjellovergangar i verda, og somme av dei er ganske kjende, som Store St. Bernhard-passet på 2473 moh i Alpane, Khyberpasset på 1027 moh mellom Afghanistan og Pakistan, og Khardung La på 5359 moh i Jammu og Kashmir i India. Marsimik La er med 5590 meter over havet eit mindre kjend pass, men er eit av dei høgaste passa i verda med vegsamband og ligg i India, heilt nord på Changthangplatået nær grensa til Kina.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eberhart, Mark E. (2004). Why Things Break: Understanding the World by the Way it Comes Apart. Random House. s. 232. ISBN 978-1-4000-4883-0. 
  2. Bishop, Michael P.; Shroder, John F. (2004). Geographic Information Science and Mountain Geomorphology. Springer. ss. 86–87. ISBN 978-3-540-42640-0. 
  3. Harvey, Mark William Thornton; Simer, Peter (1999). The National Outdoor Leadership School Wilderness Guide: The Classic Handbook. Simon and Schuster. s. 185. ISBN 978-0-684-85909-5. 
  4. «Pasos - Chile» (på Spanish). Gendarmería Nacional Argentina. Arkivert frå originalen den 2007-07-18. http://web.archive.org/web/20070718053512/http://www.gendarmeria.gov.ar/pasos/chile.htm. Henta 7. september 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fjellovergang