Silur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Silur
443.7 - 416 millionar år sidan
S
Gjennomsnittleg O2-innhald i perioden ca. 14 vol %[1]
(70 % av dagens nivå)
Gjennomsnittleg CO2-innhald i atmosfæren i perioden ca. 4500 ppm[2]
(16 gonger førindustrielt nivå)
Middeltemperaturen ved jordoverflata i perioden ca. 17 °C [3]
(3 °C over dagens nivå)
Viktigaste hendingar i silur
sjå • diskuter • endre
-445 —
-440 —
-435 —
-430 —
-425 —
-420 —
-415 —
Viktigaste hendingar i silur
Skala: Millionar år sidan.

Silur er ein geologisk periode som strekkjer seg frå slutten av ordovicium for om lag 443,7 ± 1,5 millionar år sidan, til byrjinga av devon for om lag 416,0 ± 2,8 millionar år sidan. Som mange andre geologiske periodar er det berglaga som definerer starten og slutten på perioden, men dei eksakte tidspunkta har ein usikkerheit på nokre millionar år. Starten av silur er sett til ei stor masseutrydding der om lag 49 % av dyreslektene forsvann. Denne hendinga vert kalla den ordovikisk-siluriske masseutryddinga.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Silur vart først identifisert av sir Roderick Murchison, som utforska fossilberande sedimentære bergartar sør i Wales tidleg i 1830-åra. Han gav perioden namn etter eit keltisk folk, silurane, og følgde forma som venen Adam Sedgwick hadde oppretta for kambrium. I 1835 gav dei to mennene ut ein felles artikkel med tittelen On the Silurian and Cambrian Systems, Exhibiting the Order in which the Older Sedimentary Strata Succeed each other in England og Wales, som var kimen til den moderne geologiske tidsskalaen. Slik som periodane først vart identifisert, viste det seg at laga frå «silur» raskt kom til å overlappe Sedgwick sitt lag frå «kambrium», og dette skapte ei usemje og ein krangel mellom dei to som gjorde at dei enda venskapen. Charles Lapworth løyste konflikten med å definere ein ny periode mellom dei to, ordovicium, som inneheldt dei omdiskuterte berglaga.

Den franske geologen Joachim Barrande bygde vidare på Murchison sitt arbeid og nytta uttrykket silur med ei meir utvida meining. Han delte bergartar i Böhmen frå silur inn i åtte aldrar. Denne metoden vart trekt i tvil av Edward Forbes i 1854 og dei seinare aldrane til Barrande, F, G og H, har sidan vist seg å høyre til devon. Trass i desse modifikasjonane i dei opphavlege grupperingane av berglaga, så vert Böhmen rekna som eit klassisk område for å studere dei eldste fossila.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Llandover[endre | endre wikiteksten]

Llandover-epoken varte frå 443,7 ± 1,5 millionar år sidan til 428,2 ± 2,3 millionar år sidan og er delt inn i tre aldrar: Rhuddanium som varte fram til 439 millionar år sidan, aernoium som varte fram til 436 millionar år sidan og telychium.

Wenlock[endre | endre wikiteksten]

Wenlock, varte frå 428,2 ± 2,3 millionar år sidan til 422,9 ± 2,5 millionar år sidan og er delt inn i sheinwoodium (til 426,2 millionar år sidan) og homerium. Han er kalla opp etter Wenlock Edge i Shropshire i England. Under Wenlock dukka dei eldste kjende karplantene av slekta cooksonia opp. Dei meir avanserte og litt yngre plantene på Gondwana, som baragwanathia indikerer at karplantene har ei lengre historie, kanskje inn i tidleg silur eller til og med ordovicium.

Ludlow[endre | endre wikiteksten]

Ludlow varte frå 422,9 ± 2,5 millionar år sidan til 418,7 ±2,7 millionar år sidan. Han består av aldrane gorstium som varte fram til 421,3 millionar år sidan, og ludfordium.

Přídolí[endre | endre wikiteksten]

Pridoli varte frå 418,7 ± 2,7 millionar år sidan til 416 ± 2,8 millionar år sidan og er den siste og kortaste epoken.

Paleogeografi[endre | endre wikiteksten]

Grensa mellom ordovicium og silur ligg blottlagd på Hovedøya i Noreg og viser særs markerte skilnaden mellom grå kalkhaldig sandstein frå ordovicium og brun leirstein frå silur. Laga har vorte invertert (snudd opp ned) av den kaledonske orogenesen.

Under silur heldt kontinentet Gondwana fram med å drive sakte sørover til høge breiddegrader, men ein har funne spor som viser at iskappene i silur ikkje var like omfattande som dei var i istidene seint i ordovicium. Det sørlege kontinentet vart ikkje delt i denne perioden. Dei smeltande iskappene og isbreane medverka til auka havnivå, noko ein ser igjen på at sediment frå silur ligg oppå eroderte sediment frå ordovicium og dannar ein diskordans. Andre kratonar og kontinent dreiv saman nær ekvator og stara å danna eit anna superkontinent kalla Euramerika.

Fossilert grunn havbotn frå sein silur, på utstilling i Bristol City Museum i Bristol i England. Frå Wenlock-epoken i Wenlock-kalkstein i Dudley i West Midlands i England.

Då forgjengaren til Europa kolliderte med Nord-Amerika, førte kollisjonen til folda kystsediment som hadde akkumulert sidan kambrium utanfor austkysten av Nord-Amerika og vestkysten av Europa. Denne hendinga er den kaledonske orogenesen, ein stor fjelldanning som strekte seg frå New York i USA gjennom Europa og Grønland til Noreg, som då alle hang i saman. Mot slutten av silur fall havnivået igjen, noko evaporittar i bekkenet frå Michigan til Vest-Virginia er bevis på, og dei nye fjellkjeda vart raskt erodert. Teayselva, som rann ut i det grunne midtkontinentale havet, eroderte lag frå ordovicium og etterlet spor i silur-laget inord i Ohio og Indiana.

Det enorme verdshavet Panthalassa dekte det meste av den nordlege halvkula. Andre mindre hav var Proto-Tethys-havet og Paleo-Tethyshavet, Rheichavet, ein liten del igjen av Iapetushavet (som no låg mellom Avalonia og Laurentia) og det nydanna Uralhavet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

I løpet av denne perioden gjekk jorda i ein periode med stor drivhuseffekt og varm, grunne hav som dekte det meste av landmassane rundt ekvator. Tidleg i silur trekte isbrane seg tilbake til Sørpolen før dei nesten forsvann i midten av silur. Perioden hadde eit relativt stabilt klima og enda ein lengre periode med kraftige klimasvingingar. Lag med øydelagd skjel (kalla skjelgruskalk) er eit godt bevis på eit klima som var dominert av kraftige stormar som vart skapt av det varme havet den gong som no. Seinare i silur vart klimaet noko kjøligare, men i overgangen til devon vart det varmare igjen.

Sjøliv[endre | endre wikiteksten]

Kunstnerisk framstilling av fiskar i silur

Det høge havnivået og dei varme, grunne kontinentalhava i silur var eit gjestmildt miljø for all slags sjødyr. I enkelte regionar inneheld berglaga frå silur olje og gass. Eit stort berglag med hematitt, ein type jernmalm, frå silur fanst aust i Nord-Amerika og var viktig for den tidlege amerikanske koloniøkonomien.

Korallreva dukka opp for første gong i historia og vart bygd av no utdøydde tabulat- og rugosakorallar. Den første beinfisken dukka òg opp. Med pigghaiane, som var dekt av beinaktige skjel, vart fiskane etter kvart mangfaldige og utvikla bevegelege kjever, som dei fekk frå støtta til dei første to eller tre gjellebogane. Sjøskorpionar var talrike, enkelte av dei fleire meter lange, jakta i dei grunne hava i silur. Igler dukkar òg opp på denne tida. Armføtingar, mosdyr, muslingar og trilobittar var òg talrike.

Første liv på land[endre | endre wikiteksten]

Cooksonia, den første karplanta, frå mellomsilur

Silur var den første perioden der ein finn makrofossil av omfattande liv på landjorda, i form av moseskogar langs innsjøar og bekkar.

Dei første fossila av karplanter, landplanter med vev som transporterer næring, dukka opp på andre halvdel av silur. Dei tidlegaste kjende artane av denne gruppa er cooksonia (stort set funne på den nordlege halvkula) og baragwanathia (frå Australia). Ei primitiv landplate frå silur med veddel og silvev, men utan røter, stilk eller lauv, var Psilophyton som hadde mange greiner, reproduserte seg via sporar og som pusta gjennom spalteopningar på kvar overflate og som truleg var fotosyntesiske i kvart vev som var blottlagd for lys. Rhyniophyta og primitive kråkefotplanter var andre landplanter som først dukka opp i denne perioden.

Slutten på silur[endre | endre wikiteksten]

Slutten av den silur-utryddinga.

Mot slutten av silur oppstod det ei rekkje mindre masseutryddingar, inkludert Lau-hendinga. Desse vart truleg skapt av klimaendringar eller eit nedslag.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg finst det særleg avleiringar frå silur i Oslofeltet. Dei eldste havavleiringane, som ofte er særs fossilrike, ligg nedst i lagrekkja og går over i sandstein over, som opphavleg vart avsett i ferskvatn. Sanden kom med elvar frå Den kaledonske fjellkjeda, som hadde byrja å danne seg i nord og vest. Sandsteinen vart opp til 1000 meter tjukk og kalla ringeriksandstein. Her er det funne fossil av primitive fisk og ein 75 cm lang sjøskorpion, eit av dei største i Noreg. På Vestlandet, i Trøndelag og Nord-Noreg er meir omdanna sedimentære bergartar kjend frå silur.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Silurian» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2008.
  • Emiliani, Cesare. (1992). Planet Earth : Cosmology, Geology, & the Evolution of Life & the Environment. Cambridge University Press. (Paperback Edition ISBN 0-521-40949-7)
  • Mikulic, DG, DEG Briggs og J Kluessendorf. 1985. A new exceptionally preserved biota from the Lower Silurian of Wisconsin, USA. Philosophical Transactions of the Royal Society of London, 311B:75-86.
  • Moore, RA, DEG Briggs, SJ Braddy, LI Anderson, DG Mikulic og J Kluessendorf. 2005. A new synziphosurine (Chelicerata: Xiphosura) from the Late Llandovery (Silurian) Waukesha Lagerstatte, Wisconsin, USA. Journal of Paleontology:79(2), pp. 242-250.
  • Ogg, Jim; June, 2004, Overview of Global Boundary Stratotype Sections og Points (GSSP's) http://www.stratigraphy.org/gssp.htm Accessed April 30, 2006.
  1. Fil:Sauerstoffgehalt-1000mj.svg
  2. Fil:Phanerozoic Carbon Dioxide.png
  3. Fil:All palaeotemps.png
  4. Jeppsson, L. (2007) «The Silurian Mulde Event og a scenario for secundo—secundo events» – Earth og Environmental Science Transactions of the Royal Society of Edinburgh, bind 93, nr. 02, s. 135-154.
  5. Munnecke, A., Samtleben, C.; Bickert, T. (2003) «The Ireviken Event in the lower Silurian of Gotland, Sweden-relation to similar Palaeozoikum og Proterozoikum events» – Palaeogeography, Palaeoclimatology, Palaeoecology, bind 195, nr. 1, s. 99-124.
  6. Bryhni, Inge. (2009, 14. februar). Silur. I Store norske leksikon. Henta 7. januar 2014 frå http://snl.no/silur.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Silur
Paleozoikum
Kambrium Ordovicium Silur Devon Karbon Perm