Fleetwood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fleetwood

Fleetwood — The Marine Hall og Gardens frå the Mount
Fleetwood — The Marine Hall og Gardens frå the Mount
Plassering
Fleetwood is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Lancashire
Distrikt Wyre
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

26 840
Koordinatar 53°55′″N 3°1′″WKoordinatar: 53°55′″N 3°1′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer FY7
Telefon-retningsnummer 0 1253
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fleetwood

Fleetwood er ein by i Lancashire i England. Han ligg på den nordlege spissen av Fylde-halvøya. Byen inngår i distriktet Wyre, men vert òg rekna som ein del av Stor-Blackpool.

Byen vart grunnlagd i 1836 av Peter Hesketh Fleetwood, og vart for det meste teikna ut av Decimus Burton. Han voks raskt som hamneby, og vart seinare òg kjent som ein fereistad. I 1960-åra vart fiskeriet i Fleetwood i stor grad øydelagd av torskekrigen mellom Storbritannia og Island. Dei fleste av trålarane i byen fiska torsk i Nord-Atlanteren, og tapet av fiskeområda råka hardt. Den siste trålaren forlet byen i 1982, og det er no berre mindre båtar som fisker innaskjers. Det hender at trålarar frå andre stader leverer til fiskemarknaden i byen; fiskeforedling er framleis ein stor industri i Fleetwood.

For mange er byen mest kjent som opphavsstaden til halspastillen Fisherman's Friend som framleis vert produsert der.

Blant attraksjonane i byen finn ein piren, to fyrtårn og The Mount, ein paviljong med klokke. Det finst òg eit bymuseum.

Det er ferjesamband over elva Wyre til Knott End-on-Sea og til Larne i Nord-Irland. På sommaren er det òg ferjesamband til DouglasMan.

Fotballklubben Fleetwood Town FC spelar heimekampane sine på stadionet Highbury.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]