Trilobitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trilobitt


Koneprusia brutoni
Trilobitt frå Devontida

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Trilobitomorpha
Klasse: Trilobita
Vitskapleg namn
Trilobita
Walch, 1771

Trilobittar (Trilobita) er ei gruppe utdøydde leddyr som levde frå Kambrium for om lag 550 millionar år sidan til dei døydde ut i slutten av Perm. Då dei levde var dei særs vanlege, særleg i Kambrium og Ordovicium, og på grunn av dei harde eksoskjeletta deira har dei etterlete seg ei rik rekkje fossil. Ein finn dei i paleozoiske bergartar over heile verda.

Trilobittane levde i havet. Dei fleste av dei var botnlevande smådyr som ikkje vart meir enn 2-3 cm, men somme unnatak kunne bli så mykje som 60-70 cm. Nokre få planktonformer er òg kjend; desse var utstyrt med særskilde piggar som var til hjelp med oppdrifta.

Det er kjend nesten 4 000 artar frå ulike fossil, men det reelle talet var sannsynlegvis langt høgare. Fossilisering er ein vanskeleg prosess, og dei langt fleste trilobittane døydde nok ut utan å setje spor etter seg i bergartane.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Trilobittane var ovalt forma og flattrykte ovanifrå. I det minste somme av dei var i stand til å rulla seg saman til ei kule. Framifrå og bakover kunne kroppane delast inn i hovud, thorax eller mellomkropp og pygidium; alle med sine særeigne lemmar. Langs ryggen gjekk det to lengdefurer som delte dyret i tre - det er her namnet trilobitt (latin trilobito tyder «med tre flikar») kjem frå.

I - hovudet, II - mellomkroppen, III - bakkroppen.

Hovudet var som regel samansett av fem til seks segment som alle var dekt av hovudskjoldet carapax. Dei fleste artane hadde velutvikla fasettaugo på sidene. I tillegg hadde dei antenner, tre til fire par para ekstremitetar (munndelar?) og ei einskildståande overleppe me kallar labrum. Munndelane var birame og likna elles mykje på lemmane bakover på kroppen.

Thoraxområdet varierte i tal på ganske likt oppbygde segment. Dei bar birame beinpar og vart støtta av bukplatar. Pygidium eller bakkroppen kunne bestå av alt frå særs få til to dusin segment med eigne, para lemmar, i tillegg til eit telson («endestykke») ein reknar som homologt med tilsvarande strukturar hjå andre leddyr.

Dei ulike beina til trilobittane var birame med to greiner frå hoftesegmentet coxa. Den eine greina var einsegmentert og bar mest sannsynleg gjeller. Denne stod rett ut frå kroppen mot sida, medan den andre, sjugreina gang/symjebein-delen peikte skrått nedover.

Ved røntgenanalyse av fossil har ein oppnådd kunnskap både om fordøyingssystemet og musklane til trilobittane. Førstnemnde var rimeleg enkelt, med eterøyr fram til mellomkroppen kor han utvida seg til magen. Fremst i denne fanst det ein blindtarm, og bakerst byrja den rette tarmen som gjekk direkte frå magen til anus. Langsmed systemet var det eit system av fordøyingsmusklar, fordelt i same segmentering som resten av kroppen. Ein har òg kome fram til at dei hadde ei hovudblodåre i ryggen.

Larveutvikling[endre | endre wikiteksten]

Rusophycus

Trilobittane gjekk gjennom fleire stadium før dei vart vaksne. Gjennom heile gruppa ser det ut til at larvane har vore nokonlunde like; dyra gjekk gjennom tre hovud-larveformer med fleire hamskifte underveges.

Dei første stadiane vert kalla protaspis-larvar og bestod av hovudet og eit proto-pygidium dekt av eit ryggskjold. Desse var under 1 mm lange. Meraspis-larva la til fleire segment gjennom fleire hamskifte, og førte til at dei tre kroppstagma'ane vart tydelegare. Det siste stadiet kallast holaspis-larva og likna små variantar av det vaksne dyret; berre mindre og med litt færre segment.

Kor lang tid utviklinga frå egg til vaksen trilobitt tok veit me naturleg nok ingenting om.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Kolihapeltis var ei noko avvikande trilobitt i forma.

Dei fleste trilobittane me har funne var små botndyr som målte berre nokre få centimeter. Nokre av dei grov seg ned i sedimenta, medan andre kravla over dei. Eit lite mindretal levde òg pelagisk; dette var små og piggute artar som sjeldan vart større enn ein centimeter.

Trilobittar flest var mest sannsynleg detrivorar, men det er ikkje umogleg at det òg fanst predatorar som låg i bakhald og venta på eit passande bytte. Nokre forskarar trur dei kan ha nytta gjellene sine til å filtrera plankton or sjøvatnet med. Det vert spekulert i om somme trilobittar i gruppa Olenidae hadde mutualistiske samliv med svovelbakteriar og fekk energien sin derifrå. Dette vert basert på at dei reduserte munndelane og dei enorme gjellene ein trur dei kan ha dyrka bakteriar på.

Utdøying[endre | endre wikiteksten]

Trilobittane dominerer fossilrekkja frå Kambrium til Ordovicium, det vil seie frå 440 til 550 millionar år sidan. Dei vart noko mindre vanlege utover i Paleozoikum, men heldt seg som viktige organismar i dei marine økosystema heilt til dei døydde ut i overgangen mellom Permtida og Trias. Denne lagnaden delte dei med 95 % av alt anna liv på jorda i det som var den største masseutrydjinga nokonsinne, kalla perm-trias-utryddinga eller «den store døden». Forskarar veit enno ikkje kva som utløyste dette.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Brusca & Brusca: «The Emergence of the Arthropods» i Invertebrates, Sinauer Associates 2002