Fontener i Roma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fontana di Trevi, teikna av Nicola Salvi.

I Roma finst det tusentals fontener, både store og små. Mange av fontenene i Roma blei oppført under renessansen og barokken. Nokre er monumentale praktverk, medan andre er små, kjeldeaktige innretningar med stille piplande vatn. Nasoni er små drikkevassfontener i jern med naseliknande piper som det finst rundt 2 500 av plasserte utover heile byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fontena på Piazza dei Monti av Giacomo Della Porta, (1589). Illustrasjon frå Fontane di Roma by Giovanni Batista Falda, kring 1670.

Fontener har gjeve drikkevatn og pryda torg i byen i over to tusen år. I romartida, i år 98 skal byen ifølgje konsul Sextus Julius Frontinus, kjend som curator aquarum eller vernar for vatnet i byen, ha hatt ni akveduktar som førte til 39 monumentale fontener og 591 offentlege kjelder. I tillegg førte dei vatn til keisarhoffet, bad og private villaer. Kvar av dei større fontenene var knytte til to ulike akveduktar, i tilfelle ein av dei måtte stoppast for å gjera arbeid på han.[1]

Etter at Vestromarriket fall blei akveduktane øydelagde eller ikkje vedlikehaldne, og fontenene slutta å verka. På 1300-talet bestemte pave Nikolas V (1397–1455), ein lærd som bestilte hundretals omsetjingar av gamle greske klassiske verk til latin, å utbetra og pynta Roma slik at byen var verdig statusen som hovudstad for den kristne verda. I 1453 byrja han gjenoppbygginga av Acqua Vergine, den gamle romerske akvedukte som hadde frakta reint drikkevatn til byen frå ei kjelde 13 km unna. Han bestemte seg også for å gjenoppliva den gamleromerske skikken med å markera endepunktet til akvedukten med ein mostra, ei stor, prangande fontene. Han tinga ei veggfontene frå Leon Battista Alberti til staden der Trevifontena no står. Alberti restaurerte, endra og utvida akvedukten som tilførte vatn til både Trevifontena og dei kjende barokke fontenene på Piazza del Popolo og Piazza Navona.[2]

Ei av dei fyrste nye fontenene som blei bygde i Roma under renessansen var Fontena på Piazza Santa Maria in Trastevere (1499), som blei plassert på staden til ei tidlegare romersk fontene. Designet bygde på ein tidlegare romersk modell, med ei rund skål (vasque) sett opp på ein sokkel som heller vatn ned i eit basseng under. Denne fontena blei modell for mange andre fontener i Roma, og til slutt for fontenar i andre byar, frå Paris til London.[a]

På 1600- og 1700-talet bygde dei romerske pavane opp att andre øydelagde romerske akveduktar, og reiste nye dekorative fontener for å markera avsluttingspunkta deira. Dette starta den gylne tidsalderen til fontenene i Roma. Desse byggverka uttrykte den nye barokke kunststilen, som ein også kunne sjå i til dømes måleria til Rubens. Dei var tettpakka med allegoriske figurar og fulle av kjensler og rørsle. I desse fontenene var skulptur hovudelementet, og vatnet blei berre brukt til å animera og dekorera skulpturane. Som barokkhagar var de «ei visuell framstilling av sjølvtillit og makt.»[3]

Dei opphavlege fontenene i Roma var alle drivne av tyngdekraft – kjelda til vatnet måtte vere høgare enn sjølve fontena, og skilnaden i høgde og avstand mellom kjelda og fontena avgjorde kor høgt fontena kunne spruta vatn. Fontena på Petersplassen blei forsynt av Paola-akvedukten, som blei restaurert i 1612. Denne hadde ei kjelde som var 81 m over havet, noko som betydde at det kunne spruta vatn 6 meter opp frå fontena. Triton-fontena drog nytte av plassering si i ein dal og det faktumet at ho blei forsynt av Aqua Felice-akvedukten, som blei restaurert i 1587, som kom til Roma på ei høgd av 59 meter over havet (fasi). Det var ein høgdeskilnad på 40 meter mellom kjelda og fontena, noko som betydde at vatnet frå denne fontena spruta 5 meter rett opp i lufta frå Triton sin konkylie.[4]

Fontenene på Piazza Navona fekk på den andre sida vatn frå Acqua Vergine, med ein høgdeskilnad på berre 7 meter frå kjelda til fontenene. Dette tydde at vatnet berre kunne falla eller sildra nedover, ikkje spruta opp. Til Trevifontena kompenserte arkitekten Nicola Salvi for problemet ved å byggja fontena ned i bakken og utforma fontena med ein kaskade som gav vatnet rørsle og drama.[5]

I dag er alle fontenene blitt bygde opp att, og det romerske vassystemet nyttar både tyngdekraft og mekaniske pumper. Vatnet blir resirkulert, og vatn frå ulike akveduktar blir av og til blanda før det når fram til fontenene.[6]

Viktige fontener[endre | endre wikiteksten]

Den best kjende fontena i byen, Fontana di Trevi, markerer sluttpunktet for den antikke akvedukten Acqua Vergine, som blei oppført i år 20. f.Kr. Fontena blei bygd 1732–1762 etter teikningar av Nicola Salvi.

Fontana dell'Acqua Felice, Mosesfontena, ligg ved Piazza di San Bernardo på Kvirinalhøgda, og dannar slutten på vassleidningen Acqua Felice, oppkalla etter pave Sixtus V, som heitte Felice til fornamn. Her ser ein Moses slå vatn ut av klippa.

Fontana della Barcaccia ved foten av Spansketrappa.

Ved foten av Spansketrappa ligg Fontana della Barcaccia (‘båtfontena’). Ho blei utført 1627–1629, truleg av skulptøren Pietro Bernini som var far til Giovanni Lorenzo Bernini. Giovanni Lorenzo Bernini stod for Tritonefontena i 1642–1643 på Piazza Barberini for pave Urban VIII. Fire delfinar held opp ein stor musling som det sit ein triton (eit havvesen med fiskehale) på og sprutar vatn ut av ein snigel. Bernini har òg utført Biefontena (Fontana delle Api) ved Piazza Barberini. I 1644 blei fontena plassert ved munningen av Via Sistina, men i 1917 blei ho flytta til Via Veneto. Ho har form som ein musling med dei tre heraldiske biene til slekta Barberini.

Fontana dei Quattro Fiumi (‘fireelvfontena’) blei oppført 1651 av Bernini på Piazza Navona. Dei fire elvene representerer dei fire verdsdelane som ein kjende til då ho blei laga: Donau – Europa, Nilen – Afrika, Ganges – Asia og Río de la Plata – Amerika. På Piazza Mattei, rett nord for den tidlegare gettoen i Roma, perlar vatnet i den harmoniske Skjelpaddefontena, Fontana delle Tartarughe, som blei teikna av Giacomo della Porta.

Fontana della Terrina.

Ei noko merkverdig fontene er Fontana della Terrina på Piazza della Chiesa Nuova, eit par kvartar vest for Piazza Navona. Som det italienske namnet indikerer liknar fontena ein terrin med lokk. «La Terrina», som blei laga 1590–1595, stod opphavleg på Campo de' Fiori, men mått gje plass til Giordano Bruno-monumentet i 1889. I drygt 35 år stod «La Terrina» i eit romersk magasin,fram til ho blei plassert på det noverande plassen sin på 1920-talet.

I Trastevere finst det fleire fontener, mellom anna den vesle Fontana della Botte, ei fontene i form av ein tønne. Fontana della Botte er ein så kalla fontana rionale, «rionefontene». Kvar rione, ‘bydel’, i Roma har ei lita fontene som er meint å symbolisera karakteren til bydelen. Trastevere har ei vinkagge for å minna om dei mange tavernaene og vinkjellarane i bydelen. Fontena blei utført i 1927 av Pietro Lombardi.

Monumentale fontener[endre | endre wikiteksten]

Desse store fontenene blei bygde ved avsluttingspunkta til dei restaurerte akveduktane til Roma, for å gje vatn til innbyggjarane og for å æra pavane som bygde dei.

Dekorative fontener[endre | endre wikiteksten]

Desse fontenene var knytte til dei restaurerte akveduktane, dekorerte piazzaene, eller torga, i Roma, og gav drikkevatn til befolkninga rundt piazzaene.

Talande statuar[endre | endre wikiteksten]

Ved nokre statuar i Roma er det tradisjon for å dela kritiske meiningar gjennom oppslag eller graffiti. Dette gjeld også statuar ved nokre fontener:

Veggfontener[endre | endre wikiteksten]

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Anita Ekberg i Trevifontena i filmen La Dolce Vita (1960)

Ottorino Respighi skreiv ein orkestersuite inspirert av fontener i Roma, Fontane di Roma, i 1916. Verket skildrar ei fontene i Giuliadalen utanfor Roma, Tritonfontena, Trevifontena og fontenene ved Villa Medici.

Trevifontena opptrer i fleire filmar, som Roman Holiday (1953);[7] Three Coins in the Fountain (1954); Federico Fellini sin klassiske La Dolce Vita (1960), der karakteren til Anita Ekberg går oppi fontena med Marcello Mastroianni; Sabrina Goes to Rome (1998) og The Lizzie McGuire Movie (2003).[8]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fontena på Piazza Santa Maria in Trastevere hadde opphavleg to øvre skåler, men vasstrykket i tidleg renessanse var så lågt at vatnet ikkje nådde opp til den øvre skåla, så denne blei fjerna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Frontin, Les Aqueducs de la ville de Rome, translation and commentary by Pierre Grimal, Société d'édition Les Belles Lettres, Paris, 1944.
  2. Pinto, John A. The Trevi Fountain. Yale University Press, New Haven, 1986.
  3. Italian Gardens, a Cultural History, Helen Attlee. Francis Lincoln Limited, London 2006.
  4. Katherine Wentworth Rinne, The Fall and Rise of the Waters of Rome, collected in Marilyn Symmes, 'Fountains- Splash and Spectacle – Water and Design from the Renaissance to the Present,. Thames and Hudson, London, 1998 (s. 54).
  5. Maria Ann Conneli and Marilyn Symmes, Fountains as propaganda, in Fountains, Splash and Spectacle – Water and Design from the Renaissance to the Present. Edited by Marilyn Symmes. Thames and Hudson, London, and Katherine Wentworth Rinne, The Fall and Rise of the Waters of Rome, in the same collection.
  6. Katherine Wentworth Rinne, collected in Marilyn Symmes, Fountains- Splash and Spectacle. (pg. 54).
  7. «ROMAN HOLIDAY FILMING LOCATIONS: COMPLETE GUIDE WITH MAP». Nomad Epicureans. Henta 12. november 2023. 
  8. Silver, Alexandra (17. mai 2010). «Top 10 Iconic Movie Locations». Time. Henta 21. mai 2018. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Morton, Henry Vollam: The Fountains of Rome, London 1970 (engelska). Libris 8145070. 
  • Webster, Maud: Roms vatten: från antiken till idag, Lund 2005. Libris 9705622.