Fløyelskrabbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fløyelskrabbe


Fløyelskrabbe
Fløyelskrabbe

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Crustacea
Klasse: Malacostraca
Orden: Decapoda
Underorden: Pleocyemata
Infraorden: Brachyura
Familie: Portunidae
Slekt: Necora
Vitskapleg namn
Necora puber

Fløyelskrabbe (Necora puber) er ein stor symjekrabbe som finst langsetter Atlanterhavskysten på den nordlege halvkula frå Nord-Afrika til Nord-Noreg. Ein finn han òg i Middelhavet og Svartehavet. Ved norskekysten er arten kjend frå Vestlandet frå Rogaland til Sogn, og med Lofoten.

Arten finst helst på steinbotn på nokså grunt vatn, men førekjem ned til ein 70 m djupn. Han er den raskaste og mest aggressive i den norske symjekrabbefaunaen, og kan godt finna på å gå til åtak på dykkarar.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Fløyelskrabben høyrer til dei større symjekrabbane, og kan bli over 80 mm brei over skalet. Han er dekt med små hår som gjev han ein skittenbrun farge, bortsett frå nokre hårlause blå eller raude område på beina. Augo er karakteristisk raude.

Det ytste leddet på dei bakerste to beina er årebladforma, og på skalet mellom augo har han opp mot 7-10 små tenner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Moen, Frank Emil & Svensen, Erling: Dyreliv i havet - nordeuropeisk marin fauna Kom forlag 2003